Files
vardkey/TODO.md
T

18 KiB

TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0

Mål

Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.

Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit fast 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar:

  • Nøkkel 1: SeedSigner
  • Nøkkel 2: Blockstream Jade
  • Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk

Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.

Denne TODO.md er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.

Språkkrav

  • Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
  • TODO.md kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.

1. Scope for første versjon

Dette skal vere med

  • Ein enkel web-app med dashboard.
  • Registrering av dei tre nøklane.
  • Registrering av årleg health check.
  • Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
  • Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
  • Historikk over gjennomførte health checks.
  • Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
  • Rapporteksport i Excel-kompatibelt format.
  • Lokal SQLite-database.
  • Persistent lagring på StartOS.
  • StartOS health check.
  • StartOS backup og restore.

Dette skal ikkje vere med i første versjon

  • Ingen AI-integrasjon i appen.
  • Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
  • Ingen Bitcoin-signering.
  • Ingen PSBT-generering eller signering.
  • Ingen seed phrase-lagring.
  • Ingen private key-lagring.
  • Ingen cloud sync av appdata.
  • Ingen ekstern database.
  • Ingen PWA/offline-database.
  • Ingen kalenderintegrasjon.
  • Ingen avansert analyse eller grafar.
  • Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.

2. Viktige reglar for appen

  • Appen skal aldri spørje etter seed phrase.
  • Appen skal aldri spørje etter private keys.
  • Appen skal aldri lagre PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter.
  • Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast i appen; berre om kontaktinfo er verifisert.
  • Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
  • Appen skal vere lokal og enkel.
  • Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.

3. Fast oppsett som appen skal støtte

Appen skal starte med eitt fast multisig-oppsett:

Nøkkel Type Einheit
1 Hardware SeedSigner
2 Hardware Blockstream Jade
3 Cloud Nunchuk
  • Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
  • Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
  • La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg.
  • Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.

4. Datamodell

Bruk SQLite med så få tabellar som mogleg.

4.1 keys

  • id
  • key_number = 1, 2 eller 3
  • name
  • type = hardware eller cloud
  • device = SeedSigner / Blockstream Jade / Nunchuk
  • created_at

4.2 health_checks

Ein rad/record for kvar årlege health check.

  • id
  • checked_at
  • next_check_due
  • software_compatibility_status
  • sparrow_version
  • nunchuk_version
  • ai_security_status
  • contact_info_verified
  • comments

4.3 key_checks

Eitt record per nøkkel i kvar health check.

  • id
  • health_check_id
  • key_id
  • available
  • hardware_works
  • firmware_version
  • seed_backup_status
  • cloud_health_status
  • cloud_provider_operational
  • address_path_verified
  • address_path
  • comments

Reglar:

  • hardware_works skal vere relevant for nøkkel 1 og 2.
  • firmware_version skal vere relevant for nøkkel 1 og 2.
  • cloud_health_status og cloud_provider_operational skal vere relevante for nøkkel 3.
  • address_path skal kunne lagre den verifiserte adressestien.

4.4 tool_checks

Ein enkel matrise for støtte-kontrollen.

Produkta som skal vurderast:

  • SeedSigner
  • Blockstream Jade
  • Nunchuk
  • Sparrow Wallet

Felt:

  • id
  • health_check_id
  • product
  • bip327_status
  • slip39_status
  • version
  • checked_at
  • notes

5. Statusverdiar

5.1 Generelle kontrollar

Bruk enkle statusar som:

  • OK

  • PROBLEM

  • IKKJE_VURDERT

  • Bruk same statuslogikk i database og UI.

  • Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.

5.2 KI-sikkerheitsstatus

Bruk nøyaktig desse fire verdiane:

  • TRYGG
  • PATCHA
  • SÅRBAR
  • KOMPROMITTERT

Ingen andre sikkerheitsstatusar skal brukast.


6. Årleg health check — steg for steg

Steg 1 — Start kontroll

  • Brukaren trykkjer Start årleg health check.
  • Dagens dato blir føreslått automatisk.
  • Neste sjekk blir føreslått ca. eitt år fram i tid.

Steg 2 — Kontroller nøkkel 1: SeedSigner

  • Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
  • Hardware fungerer / fungerer ikkje.
  • Registrer firmware-versjon.
  • Kontroller seed-backup.
  • Kontroller at backupen er intakt og stemmer med hardware.
  • Verifiser adresse.
  • Verifiser derivasjonshøgd.
  • Verifiser adresse-sti.
  • Kommentar ved behov.

Steg 3 — Kontroller nøkkel 2: Blockstream Jade

  • Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
  • Hardware fungerer / fungerer ikkje.
  • Registrer firmware-versjon.
  • Kontroller seed-backup.
  • Kontroller at backupen er intakt og stemmer med hardware.
  • Verifiser adresse.
  • Verifiser derivasjonshøgd.
  • Verifiser adresse-sti.
  • Kommentar ved behov.

Steg 4 — Kontroller nøkkel 3: Nunchuk sky-nøkkel

  • Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
  • Gjennomfør cloud health check.
  • Verifiser at Nunchuk framleis er i drift.
  • Registrer resultatet av leverandør-kontrollen.
  • Verifiser relevant adresse/oppsett.
  • Kommentar ved behov.

Steg 5 — Programvare-kompatibilitet

  • Registrer Sparrow-versjon dersom Sparrow blir brukt.
  • Registrer Nunchuk-versjon dersom Nunchuk blir brukt.
  • Verifiser at Sparrow og/eller Nunchuk støttar hardware-oppsettet.
  • Registrer OK eller PROBLEM.
  • Legg inn kommentar dersom det er problem.

Steg 6 — BIP327 / SLIP39

Sjekk status for kvart av desse fire produkta:

  • SeedSigner — BIP327
  • SeedSigner — SLIP39
  • Blockstream Jade — BIP327
  • Blockstream Jade — SLIP39
  • Nunchuk — BIP327
  • Nunchuk — SLIP39
  • Sparrow Wallet — BIP327
  • Sparrow Wallet — SLIP39

For kvart resultat:

  • Registrer status.
  • Registrer versjon dersom relevant.
  • Registrer dato.
  • Registrer kommentar/kjelde dersom relevant.

Appen skal berre registrere dette resultatet. Han skal ikkje starte ei oppgradering.

Steg 7 — KI-sikkerheitsstatus

Brukaren skal registrere resultat frå ein ekstern KI-/research-sjekk av leverandørane.

Leverandørar:

  • SeedSigner
  • Blockstream Jade
  • Nunchuk
  • Sparrow Wallet

For kvar leverandør:

  • Registrer status: TRYGG / PATCHA / SÅRBAR / KOMPROMITTERT.
  • Registrer kort kommentar.

Appen skal ikkje kontakte KI sjølv i MVP.

Steg 8 — Kontaktinfo

  • Stadfest at kontaktinformasjonen til alle nøkkelhaldarane er gyldig.
  • Lagre berre JA / NEI.
  • Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.

Steg 9 — Kommentar

  • Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar.
  • Eigne kommentarar per nøkkel der nødvendig.

Steg 10 — Oppsummering

Før lagring skal appen vise:

  • Alle kontrollpunkt.

  • Alle problem.

  • Alle manglande kontrollar.

  • Neste sjekkdato.

  • Eventuelle handlingar som bør følgjast opp.

  • Brukaren må trykkje Lagre health check for å lagre kontrollen.


7. Varsel og oppfølging

Appen skal gi tydelege varsel når resultatet krev handling.

  • Nøkkel ikkje tilgjengeleg → vis at dette krev umiddelbar oppfølging.
  • Hardware fungerer ikkje → vis at seed-backup bør testast på annan kompatibel hardware.
  • Seed-backup manglar eller er øydelagd → vis at PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast.
  • Adresseverifisering feilar → vis at adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt.
  • Programvare støttar ikkje lenger hardware → vis at alternativ programvare/løysing bør vurderast.
  • BIP327-status er positiv → vis at framtidig BIP327-oppgradering kan vurderast.
  • SLIP39-status er positiv → vis at framtidig SLIP39-aktivering kan vurderast.
  • KI-status SÅRBAR → vis at firmware-/sikkerheitsproblem må følgjast opp.
  • KI-status KOMPROMITTERT → vis at nøkkeltapsprosedyre må følgjast.
  • Kontaktinfo er ikkje stadfesta → vis at kontaktinformasjon må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.

Appen skal ikkje automatisk utføre nokon av desse tiltaka.


8. Dashboard

Dashboardet skal vere enkelt.

  • Vis 2-av-3 oppsettet.
  • Vis status for nøkkel 1.
  • Vis status for nøkkel 2.
  • Vis status for nøkkel 3.
  • Vis dato for siste health check.
  • Vis neste health check.
  • Vis aktive varsel.
  • Knapp: Start årleg health check.
  • Knapp/lenke: Historikk.

9. Historikk

  • Vis alle gjennomførte health checks kronologisk.
  • Opne ein health check i read-only-visning.
  • Vis dato.
  • Vis neste sjekk.
  • Vis status per nøkkel.
  • Vis programvarestatus.
  • Vis BIP327/SLIP39-resultat.
  • Vis KI-status.
  • Vis kommentarar.
  • Gamle health checks skal ikkje overskrivast når ein ny blir registrert.

10. Rapporteksport

Rapporten skal kunne brukast i Excel.

  • Implementer XLSX-eksport dersom dette kan gjerast enkelt.
  • Elles implementer CSV med tydeleg dokumentasjon om Excel-kompatibilitet.
  • Eksporter alle nødvendige felt frå health check.
  • Éin gjennomført health check skal kunne identifiserast som éi historisk kontroll.
  • Ta med dato.
  • Ta med nøkkelstatus.
  • Ta med hardware-/firmware-resultat.
  • Ta med seed/cloud-resultat.
  • Ta med adresse-sti.
  • Ta med programvareversjon og kompatibilitet.
  • Ta med BIP327/SLIP39.
  • Ta med KI-status.
  • Ta med kontaktinfo-verifisering.
  • Ta med neste sjekk.
  • Ta med kommentarar.

11. Backend

Vel den enklaste teknologien som passar godt for ein liten lokal web-app.

  • Implementer SQLite.
  • Implementer database-initialisering/migrering.
  • Implementer lagring av nøklar.
  • Implementer lagring av health checks.
  • Implementer historikk.
  • Implementer varsellogikken.
  • Implementer rapporteksport.
  • Implementer health endpoint.

Minimum:

  • GET /health
  • GET /api/keys
  • GET /api/health-checks
  • GET /api/health-checks/:id
  • POST /api/health-checks
  • GET /api/export

12. Frontend

  • Lag enkel responsiv web-UI.
  • Prioriter enkelheit framfor grafisk kompleksitet.
  • Bruk tydelege statusfelt.
  • Bruk faste val der status skal vere ein avgrensa verdi.
  • Vis problem tydeleg.
  • Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
  • Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.

13. StartOS 0.4.0

Bygg appen som éin enkel StartOS-service.

StartOS 0.4.0
└── Helsesjekk
    ├── Web UI
    ├── Backend/API
    ├── SQLite
    └── Persistent data
  • Opprett StartOS package.
  • Opprett manifest.
  • Opprett service-definisjon.
  • Opprett HTTP web-interface.
  • Opprett persistent volume.
  • Opprett health check.
  • Opprett backup-oppsett.
  • Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
  • Bygg .s9pk.
  • Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.

Unngå:

  • Ingen Postgres.
  • Ingen Redis.
  • Ingen ekstern backend.
  • Ingen ekstern cloud-service for appdata.
  • Ingen ekstra container utan konkret behov.

14. Lagring og backup

  • SQLite-database skal liggje på persistent volum.
  • Appdata skal overleve restart.
  • Konfigurer StartOS backup av persistent data.
  • Test backup.
  • Test restore.
  • Verifiser at gamle health checks finst etter restore.

15. Sikkerheit og personvern

  • Ingen seed phrase i database.
  • Ingen private keys i database.
  • Ingen wallet-passord i database.
  • Ingen sky-passord eller tokens i database.
  • Ingen unødvendige personopplysningar.
  • Kontaktinfo blir berre registrert som verifisert/ikkje verifisert.
  • Valider input på serveren.
  • Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
  • Ikkje implementer eigen kryptografi.
  • Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.

16. Testing

Funksjonstest

  • Opprett dei tre nøklane.
  • Start health check.
  • Fullfør alle kontrollpunkt.
  • Lagre health check.
  • Vis han i historikken.
  • Start ny health check.
  • Verifiser at gammal kontroll framleis finst.

Problemtest

  • Test nøkkel utilgjengeleg.
  • Test hardware-feil.
  • Test seed-backup-feil.
  • Test adresseverifiseringsfeil.
  • Test programvare-inkompatibilitet.
  • Test BIP327-resultat.
  • Test SLIP39-resultat.
  • Test KI-status SÅRBAR.
  • Test KI-status KOMPROMITTERT.
  • Test kontaktinfo NEI.

StartOS-test

  • Installer .s9pk på StartOS 0.4.0.
  • Start service.
  • Opne web UI.
  • Utfør ein komplett test-check.
  • Restart service.
  • Verifiser at data framleis finst.
  • Ta backup.
  • Restore backup.
  • Verifiser data etter restore.

17. Ferdigkriterium for første release

Før første release skal alle desse vere oppfylte:

  • Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
  • Dei tre nøklane er representerte i appen.
  • Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
  • Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
  • BIP327/SLIP39 kan registrerast for SeedSigner, Blockstream Jade, Nunchuk og Sparrow.
  • KI-status kan registrerast som TRYGG, PATCHA, SÅRBAR eller KOMPROMITTERT.
  • Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
  • Problem gir tydelege varsel.
  • Neste sjekk blir lagra.
  • Historikk fungerer.
  • Excel-kompatibel rapport kan eksporterast.
  • Data overlever restart.
  • Backup og restore fungerer.
  • Ingen wallet-hemmeligheiter blir lagra.

18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren

Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:

  • 1. Opprett grunnleggande web-app.
  • 2. Opprett SQLite og datamodellen.
  • 3. Implementer dei tre faste nøklane.
  • 4. Implementer health check-skjemaet.
  • 5. Implementer lagring og historikk.
  • 6. Implementer varsellogikken.
  • 7. Implementer dashboard.
  • 8. Implementer rapporteksport.
  • 9. Implementer StartOS package.
  • 10. Implementer persistent storage og backup.
  • 11. Test restart og restore.
  • 12. Bygg endeleg .s9pk og gjer første release.

Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.


19. Ny avgjerd: registrering per nøkkel

Denne delen er den nyaste avgjerda og overstyrer motstridande krav ovanfor om at alle nøklane eller alle produkta må registrerast i same innsending. Eksisterande historiske data skal bevarast.

Kvar innsending

  • Ei innsending skal registrere kontrollen av éin vald nøkkel, ikkje alle tre samtidig.
  • Brukaren skal velje nøkkel 1 (SeedSigner), nøkkel 2 (Blockstream Jade) eller nøkkel 3 (Nunchuk).
  • Alle nøkkelkontrollar og nøkkelnotat i innsendinga skal gjelde berre den valde nøkkelen.
  • Brukaren vel sjekkdato. Neste sjekkdato skal automatisk vere eitt kalenderår etter sjekkdatoen, skal ikkje vere redigerbar i skjemaet, og skal reknast/validerast på serveren.
  • Kontaktstadfesting og overordna kommentar skal framleis kunne registrerast per innsending.

Programvarekompatibilitet

  • Brukaren skal velje éi wallet-programvare: Sparrow eller Nunchuk.
  • Registrer kompatibilitetsstatus og versjonen til den valde programvara for den valde nøkkelen.
  • Fjern dei separate Sparrow- og Nunchuk-versjonsfelta.

BIP327 / SLIP39

  • Registrer berre BIP327-status og SLIP39-status for den valde nøkkelen/produktet i kvar innsending.
  • Fjern «Version checked», «Date checked» og «Notes or source» frå denne delen.
  • Ikkje krev status for dei andre nøklane/produkta i same innsending.

Security status

  • SeedSigner-status skal berre følgje registreringar av nøkkel 1.
  • Blockstream Jade-status skal berre følgje registreringar av nøkkel 2.
  • Nunchuk- og Sparrow-status skal følgje kvar registrering, sidan dei også er wallet-programvare.
  • Ha berre éin Nunchuk-status per innsending. Ved nøkkel 3 gjeld den statusen Nunchuk-programvara og Nunchuk-nøkkelen; ikkje lag to dupliserte statusfelt.
  • Vis og krev berre security status-felt som er relevante for vald nøkkel og programvare. Ikkje krev status for alle tre nøklane i éi innsending.

Lagring, historikk og verifikasjon

  • Knytt nøkkelsjekk, programvarekompatibilitet, BIP327/SLIP39 og relevante security status-resultat til same innsending og vald nøkkel.
  • Oppdater historikkdetaljen slik at han tydeleg viser vald nøkkel og tilhøyrande resultat.
  • Bevar eksisterande lagra registreringar; bruk trygg, bakoverkompatibel databasemigrering dersom datamodellen må endrast.
  • Oppdater servervalidering og testar: ei innsending skal krevje éin konfigurert nøkkel og gyldige, relevante resultat, og avvise manglande eller dupliserte nøkkel-/produktregistreringar og ugyldige programvareval.
  • Test registrering av kvar nøkkel, automatisk neste dato, relevante programvare- og security status-resultat, og at eldre historikk framleis kan lesast.