# TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0 ## Mål Bygg ein **enkel lokal web-app** som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service. Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit **2-av-3 multisig-oppsett** med tre nøklar (namn og type blir konfigurerte ved første oppstart, §23.2): - Nøkkel 1: SeedSigner - Nøkkel 2: Blockstream Jade - Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk Appen skal **berre registrere resultat og historikk**. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar. Denne `TODO.md` er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP. **Om dokumentet:** §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. §19–§22 er eit kort vedlegg med dei fire avgjerdene som vart tekne undervegs, alle innarbeidde i §1–§18. §23 (konfigurerbart nøkkeloppsett) og §24 (obligatoriske val, fjerning av BIP327/SLIP39, ny skjemastruktur og skjemaversjon 9) er implementerte og verifiserte. §18 steg 9–12 står att. Den fulle grunngjevinga for kvar avgjerd ligg i git-historikken. ## Språkkrav - [x] Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk. - [x] `TODO.md` kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket. --- # 1. Scope for første versjon ## Dette skal vere med - [x] Ein enkel web-app med dashboard. - [x] Registrering av dei tre nøklane. - [x] Registrering av årleg health check. - [x] Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista. - [x] Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging. - [x] Historikk over gjennomførte health checks. - [x] Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid. - [x] Rapporteksport i CSV-format. - [x] Lokal SQLite-database. - [ ] Persistent lagring på StartOS. - [ ] StartOS health check. - [ ] StartOS backup og restore. ## Dette skal ikkje vere med i første versjon - [ ] Ingen AI-integrasjon i appen. - [ ] Ingen Bitcoin-node-integrasjon. - [ ] Ingen Bitcoin-signering. - [ ] Ingen PSBT-generering eller signering. - [ ] Ingen seed phrase-lagring. - [ ] Ingen private key-lagring. - [ ] Ingen cloud sync av appdata. - [ ] Ingen ekstern database. - [ ] Ingen PWA/offline-database. - [ ] Ingen kalenderintegrasjon. - [ ] Ingen avansert analyse eller grafar. - [ ] Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP. **Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release. --- # 2. Viktige reglar for appen - [x] Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmelegheiter. - [x] Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald. - [x] Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert. - [x] Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen. - [x] Appen skal vere lokal og enkel. - [x] Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP. --- # 3. Nøkkeloppsettet appen er bygd for Appen er bygd for eitt 2-av-3 multisig-oppsett. Tabellen under viser standardoppsettet: | Nøkkel | Type | Einheit | |---|---|---| | 1 | Hardware | SeedSigner | | 2 | Hardware | Blockstream Jade | | 3 | Cloud | Nunchuk | - [x] Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet. - [x] Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel. - [x] Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno. - [x] La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ja, via §23.2 — brukaren gir namn og type ved første oppstart, og dei er låste etterpå.) **Merk:** §23.2 erstattar det faste oppsettet i denne seksjonen: kvar nøkkel blir konfigurert ved første oppstart, og namnet brukaren skriv, blir produktnamnet. Tabellen over viser standardoppsettet appen vart bygd for. --- # 4. Datamodell SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte `*` er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt. **`keys`** — dei tre nøkkelplassane. `id`, `key_number` (1–3), `name`, `type` (`hardware`/`cloud`), `created_at`. **`health_checks`** — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19). `id`, `checked_at`, `next_check_due`, `wallet_software`, `software_version`, `software_compatibility_status`, `sparrow_version*`, `nunchuk_version*`, `software_comments`, `contact_info_verified`, `comments`. **`key_checks`** — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending. `id`, `health_check_id`, `key_id`, `available`, `hardware_works`, `firmware_version`, `seed_backup_verified`, `cloud_health_status`, `cloud_provider_operational`, `address_path_verified`, `address_path`, `comments`. **`ai_security_checks`** — KI-sikkerheitsstatus per leverandør. `id`, `health_check_id`, `provider`, `status`, `comments`. Reglar: - [x] `hardware_works`, `firmware_version` og `seed_backup_verified` er berre relevante for hardware-nøklar. - [x] `cloud_health_status` og `cloud_provider_operational` er berre relevante for cloud-nøklar, og blir ikkje spurt om (§20). - [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` har berre verdiane `OK` eller `PROBLEM`, og er obligatoriske når `available` er Ja. - [x] `address_path` lagrar den verifiserte adressestien. - [x] Når `available` er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For ein cloud-nøkkel blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20). - [x] `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna (§19). - [x] Når `available` er Nei, blir `wallet_software` og `ai_security_checks` ikkje registrerte i det heile (§22). - [x] `name` og `type` i `keys` blir lagra éin gong ved første oppstart og er låste etterpå (§23.2). - [x] `provider` lagrar det konfigurerte nøkkelnamnet og den valde programvara, ikkje faste produktnamn (§23.3). - [x] `wallet_software` og `contact_info_verified` er fri tekst; dei faste listene er fjerna (§23.1, §23.3). - [x] `device`-kolonnen er fjerna; det konfigurerte namnet er den einaste produktetikketten (§23.2). - [x] `hardware_works` er obligatorisk (`0` eller `1`) for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel (§24.1). - [x] `contact_info_verified` er obligatorisk og har ingen «not assessed»-verdi (§24.1). - [x] `tool_checks`-tabellen er fjerna (§24.2, §24.4). --- # 5. Statusverdiar - [x] Generelle kontrollar brukar `OK` eller `PROBLEM`. `NOT_ASSESSED` finst berre som den utleidde verdien for `software_compatibility_status` når nøkkelen er utilgjengeleg, og ingen andre felt tilbyr eller godtar han (§24.1). - [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` brukar berre `OK` eller `PROBLEM`. - [x] KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig `SECURE`, `PATCHED`, `VULNERABLE` og `COMPROMISED`. Ingen andre. - [x] Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI. - [x] Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat. - [x] Kontaktstadfesting brukar `Confirmed current` eller `Needs external update` i staden for Ja/Nei (§23.1). - [x] `Software compatibility` krev eit aktivt val (`OK` / `PROBLEM`) for ein hardware-nøkkel (§23.1). - [x] `Hardware works` krev eit aktivt val (`Yes` / `No`) for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel (§24.1). - [x] Kontaktstadfesting er obligatorisk og har ingen «not assessed»-verdi (§24.1). - [x] BIP327- og SLIP39-statusane er fjerna saman med funksjonen sin (§24.2). --- # 6. Årleg health check — steg for steg Stega følgjer seksjonane i skjemaet. ## Steg 1 — Schedule (01 / Schedule) - [x] Brukaren trykkjer `Start årleg health check`. - [x] Dagens dato blir føreslått automatisk. - [x] Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet. ## Steg 2 — Key (02 / Key) - [x] Brukaren vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19). Ei innsending gjeld éin nøkkel. - [x] `Availability` er obligatorisk: Ja eller Nei (§22). ### Hardware-nøkkel - [x] Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg. - [x] `Hardware works` er obligatorisk: Ja eller Nei (§24.1). - [x] Registrer firmware-versjon. - [x] Seed-backup intakt og stemmer med hardware → `seed_backup_verified` (`OK` / `PROBLEM`). - [x] Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`. - [x] Kommentar ved behov. - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22). ### Cloud-nøkkel - [x] Berre `Availability` blir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20). - [x] Verifiser relevant adresse/oppsett → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`. - [x] Kommentar ved behov. ## Steg 3 — Compatibility (03 / Compatibility) - [x] Brukaren vel éi wallet-programvare: `Sparrow Wallet` eller namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel. Ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn (§23.3). - [x] Registrer versjonen til den valde programvara i `software_version`. - [x] Registrer `OK` eller `PROBLEM`, med kommentar ved problem. - [x] For ein cloud-nøkkel er feltet skjult og utleidd (§20). - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22). ## Steg 4 — External research (04 / External research) - [x] Leverandørar per innsending: den valde nøkkelen (ved namn) og den valde programvara (§23.3). - [x] Registrer status (`SECURE` / `PATCHED` / `VULNERABLE` / `COMPROMISED`) og ein kort kommentar. - [x] Berre den valde nøkkelen og den valde programvara blir registrerte; vidareføringa av ein tredje leverandør (§20) er fjerna (§23.3). - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22). - [x] Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP. ## Steg 5 — Contact confirmation (05 / Contact confirmation) - [x] Stadfest at kontaktinformasjonen til nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen er gyldig, og lagre berre statusen (§23.1). - [x] Stadfestinga er obligatorisk: `Confirmed current` eller `Needs external update` (§24.1). Ho blir spurt om også når nøkkelen er utilgjengeleg. - [x] Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald. ## Steg 6 — Notes (06 / Notes) - [x] Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst. ## Oppsummering før lagring (Review-panelet) - [x] Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde verdiar merkte som nettopp det (§20). - [x] Brukaren må trykkje `Lagre health check` for å lagre kontrollen. --- # 7. Varsel og oppfølging - [x] Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For ein cloud-nøkkel eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20). - [x] Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware. - [x] Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg. - [x] Cloud-helse `PROBLEM` eller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg. - [x] Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg. - [x] Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast. - [x] KI-status `VULNERABLE` → firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp. - [x] KI-status `COMPROMISED` → nøkkeltapsprosedyren må følgjast. - [x] Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen. - [x] Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same `code` og `source`) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21). - [x] Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv. --- # 8. Dashboard - [x] Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane. - [x] Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19). - [x] Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren. - [x] Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21). - [x] Knapp `Start årleg health check`, lenke `Historikk` og lenke `Download CSV`. - [x] Vis oppsettsteget i staden for dashboardet når nøkkeloppsettet manglar (§23.2). --- # 9. Historikk - [x] Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19). - [x] Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, KI-status og kommentarar. - [x] Gamle health checks blir aldri overskrivne. --- # 10. Rapporteksport - [x] `GET /api/export` gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet. - [x] Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen `Check id` knyter saman rader frå same innsending. - [x] Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar. - [x] Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som `SeedSigner: VULNERABLE; Sparrow Wallet: SECURE`. - [x] Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21). - [x] Nøkkelnamnet og nøkkeltypen kjem frå oppsettet (§23.3). --- # 11. Backend - [x] SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 9 (§21, §23.1, §23.4, §24.4). - [x] Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport. - [x] Varsellogikken (§7). - [x] Health endpoint. Minimumsendepunkt: - [x] `GET /health` - [x] `GET /api/keys` - [x] `GET /api/health-checks` - [x] `GET /api/health-checks/:id` - [x] `POST /api/health-checks` - [x] `GET /api/export` **Merk:** `GET /api/setup`, `POST /api/setup`, `GET /api/key-status`, `GET /api/previous-values` og `GET /api/alerts` er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi oppsettsteget, dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno. - [x] `POST /api/health-checks` krev éin konfigurert nøkkel, `available` og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22). - [x] `POST /api/health-checks` krev ikkje programvare eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22). - [x] `POST /api/setup` lagrar nøkkeloppsettet éin gong, krev unike og ikkje-tømme namn, og avviser eit nytt oppsett med `409` (§23.2). --- # 12. Frontend - [x] Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet. - [x] Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi. - [x] Vis problem tydeleg. - [x] Vis kva som står att før ein health check kan lagrast. - [x] Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21). - [x] Skjul programvare og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22). - [x] Eige oppsettsteg for namn og type ved første oppstart (§23.2). - [x] Bygg `Wallet software`-vala frå oppsettet i staden for ei fast liste (§23.3). - [x] Følg den nye seksjonsrekkjefølgja: 01 Schedule, 02 Key, 03 Compatibility, 04 External research, 05 Contact confirmation, 06 Notes (§24.3). - [ ] Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser. --- # 13. StartOS 0.4.0 Bygg appen som éin enkel StartOS-service. ```text StartOS 0.4.0 └── Helsesjekk ├── Web UI ├── Backend/API ├── SQLite └── Persistent data ``` - [ ] Opprett StartOS package. - [ ] Opprett manifest. - [ ] Opprett service-definisjon. - [ ] Opprett HTTP web-interface. - [ ] Opprett persistent volume. - [ ] Opprett health check. - [ ] Opprett backup-oppsett. - [ ] Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar. - [ ] Bygg `.s9pk`. - [ ] Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0. Unngå: - [ ] Ingen Postgres. - [ ] Ingen Redis. - [ ] Ingen ekstern backend. - [ ] Ingen ekstern cloud-service for appdata. - [ ] Ingen ekstra container utan konkret behov. **Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release. --- # 14. Lagring og backup - [ ] SQLite-database skal liggje på persistent volum. - [ ] Appdata skal overleve restart. - [ ] Konfigurer StartOS backup av persistent data. - [ ] Test backup. - [ ] Test restore. - [ ] Verifiser at gamle health checks finst etter restore. --- # 15. Sikkerheit og personvern - [x] Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen. - [x] Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som status (`Confirmed current` / `Needs external update`). - [x] Valider input på serveren. - [x] Bruk parameteriserte SQL-spørringar. - [x] Ikkje implementer eigen kryptografi. - [x] Ikkje send data til eksterne tenester i MVP. --- # 16. Testing ## Funksjonstest - [ ] Opprett dei tre nøklane. - [ ] Start health check. - [ ] Fullfør alle kontrollpunkt. - [ ] Lagre health check. - [ ] Vis han i historikken. - [ ] Start ny health check. - [ ] Verifiser at gammal kontroll framleis finst. ## Problemtest - [ ] Test nøkkel utilgjengeleg. - [ ] Test hardware-feil. - [ ] Test seed-backup-feil. - [ ] Test adresseverifiseringsfeil. - [ ] Test programvare-inkompatibilitet. - [ ] Test at `Hardware works` krev eit val. - [ ] Test at kontaktstadfesting krev eit val. - [ ] Test KI-status `VULNERABLE`. - [ ] Test KI-status `COMPROMISED`. - [ ] Test kontaktinfo `Needs external update`. ## StartOS-test - [ ] Installer `.s9pk` på StartOS 0.4.0. - [ ] Start service. - [ ] Opne web UI. - [ ] Utfør ein komplett test-check. - [ ] Restart service. - [ ] Verifiser at data framleis finst. - [ ] Ta backup. - [ ] Restore backup. - [ ] Verifiser data etter restore. --- # 17. Ferdigkriterium for første release Før første release skal alle desse vere oppfylte: - [ ] Appen køyrer på StartOS 0.4.0. - [ ] Dei tre nøklane er representerte i appen. - [ ] Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren. - [ ] Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast. - [ ] KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED. - [ ] Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen. - [ ] Problem gir tydelege varsel. - [ ] Neste sjekk blir lagra. - [ ] Historikk fungerer. - [ ] CSV-rapport kan eksporterast. - [ ] Data overlever restart. - [ ] Backup og restore fungerer. - [ ] Ingen wallet-hemmelegheiter blir lagra. --- # 18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar: - [x] 1. Opprett grunnleggande web-app. - [x] 2. Opprett SQLite og datamodellen. - [x] 3. Implementer dei tre nøklane. - [x] 4. Implementer health check-skjemaet. - [x] 5. Implementer lagring og historikk. - [x] 6. Implementer varsellogikken. - [x] 7. Implementer dashboard. - [x] 8. Implementer rapporteksport. - [ ] 9. Implementer StartOS package. - [ ] 10. Implementer persistent storage og backup. - [ ] 11. Test restart og restore. - [ ] 12. Bygg endeleg `.s9pk` og gjer første release. **Merk:** steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert. **Merk:** §23 og §24 er implementerte og verifiserte. Steg 9–12 er ikkje starta. **Testar:** 178 grøne testar. Køyr `python3 -m unittest discover -s tests`. **Hovudregel:** Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista. --- # 19–22. Vedtekne avgjerder (implementerte og verifiserte) Desse fire vart tekne undervegs og er no innarbeidde i §1–§18. Kvar referanse i §1–§18 peikar på avsnittet nedanfor. Den fulle grunngjevinga ligg i git-historikken. §23 og §24 endra enkelte av detaljane etterpå; det står i så fall i parentes. **§19 — registrering per nøkkel.** Ei innsending gjeld **éin vald nøkkel**, ikkje alle tre. Brukaren vel éi wallet-programvare med eitt versjonsfelt. `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna. Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist. (§23.3 endra vala: `Sparrow Wallet` pluss namnet på kvar cloud-nøkkel, og ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn.) **§20 — skjulte felt som blir utleidde.** Ein cloud-nøkkel samlar berre `Availability`; cloud-helse, «leverandøren er i drift» og kompatibilitet blir utleidde. Førre lagra verdi blir fylt inn i feltet. Alt utleidd blir lista i Review-oppsummeringa, merkt som nettopp det. (§23.1 gjorde den førre verdien til ein vanleg input-verdi i staden for ein placeholder, og §23.3 fjerna vidareføringa av ein tredje leverandør.) **§21 — engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel.** `IKKJE_VURDERT` → `NOT_ASSESSED`. Skjema versjon 6 (no versjon 9, §23.4 og §24.4): kvar råka tabell blir bygd opp att med `PRAGMA foreign_keys = OFF` og `PRAGMA foreign_key_check` før commit. `Address path` blir berre vist og lagra når verifiseringa er `OK`. `GET /api/alerts` summerer alle lagra kontrollar, med `check_id` og `checked_at`, slår saman like varsel og listar kritiske først. «Helsesjekk» og `data/helsesjekk.sqlite3` er dokumenterte unntak frå engelskregelen. **§22 — utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt.** `Availability` er obligatorisk med berre Ja/Nei. Når han er Nei, blir programvare og KI-status skjulte og ikkje kravde, og dei må vere tomme i POST — elles svarar serveren `400`. Det blir ikkje lagra nokon slike rader, `wallet_software` er `NULL`, og `software_compatibility_status` blir `NOT_ASSESSED`. Ein cloud-nøkkel held fram med dei utleidde cloud-verdiane sine og gir det samanslåtte varselet. Databasen kravde inga endring. ## Framtidig arbeid, ikke no - [ ] Ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på. --- # 23. Konfigurerbart nøkkeloppsett (implementert og verifisert) Avtalt 02.10.2026, implementert og verifisert før steg 9–12 i §18. Reglane står i §3–§6; dette er berre eit kort samandrag, så fila er lett å lese. - Kvar nøkkel blir konfigurert éin gong ved første oppstart: namn og type (`hardware`/`cloud`), låste etterpå. Namna må vere unike. - Namnet brukaren skriv er produktetiketten overalt: skjema, varsel, historikk og CSV-eksport. Nøkkelnummeret blir vist saman med namnet der det trengst, t.d. `Key 1: ColdCard`. - Nøkkeltypen styrer kontrollane, aldri nøkkelnummeret. Ein cloud-nøkkel følgjer Nunchuk-modellen med det konfigurerte namnet. - `Wallet software`-vala er `Sparrow Wallet` pluss namnet på kvar konfigurert cloud-nøkkel. Namn på hardware-nøklar er aldri eit software-val. - Oppsettet blir lagra i SQLite saman med historikken. Nye databasar får eit oppsettsteg; eksisterande databasar blir migrerte frå nøkkelradene sine. Ei uleseleg database gir ein feil og blir ikkje behandla som ny. - Skjemafiksar: `Firmware version`, `Address path` og `Software version` blir fylte med førre lagra verdi som ein vanleg input-verdi; `Software compatibility` krev eit aktivt val; kontaktspørsmålet gjeld berre nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen, med verdiane `Confirmed current` / `Needs external update`. - Skjemaversjon 8 då §23 vart ferdig (§24.4 tok han til 9), og 178 grøne testar. Nye endepunkt: `GET /api/setup` og `POST /api/setup`. - Verifisert med testsuiten. Nettlesarflytane og migreringa av ein verkeleg eldre database står att som manuelle testar i §16. ## Framtidig arbeid, ikke no - [ ] Fleire enn tre nøklar, og andre tersklar enn 2-av-3. - [ ] Ei brukardefinert liste over wallet-programvare, slik at brukaren kan leggje inn si eiga liste. --- # 24. Avtalt arbeid før StartOS-pakken (implementert og verifisert) Avtalt 03.10.2026, implementert og verifisert før steg 9–12 i §18. Der §24 seier noko anna enn §3–§12, gjeld §24. 24.2 og 24.4 vart gjorde i same runde, slik at skjemaversjonen gjekk til 9 med ein gong. **§24.1 — obligatoriske val.** `Hardware works` og kontaktstadfestinga er obligatoriske val med `Select status` som første, ugyldige alternativ. Kravet for `Hardware works` fell bort når nøkkelen er utilgjengeleg; kontaktstadfestinga blir spurt om uansett. Serveren avviser manglande verdi med `400`. `NOT_ASSESSED` finst berre som den utleidde `software_compatibility_status` for ein utilgjengeleg nøkkel. Databasen kravde inga endring. **§24.2 — BIP327/SLIP39 er fjerna.** Skjema, validering, varsel, historikk, CSV-kolonnar og `tool_checks`-tabellen med dataa sine er borte. Appen kan ikkje lenger registrere, vise eller eksportere slike resultat. Grunngjeving: appen skal haldast enkel og ryddig. **§24.3 — skjemastruktur.** Rekkjefølgja er 01 Schedule, 02 Key, 03 Compatibility, 04 External research, 05 Contact confirmation, 06 Notes. `04 / Standards` er borte, og seksjonane etter er omnummererte. **§24.4 — datamodell og migrering.** Skjemaversjon 9. Migreringa droppar `tool_checks` med `PRAGMA foreign_keys = OFF` og `PRAGMA foreign_key_check` før commit. `tool_checks` er ei barnetabell, så droppet krev inga omskriving av `health_checks`, og alle andre tabellar er uendra. **§24.5 — testar og dokumentasjon.** Testane for BIP327/SLIP39 er fjerna, testar for dei obligatoriske vala (både i skjemaet og på serveren) og for migrering av ein database med `tool_checks` til versjon 9 er lagde til, og `README.md` er oppdatert. 178 grøne testar.