15 KiB
TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0
Mål
Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.
Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit fast 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar:
- Nøkkel 1: SeedSigner
- Nøkkel 2: Blockstream Jade
- Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk
Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.
Denne TODO.md er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.
Språkkrav
- Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
TODO.mdkan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.
1. Scope for første versjon
Dette skal vere med
- Ein enkel web-app med dashboard.
- Registrering av dei tre nøklane.
- Registrering av årleg health check.
- Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
- Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
- Historikk over gjennomførte health checks.
- Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
- Rapporteksport i Excel-kompatibelt format.
- Lokal SQLite-database.
- Persistent lagring på StartOS.
- StartOS health check.
- StartOS backup og restore.
Dette skal ikkje vere med i første versjon
- Ingen AI-integrasjon i appen.
- Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
- Ingen Bitcoin-signering.
- Ingen PSBT-generering eller signering.
- Ingen seed phrase-lagring.
- Ingen private key-lagring.
- Ingen cloud sync av appdata.
- Ingen ekstern database.
- Ingen PWA/offline-database.
- Ingen kalenderintegrasjon.
- Ingen avansert analyse eller grafar.
- Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.
2. Viktige reglar for appen
- Appen skal aldri spørje etter seed phrase.
- Appen skal aldri spørje etter private keys.
- Appen skal aldri lagre PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter.
- Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast i appen; berre om kontaktinfo er verifisert.
- Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
- Appen skal vere lokal og enkel.
- Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.
3. Fast oppsett som appen skal støtte
Appen skal starte med eitt fast multisig-oppsett:
| Nøkkel | Type | Einheit |
|---|---|---|
| 1 | Hardware | SeedSigner |
| 2 | Hardware | Blockstream Jade |
| 3 | Cloud | Nunchuk |
- Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
- Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
- La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg.
- Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.
4. Datamodell
Bruk SQLite med så få tabellar som mogleg.
4.1 keys
idkey_number= 1, 2 eller 3nametype=hardwareellerclouddevice= SeedSigner / Blockstream Jade / Nunchukcreated_at
4.2 health_checks
Ein rad/record for kvar årlege health check.
idchecked_atnext_check_duesoftware_compatibility_statussparrow_versionnunchuk_versionai_security_statuscontact_info_verifiedcomments
4.3 key_checks
Eitt record per nøkkel i kvar health check.
idhealth_check_idkey_idavailablehardware_worksfirmware_versionseed_backup_statuscloud_health_statuscloud_provider_operationaladdress_path_verifiedaddress_pathcomments
Reglar:
hardware_worksskal vere relevant for nøkkel 1 og 2.firmware_versionskal vere relevant for nøkkel 1 og 2.cloud_health_statusogcloud_provider_operationalskal vere relevante for nøkkel 3.address_pathskal kunne lagre den verifiserte adressestien.
4.4 tool_checks
Ein enkel matrise for støtte-kontrollen.
Produkta som skal vurderast:
- SeedSigner
- Blockstream Jade
- Nunchuk
- Sparrow Wallet
Felt:
idhealth_check_idproductbip327_statusslip39_statusversionchecked_atnotes
5. Statusverdiar
5.1 Generelle kontrollar
Bruk enkle statusar som:
-
OK -
PROBLEM -
IKKJE_VURDERT -
Bruk same statuslogikk i database og UI.
-
Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.
5.2 KI-sikkerheitsstatus
Bruk nøyaktig desse fire verdiane:
TRYGGPATCHASÅRBARKOMPROMITTERT
Ingen andre sikkerheitsstatusar skal brukast.
6. Årleg health check — steg for steg
Steg 1 — Start kontroll
- Brukaren trykkjer
Start årleg health check. - Dagens dato blir føreslått automatisk.
- Neste sjekk blir føreslått ca. eitt år fram i tid.
Steg 2 — Kontroller nøkkel 1: SeedSigner
- Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
- Hardware fungerer / fungerer ikkje.
- Registrer firmware-versjon.
- Kontroller seed-backup.
- Kontroller at backupen er intakt og stemmer med hardware.
- Verifiser adresse.
- Verifiser derivasjonshøgd.
- Verifiser adresse-sti.
- Kommentar ved behov.
Steg 3 — Kontroller nøkkel 2: Blockstream Jade
- Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
- Hardware fungerer / fungerer ikkje.
- Registrer firmware-versjon.
- Kontroller seed-backup.
- Kontroller at backupen er intakt og stemmer med hardware.
- Verifiser adresse.
- Verifiser derivasjonshøgd.
- Verifiser adresse-sti.
- Kommentar ved behov.
Steg 4 — Kontroller nøkkel 3: Nunchuk sky-nøkkel
- Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
- Gjennomfør cloud health check.
- Verifiser at Nunchuk framleis er i drift.
- Registrer resultatet av leverandør-kontrollen.
- Verifiser relevant adresse/oppsett.
- Kommentar ved behov.
Steg 5 — Programvare-kompatibilitet
- Registrer Sparrow-versjon dersom Sparrow blir brukt.
- Registrer Nunchuk-versjon dersom Nunchuk blir brukt.
- Verifiser at Sparrow og/eller Nunchuk støttar hardware-oppsettet.
- Registrer
OKellerPROBLEM. - Legg inn kommentar dersom det er problem.
Steg 6 — BIP327 / SLIP39
Sjekk status for kvart av desse fire produkta:
- SeedSigner — BIP327
- SeedSigner — SLIP39
- Blockstream Jade — BIP327
- Blockstream Jade — SLIP39
- Nunchuk — BIP327
- Nunchuk — SLIP39
- Sparrow Wallet — BIP327
- Sparrow Wallet — SLIP39
For kvart resultat:
- Registrer status.
- Registrer versjon dersom relevant.
- Registrer dato.
- Registrer kommentar/kjelde dersom relevant.
Appen skal berre registrere dette resultatet. Han skal ikkje starte ei oppgradering.
Steg 7 — KI-sikkerheitsstatus
Brukaren skal registrere resultat frå ein ekstern KI-/research-sjekk av leverandørane.
Leverandørar:
- SeedSigner
- Blockstream Jade
- Nunchuk
- Sparrow Wallet
For kvar leverandør:
- Registrer status: TRYGG / PATCHA / SÅRBAR / KOMPROMITTERT.
- Registrer kort kommentar.
Appen skal ikkje kontakte KI sjølv i MVP.
Steg 8 — Kontaktinfo
- Stadfest at kontaktinformasjonen til alle nøkkelhaldarane er gyldig.
- Lagre berre
JA/NEI. - Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.
Steg 9 — Kommentar
- Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar.
- Eigne kommentarar per nøkkel der nødvendig.
Steg 10 — Oppsummering
Før lagring skal appen vise:
-
Alle kontrollpunkt.
-
Alle problem.
-
Alle manglande kontrollar.
-
Neste sjekkdato.
-
Eventuelle handlingar som bør følgjast opp.
-
Brukaren må trykkje
Lagre health checkfor å lagre kontrollen.
7. Varsel og oppfølging
Appen skal gi tydelege varsel når resultatet krev handling.
- Nøkkel ikkje tilgjengeleg → vis at dette krev umiddelbar oppfølging.
- Hardware fungerer ikkje → vis at seed-backup bør testast på annan kompatibel hardware.
- Seed-backup manglar eller er øydelagd → vis at PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast.
- Adresseverifisering feilar → vis at adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt.
- Programvare støttar ikkje lenger hardware → vis at alternativ programvare/løysing bør vurderast.
- BIP327-status er positiv → vis at framtidig BIP327-oppgradering kan vurderast.
- SLIP39-status er positiv → vis at framtidig SLIP39-aktivering kan vurderast.
- KI-status
SÅRBAR→ vis at firmware-/sikkerheitsproblem må følgjast opp. - KI-status
KOMPROMITTERT→ vis at nøkkeltapsprosedyre må følgjast. - Kontaktinfo er ikkje stadfesta → vis at kontaktinformasjon må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.
Appen skal ikkje automatisk utføre nokon av desse tiltaka.
8. Dashboard
Dashboardet skal vere enkelt.
- Vis 2-av-3 oppsettet.
- Vis status for nøkkel 1.
- Vis status for nøkkel 2.
- Vis status for nøkkel 3.
- Vis dato for siste health check.
- Vis neste health check.
- Vis aktive varsel.
- Knapp:
Start årleg health check. - Knapp/lenke:
Historikk.
9. Historikk
- Vis alle gjennomførte health checks kronologisk.
- Opne ein health check i read-only-visning.
- Vis dato.
- Vis neste sjekk.
- Vis status per nøkkel.
- Vis programvarestatus.
- Vis BIP327/SLIP39-resultat.
- Vis KI-status.
- Vis kommentarar.
- Gamle health checks skal ikkje overskrivast når ein ny blir registrert.
10. Rapporteksport
Rapporten skal kunne brukast i Excel.
- Implementer XLSX-eksport dersom dette kan gjerast enkelt.
- Elles implementer CSV med tydeleg dokumentasjon om Excel-kompatibilitet.
- Eksporter alle nødvendige felt frå health check.
- Éin gjennomført health check skal kunne identifiserast som éi historisk kontroll.
- Ta med dato.
- Ta med nøkkelstatus.
- Ta med hardware-/firmware-resultat.
- Ta med seed/cloud-resultat.
- Ta med adresse-sti.
- Ta med programvareversjon og kompatibilitet.
- Ta med BIP327/SLIP39.
- Ta med KI-status.
- Ta med kontaktinfo-verifisering.
- Ta med neste sjekk.
- Ta med kommentarar.
11. Backend
Vel den enklaste teknologien som passar godt for ein liten lokal web-app.
- Implementer SQLite.
- Implementer database-initialisering/migrering.
- Implementer lagring av nøklar.
- Implementer lagring av health checks.
- Implementer historikk.
- Implementer varsellogikken.
- Implementer rapporteksport.
- Implementer health endpoint.
Minimum:
GET /healthGET /api/keysGET /api/health-checksGET /api/health-checks/:idPOST /api/health-checksGET /api/export
12. Frontend
- Lag enkel responsiv web-UI.
- Prioriter enkelheit framfor grafisk kompleksitet.
- Bruk tydelege statusfelt.
- Bruk faste val der status skal vere ein avgrensa verdi.
- Vis problem tydeleg.
- Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
- Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.
13. StartOS 0.4.0
Bygg appen som éin enkel StartOS-service.
StartOS 0.4.0
└── Helsesjekk
├── Web UI
├── Backend/API
├── SQLite
└── Persistent data
- Opprett StartOS package.
- Opprett manifest.
- Opprett service-definisjon.
- Opprett HTTP web-interface.
- Opprett persistent volume.
- Opprett health check.
- Opprett backup-oppsett.
- Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
- Bygg
.s9pk. - Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.
Unngå:
- Ingen Postgres.
- Ingen Redis.
- Ingen ekstern backend.
- Ingen ekstern cloud-service for appdata.
- Ingen ekstra container utan konkret behov.
14. Lagring og backup
- SQLite-database skal liggje på persistent volum.
- Appdata skal overleve restart.
- Konfigurer StartOS backup av persistent data.
- Test backup.
- Test restore.
- Verifiser at gamle health checks finst etter restore.
15. Sikkerheit og personvern
- Ingen seed phrase i database.
- Ingen private keys i database.
- Ingen wallet-passord i database.
- Ingen sky-passord eller tokens i database.
- Ingen unødvendige personopplysningar.
- Kontaktinfo blir berre registrert som verifisert/ikkje verifisert.
- Valider input på serveren.
- Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
- Ikkje implementer eigen kryptografi.
- Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.
16. Testing
Funksjonstest
- Opprett dei tre nøklane.
- Start health check.
- Fullfør alle kontrollpunkt.
- Lagre health check.
- Vis han i historikken.
- Start ny health check.
- Verifiser at gammal kontroll framleis finst.
Problemtest
- Test nøkkel utilgjengeleg.
- Test hardware-feil.
- Test seed-backup-feil.
- Test adresseverifiseringsfeil.
- Test programvare-inkompatibilitet.
- Test BIP327-resultat.
- Test SLIP39-resultat.
- Test KI-status
SÅRBAR. - Test KI-status
KOMPROMITTERT. - Test kontaktinfo
NEI.
StartOS-test
- Installer
.s9pkpå StartOS 0.4.0. - Start service.
- Opne web UI.
- Utfør ein komplett test-check.
- Restart service.
- Verifiser at data framleis finst.
- Ta backup.
- Restore backup.
- Verifiser data etter restore.
17. Ferdigkriterium for første release
Før første release skal alle desse vere oppfylte:
- Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
- Dei tre nøklane er representerte i appen.
- Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
- Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
- BIP327/SLIP39 kan registrerast for SeedSigner, Blockstream Jade, Nunchuk og Sparrow.
- KI-status kan registrerast som TRYGG, PATCHA, SÅRBAR eller KOMPROMITTERT.
- Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
- Problem gir tydelege varsel.
- Neste sjekk blir lagra.
- Historikk fungerer.
- Excel-kompatibel rapport kan eksporterast.
- Data overlever restart.
- Backup og restore fungerer.
- Ingen wallet-hemmeligheiter blir lagra.
18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren
Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:
- 1. Opprett grunnleggande web-app.
- 2. Opprett SQLite og datamodellen.
- 3. Implementer dei tre faste nøklane.
- 4. Implementer health check-skjemaet.
- 5. Implementer lagring og historikk.
- 6. Implementer varsellogikken.
- 7. Implementer dashboard.
- 8. Implementer rapporteksport.
- 9. Implementer StartOS package.
- 10. Implementer persistent storage og backup.
- 11. Test restart og restore.
- 12. Bygg endeleg
.s9pkog gjer første release.
Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.