# TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0 ## Mål Bygg ein **enkel lokal web-app** som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service. Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit fast **2-av-3 multisig-oppsett** med tre nøklar: - Nøkkel 1: SeedSigner - Nøkkel 2: Blockstream Jade - Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk Appen skal **berre registrere resultat og historikk**. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar. Denne `TODO.md` er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP. **Om dokumentet:** §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. §19–§22 er avgjerder som vart vedtekne undervegs, alle implementerte og verifiserte, og som er innarbeidde i §1–§18. Dei står att nedst som ein kort historikk over kva som vart endra og kvifor. ## Språkkrav - [x] Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk. - [x] `TODO.md` kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket. --- # 1. Scope for første versjon ## Dette skal vere med - [x] Ein enkel web-app med dashboard. - [x] Registrering av dei tre nøklane. - [x] Registrering av årleg health check. - [x] Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista. - [x] Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging. - [x] Historikk over gjennomførte health checks. - [x] Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid. - [x] Rapporteksport i CSV-format. - [x] Lokal SQLite-database. - [ ] Persistent lagring på StartOS. - [ ] StartOS health check. - [ ] StartOS backup og restore. ## Dette skal ikkje vere med i første versjon - [ ] Ingen AI-integrasjon i appen. - [ ] Ingen Bitcoin-node-integrasjon. - [ ] Ingen Bitcoin-signering. - [ ] Ingen PSBT-generering eller signering. - [ ] Ingen seed phrase-lagring. - [ ] Ingen private key-lagring. - [ ] Ingen cloud sync av appdata. - [ ] Ingen ekstern database. - [ ] Ingen PWA/offline-database. - [ ] Ingen kalenderintegrasjon. - [ ] Ingen avansert analyse eller grafar. - [ ] Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP. **Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release. --- # 2. Viktige reglar for appen - [x] Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter. - [x] Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald. - [x] Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert. - [x] Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen. - [x] Appen skal vere lokal og enkel. - [x] Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP. --- # 3. Fast oppsett som appen skal støtte Appen skal starte med eitt fast multisig-oppsett: | Nøkkel | Type | Einheit | |---|---|---| | 1 | Hardware | SeedSigner | | 2 | Hardware | Blockstream Jade | | 3 | Cloud | Nunchuk | - [x] Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet. - [x] Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel. - [x] Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno. - [ ] La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ikkje no — faste namn er nok for MVP.) --- # 4. Datamodell SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte `*` er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt. **`keys`** — dei tre faste nøklane. `id`, `key_number` (1–3), `name`, `type` (`hardware`/`cloud`), `device` (SeedSigner / Blockstream Jade / Nunchuk), `created_at`. **`health_checks`** — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19). `id`, `checked_at`, `next_check_due`, `wallet_software`, `software_version`, `software_compatibility_status`, `sparrow_version*`, `nunchuk_version*`, `software_comments`, `contact_info_verified`, `comments`. **`key_checks`** — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending. `id`, `health_check_id`, `key_id`, `available`, `hardware_works`, `firmware_version`, `seed_backup_verified`, `cloud_health_status`, `cloud_provider_operational`, `address_path_verified`, `address_path`, `comments`. **`tool_checks`** — BIP327/SLIP39, maks to rader per innsending (§19). `id`, `health_check_id`, `product`, `bip327_status`, `slip39_status`, `version*`, `checked_at*`, `notes*`. **`ai_security_checks`** — KI-sikkerheitsstatus per leverandør. `id`, `health_check_id`, `provider`, `status`, `comments`. Reglar: - [x] `hardware_works`, `firmware_version` og `seed_backup_verified` er berre relevante for nøkkel 1 og 2. - [x] `cloud_health_status` og `cloud_provider_operational` er berre relevante for nøkkel 3, og blir ikkje spurt om (§20). - [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` har berre verdiane `OK` eller `PROBLEM`, og er obligatoriske når `available` er Ja. - [x] `address_path` lagrar den verifiserte adressestien. - [x] Når `available` er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For nøkkel 3 blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20). - [x] `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna (§19). - [x] Når `available` er Nei, blir `wallet_software`, `tool_checks` og `ai_security_checks` ikkje registrerte i det heile (§22). --- # 5. Statusverdiar - [x] Generelle kontrollar brukar `OK`, `PROBLEM` eller `NOT_ASSESSED`. - [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` brukar berre `OK` eller `PROBLEM`. - [x] BIP327- og SLIP39-statusane brukar `YES`, `NO` eller `NOT_ASSESSED` (§21). - [x] KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig `SECURE`, `PATCHED`, `VULNERABLE` og `COMPROMISED`. Ingen andre. - [x] Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI. - [x] Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat. --- # 6. Årleg health check — steg for steg ## Steg 1 — Start kontroll - [x] Brukaren trykkjer `Start årleg health check` og vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19). - [x] `Availability` er obligatorisk: Ja eller Nei (§22). - [x] Dagens dato blir føreslått automatisk. - [x] Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet. ## Steg 2 — Nøkkel 1: SeedSigner - [x] Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg. - [x] Hardware fungerer / fungerer ikkje. - [x] Registrer firmware-versjon. - [x] Seed-backup intakt og stemmer med hardware → `seed_backup_verified` (`OK` / `PROBLEM`). - [x] Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`. - [x] Kommentar ved behov. - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22). ## Steg 3 — Nøkkel 2: Blockstream Jade - [x] Same kontrollar som for nøkkel 1: tilgjengeleg, hardware fungerer, firmware-versjon, seed-backup (`seed_backup_verified`), adresse og sti (`address_path_verified`, `address_path`), kommentar. - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22). ## Steg 4 — Nøkkel 3: Nunchuk sky-nøkkel - [x] Berre `Availability` blir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20). - [x] Verifiser relevant adresse/oppsett → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`. - [x] Kommentar ved behov. ## Steg 5 — Programvare-kompatibilitet - [x] Brukaren vel éi wallet-programvare: `Sparrow Wallet` eller `Nunchuk`. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk. - [x] Registrer versjonen til den valde programvara i `software_version`. - [x] Registrer `OK` eller `PROBLEM`, med kommentar ved problem. - [x] For nøkkel 3 er feltet skjult og utleidd (§20). - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22). ## Steg 6 — BIP327 / SLIP39 - [x] Registrer `bip327_status` og `slip39_status` for nøkkelproduktet og den valde programvara: maks to rader, utan duplikat, og éi rad for nøkkel 3. - [x] Verdiane er `YES`, `NO` eller `NOT_ASSESSED` (§21). - [x] «Version checked», «Date checked» og «Notes or source» er tekne ut. - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen rader registrerte (§22). ## Steg 7 — KI-sikkerheitsstatus - [x] Leverandørar per innsending: nøkkel 1 → SeedSigner, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 2 → Blockstream Jade, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 3 → Nunchuk åleine. - [x] Registrer status (`SECURE` / `PATCHED` / `VULNERABLE` / `COMPROMISED`) og ein kort kommentar. - [x] For nøkkel 1 og 2 blir berre nøkkelproduktet og den valde programvara vist; den tredje leverandøren blir vidareført (§20). - [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22). - [x] Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP. ## Steg 8 — Kontaktinfo - [x] Stadfest at kontaktinformasjonen til alle nøkkelhaldarane er gyldig, og lagre berre Ja / Nei. - [x] Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald. ## Steg 9 — Kommentar - [x] Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst. ## Steg 10 — Oppsummering - [x] Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde eller vidareførte verdiar merkte som nettopp det (§20). - [x] Brukaren må trykkje `Lagre health check` for å lagre kontrollen. --- # 7. Varsel og oppfølging - [x] Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For nøkkel 3 eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20). - [x] Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware. - [x] Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg. - [x] Cloud-helse `PROBLEM` eller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg. - [x] Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg. - [x] Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast. - [x] BIP327-status `YES` → framtidig BIP327-oppgradering kan vurderast (§21). - [x] SLIP39-status `YES` → framtidig SLIP39-aktivering kan vurderast (§21). - [x] KI-status `VULNERABLE` → firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp. - [x] KI-status `COMPROMISED` → nøkkeltapsprosedyren må følgjast. - [x] Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen. - [x] Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same `code` og `source`) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21). - [x] Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv. --- # 8. Dashboard - [x] Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane. - [x] Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19). - [x] Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren. - [x] Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21). - [x] Knapp `Start årleg health check`, lenke `Historikk` og lenke `Download CSV`. --- # 9. Historikk - [x] Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19). - [x] Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, BIP327/SLIP39, KI-status og kommentarar. - [x] Gamle health checks blir aldri overskrivne. --- # 10. Rapporteksport - [x] `GET /api/export` gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet. - [x] Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen `Check id` knyter saman rader frå same innsending. - [x] Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, BIP327/SLIP39, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar. - [x] Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som `SeedSigner: YES; Sparrow Wallet: NO`. - [x] Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21). --- # 11. Backend - [x] SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 6 (§21). - [x] Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport. - [x] Varsellogikken (§7). - [x] Health endpoint. Minimumsendepunkt: - [x] `GET /health` - [x] `GET /api/keys` - [x] `GET /api/health-checks` - [x] `GET /api/health-checks/:id` - [x] `POST /api/health-checks` - [x] `GET /api/export` **Merk:** `GET /api/key-status`, `GET /api/previous-values` og `GET /api/alerts` er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno. - [x] `POST /api/health-checks` krev éin konfigurert nøkkel, `available` og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22). - [x] `POST /api/health-checks` krev ikkje programvare, standardar eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22). --- # 12. Frontend - [x] Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet. - [x] Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi. - [x] Vis problem tydeleg. - [x] Vis kva som står att før ein health check kan lagrast. - [x] Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21). - [x] Skjul programvare, standardar og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22). - [ ] Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser. --- # 13. StartOS 0.4.0 Bygg appen som éin enkel StartOS-service. ```text StartOS 0.4.0 └── Helsesjekk ├── Web UI ├── Backend/API ├── SQLite └── Persistent data ``` - [ ] Opprett StartOS package. - [ ] Opprett manifest. - [ ] Opprett service-definisjon. - [ ] Opprett HTTP web-interface. - [ ] Opprett persistent volume. - [ ] Opprett health check. - [ ] Opprett backup-oppsett. - [ ] Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar. - [ ] Bygg `.s9pk`. - [ ] Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0. Unngå: - [ ] Ingen Postgres. - [ ] Ingen Redis. - [ ] Ingen ekstern backend. - [ ] Ingen ekstern cloud-service for appdata. - [ ] Ingen ekstra container utan konkret behov. **Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release. --- # 14. Lagring og backup - [ ] SQLite-database skal liggje på persistent volum. - [ ] Appdata skal overleve restart. - [ ] Konfigurer StartOS backup av persistent data. - [ ] Test backup. - [ ] Test restore. - [ ] Verifiser at gamle health checks finst etter restore. --- # 15. Sikkerheit og personvern - [x] Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen. - [x] Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som verifisert / ikkje verifisert. - [x] Valider input på serveren. - [x] Bruk parameteriserte SQL-spørringar. - [x] Ikkje implementer eigen kryptografi. - [x] Ikkje send data til eksterne tenester i MVP. --- # 16. Testing ## Funksjonstest - [ ] Opprett dei tre nøklane. - [ ] Start health check. - [ ] Fullfør alle kontrollpunkt. - [ ] Lagre health check. - [ ] Vis han i historikken. - [ ] Start ny health check. - [ ] Verifiser at gammal kontroll framleis finst. ## Problemtest - [ ] Test nøkkel utilgjengeleg. - [ ] Test hardware-feil. - [ ] Test seed-backup-feil. - [ ] Test adresseverifiseringsfeil. - [ ] Test programvare-inkompatibilitet. - [ ] Test BIP327-resultat. - [ ] Test SLIP39-resultat. - [ ] Test KI-status `VULNERABLE`. - [ ] Test KI-status `COMPROMISED`. - [ ] Test kontaktinfo `NEI`. ## StartOS-test - [ ] Installer `.s9pk` på StartOS 0.4.0. - [ ] Start service. - [ ] Opne web UI. - [ ] Utfør ein komplett test-check. - [ ] Restart service. - [ ] Verifiser at data framleis finst. - [ ] Ta backup. - [ ] Restore backup. - [ ] Verifiser data etter restore. --- # 17. Ferdigkriterium for første release Før første release skal alle desse vere oppfylte: - [ ] Appen køyrer på StartOS 0.4.0. - [ ] Dei tre nøklane er representerte i appen. - [ ] Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren. - [ ] Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast. - [ ] BIP327/SLIP39 kan registrerast for SeedSigner, Blockstream Jade, Nunchuk og Sparrow. - [ ] KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED. - [ ] Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen. - [ ] Problem gir tydelege varsel. - [ ] Neste sjekk blir lagra. - [ ] Historikk fungerer. - [ ] CSV-rapport kan eksporterast. - [ ] Data overlever restart. - [ ] Backup og restore fungerer. - [ ] Ingen wallet-hemmeligheiter blir lagra. --- # 18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar: - [x] 1. Opprett grunnleggande web-app. - [x] 2. Opprett SQLite og datamodellen. - [x] 3. Implementer dei tre faste nøklane. - [x] 4. Implementer health check-skjemaet. - [x] 5. Implementer lagring og historikk. - [x] 6. Implementer varsellogikken. - [x] 7. Implementer dashboard. - [x] 8. Implementer rapporteksport. - [ ] 9. Implementer StartOS package. - [ ] 10. Implementer persistent storage og backup. - [ ] 11. Test restart og restore. - [ ] 12. Bygg endeleg `.s9pk` og gjer første release. **Merk:** steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert. **Testar:** 123 grøne testar etter §22. Køyr `python3 -m unittest discover -s tests`. **Hovudregel:** Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista. --- # 19. Avgjerd (implementert og verifisert): registrering per nøkkel Overstyrer kravet om at alle nøklane må registrerast i same innsending. Eksisterande historiske data er bevarte. Endra §4, §6, §7, §8, §9, §10 og §11. - [x] Ei innsending gjeld kontrollen av **éin vald nøkkel**, ikkje alle tre. - [x] Alle nøkkelkontrollar og nøkkelnotat i innsendinga gjeld berre den valde nøkkelen. - [x] Brukaren vel sjekkdato. Neste sjekkdato blir rekna på serveren som eitt kalenderår etterpå, og kan ikkje redigerast. - [x] Brukaren vel éi wallet-programvare: `Sparrow Wallet` eller `Nunchuk`. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk. Eitt programvarefelt og eitt versjonsfelt erstattar dei separate versjonsfelta. - [x] BIP327/SLIP39 blir registrert for nøkkelproduktet pluss vald programvare, utan duplikat: maks to rader, éi rad for nøkkel 3. - [x] Security status følgjer vald nøkkel: nøkkelproduktet og vald programvare, og for nøkkel 3 berre Nunchuk — éin gong. - [x] `seed_backup_verified` (nøkkel 1 og 2) og `address_path_verified` er `OK`/`PROBLEM` og obligatoriske når nøkkelen er tilgjengeleg. - [x] `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna. Sjekkpunktet «Verifiser derivasjonshøgd» blir dekt av `address_path`. - [x] Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist. --- # 20. Avgjerd (implementert og verifisert): skjulte felt som blir utleidde eller vidareførte Endra §4, §6 (steg 4, 5, 7 og 10), §7, §11 og §19. - [x] Nøkkel 3 samlar berre `Availability`. `Cloud health check` og `Provider operational` er fjerna frå skjemaet og blir utleidde: Ja → `cloud_health_status` = `OK` og `cloud_provider_operational` = 1; Nei → `PROBLEM` og 0. Ubesvart → begge tomme. - [x] `Software compatibility` for nøkkel 3 er skjult og utleidd: Ja → `OK`, Nei → `NOT_ASSESSED`. Nøkkel 3 kan difor ikkje lenger gi varselet `software_incompatible`. - [x] For nøkkel 1 og 2 viser `Security status` berre nøkkelproduktet og vald programvare. Den tredje leverandøren er skjult og får siste lagra status — men blir synleg att om den statusen var `VULNERABLE` eller `COMPROMISED`. Manglar han tidlegare status, startar han som `SECURE`. - [x] Dei skjulte verdiane blir framleis sende inn, slik at POST-kontrakten, historikken og eksporten er uendra. - [x] `Firmware version` og `Address path` viser førre lagra verdi som placeholder. `Software version` viser førre verdi berre når same programvare er vald no. - [x] Alle utleidde og vidareførte verdiar blir lista i Review-oppsummeringa, merkte som utleidde eller vidareførte. - [x] Når nøkkel 3 er utilgjengeleg, kjem det **eitt** samanslått kritisk varsel: «This key was not available and the cloud provider is recorded as not operating. Check the provider status and replace the key before continuing; the remaining checks for this key cannot be recorded.» - [x] `cloud_provider_problem` held fram for rader der nøkkelen var tilgjengeleg (gamle rader). - [x] Kolonnane `cloud_health_status`, `cloud_provider_operational` og `software_compatibility_status` er behaldne for gamle rader. --- # 21. Avgjerd (implementert og verifisert): engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel Endra §4, §5, §6 (steg 2, 3 og 6), §7, §8, §10, §11 og §12. - [x] `IKKJE_VURDERT` er bytt til `NOT_ASSESSED` på alle fire kolonnane som brukar han: `health_checks.software_compatibility_status`, `key_checks.cloud_health_status`, `tool_checks.bip327_status` og `tool_checks.slip39_status`. - [x] BIP327- og SLIP39-statusane har verdiane `YES`, `NO` og `NOT_ASSESSED` i staden for `OK`, `PROBLEM` og `IKKJE_VURDERT`. Berre `YES` utløyser varsel; eit rapportert `NO` er eit negativt resultat og gir ingen. - [x] Migreringa mappar gamle rader: `OK` → `YES`, `PROBLEM` → `NO`, `IKKJE_VURDERT` → `NOT_ASSESSED`. Skjemaet går til versjon 6. - [x] Kvar råka tabell blir bygd opp att etter den dokumenterte SQLite-prosedyren. `health_checks` er ein foreldretabell, så migreringa køyrer med `PRAGMA foreign_keys = OFF`, sjekkar `PRAGMA foreign_key_check` før commit og rullar tilbake ved feil. - [x] Skjemaval, validering, varsel, CSV-eksport og testar brukar dei nye verdiane. - [x] `Address path` blir berre vist og lagra når `Address path verified` er `OK`; elles er feltet skjult og tømt. - [x] `GET /api/alerts` summerer varsla frå alle lagra kontrollar, ikkje berre den siste. Kvart varsel har med `check_id` og `checked_at`. - [x] Like varsel (same `code` og `source`) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist, med datoen sin. - [x] Varsla blir lista med dei kritiske først, og deretter nyaste først. Framsida viser alle varsla frå endepunktet. - [x] Produktnamnet «Helsesjekk» og databasefilnamnet `data/helsesjekk.sqlite3` er behaldne og dokumenterte som bevisste unntak frå engelskregelen i `README.md`. - [ ] Framtidig, ikkje no: varsel om at oppsettet kan oppgraderast når alle nøklar og all programvare svarar `YES` på anten BIP327 eller SLIP39. Krev at appen ser på tvers av alle registreringar. - [ ] Framtidig, ikkje no: ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på. --- # 22. Avgjerd (implementert og verifisert): utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt Vedteken etter §21. Endra §4 (reglane for `key_checks`), §6 (steg 1, 5, 6 og 7), §7, §11 og §12. **Bakgrunn:** fram til no kravde skjemaet `Wallet software` og alle `Security status`-felta, og serveren kravde `wallet_software`, `tool_checks` og `ai_security_checks`. Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, finst det ingenting å registrere, så innsendinga vart blokkert utan grunn. Ei innsending som berre seier at nøkkelen mangla, er eit fullgodt resultat og skal gi varselet `key_unavailable`. ## Availability blir obligatorisk - [x] `Availability` har berre verdiane Ja og Nei. «Not assessed» er ikkje eit alternativ. - [x] Serveren krev `available` og avviser ein POST utan det med `400`. ## Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg - [x] `Software compatibility`, `BIP327 and SLIP39 support` og `Security status` er skjulte i skjemaet og blir ikkje kravde. - [x] Innsendinga treng berre `Availability`, nøkkelnotat, kontaktstadfesting og overordna kommentar. - [x] `wallet_software`, `tool_checks` og `ai_security_checks` er tomme. Er dei ikkje tomme, avviser serveren med `400` — data blir ikkje kasta i det stille. - [x] `software_compatibility_status` kan utelatast og blir då lagra som `NOT_ASSESSED`. - [x] Det blir ikkje lagra `tool_checks`- eller `ai_security_checks`-rader, og `wallet_software` er `NULL`. - [x] Nøkkel 3 held fram med å lagre dei utleidde cloud-verdiane sine (§20) og gir det samanslåtte kritiske varselet (§7). ## Uendra - [x] Varselet er framleis `key_unavailable`; det er sjølve poenget med innsendinga. - [x] Databasen kravde ingen kolonneendring, og skjemaet held fram som versjon 6. - [x] Historikk og CSV viser tomt for dei felta som ikkje er registrerte. - [x] Når nøkkelen er tilgjengeleg, er krava uendra. - [x] Kontaktstadfesting og overordna kommentar er framleis valfrie felt. **Merknad:** ein `required`-kontroll inne i ein skjult container blir framleis validert av nettlesaren, så dei tre delane teiknar eit tomt-notat i staden for påkravde felt når nøkkelen er utilgjengeleg. Elles ville skjemaet sett rett ut, men ikkje kunne lagrast.