40 KiB
TODO — VardKey for StartOS 0.4.0
Mål
Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.
Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar. Namn, type og adressesti blir konfigurerte ved første oppstart.
Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.
Om dokumentet
- §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står.
- §19–§28 er korte samandrag av rundane. Alle reglane deira står i §1–§18; den fulle grunngjevinga ligg i git-historikken.
- Eit punkt utan avkryssingsboks er implementert og verifisert.
[ ]markerer det som står att. - Status: §1–§28 er implementerte og verifiserte, skjema versjon 11, testsuiten er grøn (345 testar). §29 og §30 er vedtekne og ikkje starta; §29 (namnebytet) blir gjord fyrst. §18 steg 9–12 (StartOS) høyrer til §30.
Språkkrav
- Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
TODO.mder på norsk; dette er det einaste unntaket.
1. Scope for første versjon
Dette skal vere med
- Ein enkel web-app med dashboard.
- Registrering av dei tre nøklane.
- Registrering av årleg health check, med kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
- Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
- Historikk over gjennomførte health checks.
- Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
- Rapporteksport i CSV-format.
- Lokal SQLite-database.
- Persistent lagring på StartOS.
- StartOS health check.
- StartOS backup og restore.
Dette skal ikkje vere med i første versjon
Ingen AI-integrasjon, ingen Bitcoin-node-integrasjon, ingen Bitcoin-signering, ingen PSBT-generering eller signering, ingen seed phrase-lagring, ingen private key-lagring, ingen cloud sync av appdata, ingen ekstern database, ingen PWA/offline-database, ingen kalenderintegrasjon, ingen avansert analyse eller grafar, og inga støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.
Merk: dette er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Det skal stadfestast på nytt før release.
2. Viktige reglar for appen
- Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmelegheiter, og aldri lagre slike.
- Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er stadfesta.
- Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
- Appen skal vere lokal og enkel. Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.
3. Nøkkeloppsettet appen er bygd for
Appen er bygd for eitt 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøkkelplassar. Kvar nøkkel blir konfigurert éin gong ved første oppstart: namn, type (hardware/cloud) og adressesti.
- Namnet brukaren skriv, er produktetiketten overalt: skjema, varsel, historikk og CSV-eksport. Nøkkelnummeret blir vist saman med namnet der det trengst, t.d.
Key 1: ColdCard. - Nøkkeltypen styrer kontrollane, aldri nøkkelnummeret.
typeogaddress_pather identiteten til nøkkelen og er låste etter oppsettet. Namnet kan endrast i innstillingane. Berre ei rotering, som byter ut nøkkelen med ein ny, kan gi han den andre typen (§28).- Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno (fleire enn tre nøklar, eller andre tersklar enn 2-av-3).
Standardoppsettet appen vart bygd for, med døme-adressestiar:
| Nøkkel | Type | Eining | Adressesti (døme) |
|---|---|---|---|
| 1 | Hardware | SeedSigner | m/48'/0'/0'/2' |
| 2 | Hardware | Blockstream Jade | m/48'/1'/0'/2' |
| 3 | Cloud | Nunchuk | m/48'/2'/0'/2' |
4. Datamodell
SQLite, med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte * er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.
keys — dei tre nøkkelplassane.
id, key_number (1–3), name, type (hardware/cloud), address_path, created_at.
health_checks — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel.
id, checked_at, next_check_due, wallet_software, software_version, software_compatibility_status, software_comments, sparrow_version*, nunchuk_version*, contact_info_verified, comments.
key_checks — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending.
id, health_check_id, key_id, available, hardware_works, firmware_version, seed_backup_verified, address_path_verified, address_path, comments.
ai_security_checks — KI-sikkerheitsstatus per leverandør.
id, health_check_id, provider, status, comments.
wallet_software — lista brukaren vedlikeheld i innstillingane.
id, name, created_at.
alert_acknowledgements — kvitterte varsel.
id, code, source, key_id, check_id, reason, acknowledged_at.
Reglar:
hardware_works,firmware_versionogseed_backup_verifiedgjeld berre hardware-nøklar.seed_backup_verifiedogaddress_path_verifiedhar berre verdianeOKellerPROBLEM.address_pathlagrar adressestien for den kontrollen.- Når
availableer Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. - Når
availableer Nei, blirwallet_softwareogai_security_checksikkje registrerte i det heile. typeblir lagra éin gong ved første oppstart og er låst etterpå; berre ei rotering kan gi nøkkelen den andre typen (§28).providerlagrar det konfigurerte nøkkelnamnet og den valde programvara, ikkje faste produktnamn.contact_info_verifieder fri tekst med to verdiar, og har ingen «not assessed»-verdi.hardware_workser obligatorisk for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel.namekan endrast i innstillingane;typeogaddress_pather identiteten til nøkkelen.address_path_verifiedblir sett av serveren ut frå ei samanlikning medkeys.address_path, og blir ikkje sendt inn av brukaren.wallet_softwareihealth_checksheld fram som fri tekst, slik at eldre rader og fjerna listeelement held fram å visast rett.address_pathmå vere unik på tvers av dei tre nøklane: i oppsettet, i innstillingane og ved rotering.reasonialert_acknowledgementslagrar namnet på handlinga som lukka varselet, ikkje ein fri tekst.key_idialert_acknowledgementslagrar nøkkelen varselet høyrde til, ellerNULLfor eit programvarevarsel frå innstillingslista.tool_checksfinst ikkje.device,seed_backup_status,address_verified,derivation_height,cloud_health_statusogcloud_provider_operationalfinst ikkje.
5. Statusverdiar
- Generelle kontrollar brukar
OKellerPROBLEM.NOT_ASSESSEDfinst berre som den utleidde verdien forsoftware_compatibility_statusnår nøkkelen ikkje kunne kontrollerast; ingen andre felt tilbyr eller godtar han. seed_backup_verifiedogaddress_path_verifiedbrukar berreOKellerPROBLEM.- KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig
SECURE,PATCHED,VULNERABLEogCOMPROMISED. - Kontaktstadfesting brukar
Confirmed currentellerNeeds external update. Hardware works(Yes/No) ogSoftware compatibility(OK/PROBLEM) krev eit aktivt val for ein tilgjengeleg nøkkel.address_path_verifieder utleidd av serveren og er ikkje eit val i skjemaet.- Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
- Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.
6. Årleg health check — steg for steg
Stega følgjer seksjonane i skjemaet.
Steg 1 — Schedule (01 / Schedule)
- Brukaren trykkjer
Start årleg health check, og dagens dato blir føreslått automatisk. - Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.
Steg 2 — Key (02 / Key)
- Brukaren vel kva nøkkel innsendinga gjeld. Ei innsending gjeld éin nøkkel.
Availabilityer obligatorisk: Ja eller Nei.- Ein nøkkel med eit ope varsel kan ikkje veljast, og skjemaet seier kva varsel som står i vegen.
- Hardware-nøkkel:
Hardware workser obligatorisk (Yes/No), firmware-versjon blir registrert, og seed-backup intakt og stemmande med hardware girseed_backup_verified(OK/PROBLEM). Kommentar ved behov. - Cloud-nøkkel: berre
Availabilityblir spurd om. Kommentar ved behov. - Adressesti (alle nøklar): brukaren registrerer berre
Address path, førehandsutfylt med nøkkelen sin lagra sti. Serveren samanliknar den innsende stien medkeys.address_path: lik →OK, ulik →PROBLEM. - Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd.
- Stemmer ikkje stien, viser nettlesaren eit påminningsvarsel før innsending, og kontrollen blir lagra som ein nøkkel som ikkje kunne kontrollerast.
Steg 3 — Compatibility (03 / Compatibility)
- Brukaren vel éi wallet-programvare:
Sparrow Wallet, eit namn frå innstillingane, eller namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel. Ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn. Software versionblir registrert for alle nøklar, òg ein cloud-nøkkel.OKellerPROBLEM, med kommentar ved problem.- For ein cloud-nøkkel er
Wallet softwareogCompatibility statusskjulte og utleidde. - Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt.
Steg 4 — External research (04 / External research)
- Leverandørar per innsending: den valde nøkkelen (ved namn) og den valde programvara.
- Registrer status (
SECURE/PATCHED/VULNERABLE/COMPROMISED) og ein kort kommentar. - Berre den valde nøkkelen og den valde programvara blir registrerte. Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.
- Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte.
Steg 5 — Contact confirmation (05 / Contact confirmation)
- Stadfest at kontaktinformasjonen til nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen er gyldig:
Confirmed currentellerNeeds external update. Stadfestinga er obligatorisk, òg når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg. - Berre statusen blir lagra. Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.
Steg 6 — Notes (06 / Notes)
- Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.
Oppsummering før lagring (Review-panelet)
- Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde verdiar merkte som nettopp det.
- Brukaren må trykkje
Lagre health checkfor å lagre kontrollen. - Når adressestien ikkje stemmer, blir valet om å lagre likevel tydeleg merkt i oppsummeringa.
7. Varsel og oppfølging
Alle lagra kontrollar blir lesne, ikkje berre den nyaste. Like varsel (same code og source) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist. Kritiske varsel blir lista før informative, og nyaste kontroll først innanfor kvar alvor. Eit kvittert varsel held seg skjult til ein nyare kontroll for same code og source utløyser det igjen. Eit varsel som høyrer til ein nøkkel, blir i staden skjult etter nøkkelen, så ei omdøyping ikkje opnar det att.
Eit ope varsel som høyrer til ein nøkkel sperrar den nøkkelen til varselet er lukka. Serveren handhevar regelen, så eit direkte API-kall ikkje kan omgå han. Sperringa gjeld berre den nøkkelen som har varselet.
code |
Alvor | Kjelde | Utløyst av | Slik blir det lukka |
|---|---|---|---|---|
key_unavailable |
critical | nøkkel | available = Nei |
Rotering |
address_path_mismatch |
critical | nøkkel | Adressestien stemmer ikkje med den lagra | Rotering |
hardware_failure |
critical | nøkkel | Hardware works = No |
Rotering, eller at hardware-walleten blir bytt med same seed |
seed_backup_problem |
critical | nøkkel | Seed-backup PROBLEM |
Rotering |
software_incompatible |
critical | nøkkel | software_compatibility_status = PROBLEM, og den registrerte programvara er namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel |
At hardware-walleten blir bytt |
software_incompatible |
critical | programvare | software_compatibility_status = PROBLEM |
Fjerning av den feilande programvara i innstillingane |
security_vulnerable |
critical | nøkkel | KI-status VULNERABLE |
Rotering, eller lukking utan tiltak |
security_vulnerable |
critical | programvare | KI-status VULNERABLE |
Fjerning av programvara, eller lukking utan tiltak |
security_compromised |
critical | nøkkel | KI-status COMPROMISED |
Rotering er påkravd |
security_compromised |
critical | programvare | KI-status COMPROMISED |
Fjerning av programvara |
contact_info_unconfirmed |
info | nøkkel | Kontaktstadfesting Needs external update |
Lukking, etter at kontaktinformasjonen er oppdatert eksternt |
- Kvar varselkode har eit fast sett av handlingar:
rotate,replace_hardware,remove_software,ignore,contact_updated. Ei handling som ikkje høyrer til varselet, blir avvist. rotateblir utført i innstillingane, sidan han krev ein ny adressesti. Dei andre handlingane blir utførte der varselet står, kvar med sin eigen knappetekst og sitt eige stadfestingssteg.- Kjelda til eit KI-varsel er leverandøren. Er han nøkkelen sitt eige konfigurerte namn, er nøkkelen kjelda og ei rotering lukkar varselet. Elles er leverandøren programvara nøkkelen køyrer med, og varselet blir lukka ved å fjerne ho frå innstillingane.
- Eit programvarevarsel frå innstillingslista har inga nøkkel og sperrar inga nøkkel. Eit programvarevarsel som kjem frå eit cloud-nøkkelnamn høyrer til den kontrollerte nøkkelen og sperrar han, sidan namnet aldri kan fjernast frå innstillingane.
- Kvar handling krev ei stadfesting frå brukaren, og appen utfører aldri tiltaket sjølv. Han kontaktar heller aldri leverandørar eller KI-tenester.
- Eit varsel utan handling er ein feil i koden, ikkje ein tilstand brukaren kan hamne i.
- Eit varsel om nøkkel utilgjengeleg, adressestifeil eller seed-backup gjeld berre den nøkkelen, og resten av nøkkelfelta kan ikkje registrerast.
8. Dashboard
- Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane, med siste sjekk og neste forfall per nøkkel.
- Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert, blir avgjort i nettlesaren.
- Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå, og handlinga som lukkar det.
- Knapp
Start årleg health check, lenkeHistorikk, lenkeDownload CSVog lenke til innstillingane. - Vis oppsettsteget i staden for dashboardet når nøkkeloppsettet manglar.
- Eit nøkkelkort viser ei tydeleg melding når nøkkelen har eit ope varsel, i tillegg til datoane sine: kor mange varsel som står ope, at nøkkelen ikkje kan kontrollerast før dei er lukka, kva handling som lukkar det første, og ei lenkje til varsellista.
9. Historikk
- Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld.
- Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, KI-status og kommentarar.
- Gamle health checks blir aldri overskrivne.
- Vis
Address path verifiedsom den utleidde verdien han er, og ikkje som eit brukarval. - Vis namnet nøkkelen har no, sidan namnet kan endrast i innstillingane.
- Vis kva varsel som vart lukka på kontrollen, med kva handling og kva dato.
10. Rapporteksport
GET /api/exportgjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.- Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen
Check idknyter saman rader frå same innsending. - Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
- Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som
SeedSigner: VULNERABLE; Sparrow Wallet: SECURE. - Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra.
0/1blir skrivne somNo/Yes. - Nøkkelnamnet og nøkkeltypen kjem frå oppsettet, og namnet er namnet nøkkelen har no.
- Siste kolonne,
Follow-up closed, listar varsla som vart lukka på kontrollen, somcode: action (YYYY-MM-DD). Berre lukkingar som høyrer til ein nøkkel, blir viste.
11. Backend
- SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er versjon 11.
- Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
- Varsellogikken (§7).
- Health endpoint.
- Valider input på serveren, og bruk parameteriserte SQL-spørringar.
Minimumsendepunkt: GET /health, GET /api/keys, GET /api/health-checks, GET /api/health-checks/:id, POST /api/health-checks, GET /api/export.
Merk: GET /api/setup, POST /api/setup, GET /api/settings, POST /api/settings/keys, POST /api/settings/wallet-software, POST /api/keys/<id>/rotate, POST /api/alerts/acknowledge, GET /api/key-status, GET /api/previous-values og GET /api/alerts er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi oppsettsteget, innstillingane, dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.
POST /api/health-checkskrev éin konfigurert nøkkel,availableog gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar.POST /api/health-checkskrev ikkje programvare eller KI-status når nøkkelen ikkje kunne kontrollerast, og avviser slike resultat med400.POST /api/health-checksavviser ein nøkkel som har eit ope varsel, med409, og regelen blir handheva før resten av valideringa.POST /api/setuplagrar nøkkeloppsettet éin gong med namn, type og adressesti, og avviser eit nytt oppsett med409.POST /api/setup,POST /api/settings/keysogPOST /api/keys/<id>/rotateavviser ein adressesti som ein annan nøkkel alt har (400i oppsettet og roteringa,409i innstillingane).GET /api/settingsgjev nøklane med adressestien deira og lista over wallet-programvare.POST /api/settings/keyslagrar eit nytt namn, og ein adressesti så lenge nøkkelen ikkje har nokon lagra kontroll. Typen er aldri med i payloaden.POST /api/settings/wallet-softwarelagrar heile lista, og lukkar varsla til ei programvare som blir fjerna.POST /api/keys/<id>/rotateroterer ein nøkkel med ein ny, unik adressesti, kan gi nøkkelen den andre typen (§28), og kvitterer ut varsla hans.POST /api/keys/<id>/rotateavviser med409ein typeendring som ville gjort nøkkelen til ein cloud-nøkkel under eit namn som wallet-programvare-lista alt har.POST /api/alerts/acknowledgekvitterer ut eit varsel medcode,sourceog handlinga som lukkar det.GET /api/health-checks/<id>gjev ògclosed_alerts, lukkingane som høyrer til kontrollen.- Feilkodar elles: ugyldig payload
400, ukjend nøkkel eller varsel404, låst eller duplikat adressesti409, øydelagd database500.
12. Frontend
- Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
- Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
- Vis problem tydeleg, og vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
- Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare, og skjul programvare og KI-status når nøkkelen ikkje kunne kontrollerast. Eit skjult
required-felt blokkerer innsendinga, så flagget må alltid clearast når feltet blir skjult. - Eige oppsettsteg for namn, type og adressesti ved første oppstart.
- Skjemaet viser kva nøklar som er sperra av eit ope varsel, og kva handling som lukkar det.
- Eit påminningsvarsel før innsending når adressestien ikkje stemmer.
- Innstillingsside med
01 / Wallet softwareog02 / Key rotation, bygd for fleire tema seinare. Nøkkelnamnet, adressestien til ein nøkkel utan lagra kontroll, og roteringa med ny type blir alle endra i roteringsseksjonen, og éin knapp lagrar alt. Det finst ikkje lenger ein eigen01 / Keys-seksjon. - Varselknappane har den teksten og det stadfestingssteget som høyrer til handlinga si, og varselet om programvare-inkompatibilitet peikar på innstillingane.
- Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.
13. StartOS 0.4.0
Bygg appen som éin enkel StartOS-service.
StartOS 0.4.0
└── VardKey
├── Web UI
├── Backend/API
├── SQLite
└── Persistent data
- Opprett StartOS package.
- Opprett manifest.
- Opprett service-definisjon.
- Opprett HTTP web-interface.
- Opprett persistent volume.
- Opprett health check.
- Opprett backup-oppsett.
- Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
- Bygg
.s9pk. - Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.
Unngå: Postgres, Redis, ekstern backend, ekstern cloud-service for appdata, og ekstra container utan konkret behov.
Merk: dette er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Det skal stadfestast på nytt før release.
14. Lagring og backup
- SQLite-database skal liggje på persistent volum.
- Appdata skal overleve restart.
- Konfigurer StartOS backup av persistent data.
- Test backup og test restore.
- Verifiser at gamle health checks finst etter restore.
15. Sikkerheit og personvern
- Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
- Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som status (
Confirmed current/Needs external update). - Valider input på serveren, og bruk parameteriserte SQL-spørringar.
- Ikkje implementer eigen kryptografi.
- Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.
- Adressestien er ein offentleg derivasjonssti og inneheld inga hemmelegheit.
16. Testing
Funksjonstest
- Opprett dei tre nøklane, start ein health check, fullfør alle kontrollpunkt, lagre han og vis han i historikken.
- Start ein ny health check, og verifiser at den gamle kontrollen framleis finst.
Problemtest
- Test nøkkel utilgjengeleg, hardware-feil og seed-backup-feil.
- Test adressestifeil, både påminninga før innsending og varselet etterpå.
- Test programvare-inkompatibilitet, og at
Hardware worksog kontaktstadfestinga krev eit val. - Test KI-status
VULNERABLEogCOMPROMISED, og kontaktinfoNeeds external update. - Test rotering av ein nøkkel, med og utan nytt namn, og at rotering krev ein ny adressesti.
- Test kvittering av eit varsel, og at eit nyare varsel kjem tilbake.
- Test at ein nøkkel med eit ope varsel ikkje kan få ein ny kontroll, og at nøkkelen blir ledig igjen når varselet er lukka.
- Test at to nøklar ikkje kan ha same adressesti, korkje i oppsettet, i innstillingane eller ved rotering.
- Test kvar varselhandling, og at eit varsel utan handlingar blir rekna som ein feil.
- Test at eit nøkkelkort viser ei varselmelding når nøkkelen har eit ope varsel.
- Test at fjerning av den feilande programvara lukkar
software_incompatible. - Test at eit lukka varsel viser seg i historikken og i CSV-en, med handling og dato.
- Test at eit kontaktvarsel gir
Needs actionog sperrar nøkkelen, og at nøkkelen blir ledig att vedcontact_updated. - Test at
software_incompatiblemed ei cloud-nøkkel-programvare girreplace_hardwarepå den kontrollerte nøkkelen, og at det same varselet frå innstillingslista held fram medremove_software. - Test at ein kan byte namn på ein nøkkel i roteringsseksjonen utan å rotere han, og at ei rotering krev stadfestingsboksen.
- Test at ei rotering kan gi nøkkelen den andre typen, og at eit namn som wallet-programvare-lista alt har, blir avvist.
Merk: dette er dei manuelle nettlesartestane dine. Alt som er implementert, er òg dekt av testsuiten, men punkta står opne til du har køyrt dei i nettlesaren.
StartOS-test
- Installer
.s9pkpå StartOS 0.4.0, start servicen og opne web UI. - Utfør ein komplett test-check.
- Restart servicen, og verifiser at data framleis finst.
- Ta backup, restore backup, og verifiser data etter restore.
17. Ferdigkriterium for første release
Før første release skal alle desse vere oppfylte:
- Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
- Dei tre nøklane er representerte i appen.
- Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren, og alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
- KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
- Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
- Problem gir tydelege varsel, og eit varsel kan lukkast på den måten som høyrer til varselet.
- Neste sjekk blir lagra, og historikk fungerer.
- CSV-rapport kan eksporterast.
- Data overlever restart, og backup og restore fungerer.
- Ingen wallet-hemmelegheiter blir lagra.
18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren
Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:
- 1–8. Grunnleggande web-app, SQLite og datamodellen, dei tre nøklane, health check-skjemaet, lagring og historikk, varsellogikken, dashboardet og rapporteksport.
- 9. Implementer StartOS package.
- 10. Implementer persistent storage og backup.
- 11. Test restart og restore.
- 12. Bygg endeleg
.s9pkog gjer første release.
Merk: §23–§28 kom inn etter steg 8 og er implementerte og verifiserte. Steg 9–12 er ikkje starta, og høyrer til §30.
Testar: køyr python3 -m unittest discover -s tests. Suiten skal vere grøn både på Linux og på Windows-kopien.
Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.
19–22. Vedtekne avgjerder (implementerte og verifiserte)
- §19 — registrering per nøkkel. Ei innsending gjeld éin vald nøkkel, ikkje alle tre. Brukaren vel éi wallet-programvare med eitt versjonsfelt. Kvar nøkkel har sitt eige neste-sjekk-intervall.
- §20 — skjulte felt som blir utleidde. Eit felt som ikkje gjeld for den valde nøkkelen eller den valde programvara, blir skjult og utleidd. Førre lagra verdi blir fylt inn som ein vanleg input-verdi, og alt utleidd blir lista i Review-oppsummeringa, merkt som nettopp det.
- §21 — engelske statusverdiar og alle varsel.
IKKJE_VURDERT→NOT_ASSESSED. Kvar råka tabell blir bygd opp att medPRAGMA foreign_keys = OFFogPRAGMA foreign_key_checkfør commit.GET /api/alertssummerer alle lagra kontrollar, slår saman like varsel og listar kritiske først. Etter §29 erTODO.mddet einaste norske dokumentet i repoet; korkje produktnamnet eller databasefila er lenger unntak frå engelskregelen. - §22 — ein nøkkel som ikkje kunne kontrollerast, registrerer ingenting elles. Det gjeld både
available= Nei og ein adressesti som ikkje stemmer:wallet_softwareblirNULL,software_compatibility_statusblirNOT_ASSESSED, og eit innsend resultat er ein400, ikkje noko som blir kasta stille.
23. Konfigurerbart nøkkeloppsett (implementert og verifisert)
Kvar nøkkel blir konfigurert éin gong ved første oppstart: namn, type og adressesti. Namnet er produktetiketten overalt. Wallet software-vala er lista frå innstillingane (sådd med Sparrow Wallet) pluss namnet på kvar konfigurert cloud-nøkkel; eit hardware-nøkkelnamn er aldri eit software-val. Oppsettet ligg i SQLite saman med historikken, og ei ny database får eit oppsettsteg. Ei uleseleg database gir ein feil og blir ikkje behandla som ny. Nye endepunkt: GET /api/setup og POST /api/setup.
24. Obligatoriske val og ny skjemastruktur (implementert og verifisert)
Hardware works og kontaktstadfestinga er obligatoriske val med Select status som første, ugyldige alternativ. Kravet for Hardware works fell bort når nøkkelen ikkje kunne kontrollerast; kontaktstadfestinga blir spurd om uansett. Skjemaet har seks seksjonar: 01 Schedule, 02 Key, 03 Compatibility, 04 External research, 05 Contact confirmation, 06 Notes. BIP327/SLIP39 er fjerna heilt, saman med tool_checks-tabellen og dataa hans.
25. Nøkkelidentitet, rotering, varselkvittering og innstillingar (implementert og verifisert)
Adressestien er identiteten til nøkkelen saman med typen, og er låst etter første lagra kontroll. Serveren utleier address_path_verified etter ei samanlikning som ignorerer blankteikn rundt verdien. Namnet er ein etikett som innstillingane kan endre, og historikk, varsel og CSV viser namnet nøkkelen har no. POST /api/keys/<id>/rotate stadfestar at nøkkelen er bytt ut, held eller endrar namnet, krev ein ny adressesti, kvitterer ut nøkkelens eigne varsel, og gjer inga endring i tidlegare kontrollar. Sida varslar om at rotering gir ei ny lommebok, slik at midla må flyttast frå den gamle multisig-oppsetninga før dei gamle nøklane blir kasserte. Innstillingane ligg på /settings. Software-lista blir lagra heilt, er sådd med Sparrow Wallet, må aldri bli tom, og kan ikkje innehalde eit namn som alt kjem frå ein cloud-nøkkel.
26. Sperring, unike adressestiar og varselhandlingar (implementert og verifisert)
Ein nøkkel med eit ope varsel kan ikkje få ein ny kontroll før varselet er lukka, og serveren handhevar regelen med 409. Adressestien må vere unik på tvers av nøklane: 400 i oppsettet, 409 i innstillingane og 400 ved rotering, og meldinga nemner nøkkelen som har stien. Ei rotering krev ein ny, unik sti, og address_path_unchanged er fjerna. Kvar varselkode har sine eigne lukkehandlingar (§7), og den generiske kvitteringa er borte: POST /api/alerts/acknowledge tek handlinga og lagrar handlingsnamnet som reason. Eit nøkkelkort med eit ope varsel viser Needs action, kor mange varsel som står ope, og kva handling som lukkar det første.
27. Varselhandlingar i historikk og CSV, kontaktvarselet og cloud-programvare (implementert og verifisert)
Avtalt 05.10.2026. Skjemaet gjekk til versjon 11.
Bakgrunnen: ei lukking vart alt lagra i alert_acknowledgements, men ingenting las tabellen, så brukaren kunne ikkje sjå kva som vart lukka, når og med kva handling. I tillegg høyrde kontaktvarselet ikkje til nokon nøkkel, og software_incompatible tilbaud remove_software òg når «programvara» var namnet på ein cloud-nøkkel, som aldri kan fjernast frå innstillingane.
- Sperring. Eit varsel som høyrer til ein nøkkel sperrar den nøkkelen til det er lukka. Det gjeld òg
contact_info_unconfirmed, som har alvorinfo.blocking_alertog filteret i skjemaet matchar påkey_id, så sperrekoden trong ikkje endrast. - Kontaktvarselet høyrer til ein nøkkel.
key_id= den kontrollerte nøkkelen,source=Key N: <namn>(same konvensjon som nøkkelvarsla), og meldinga namngjev nøkkelen: «The contact details for Key 1: SeedSigner need an external update. Update them in your external documentation, then close this alert.» Alvoret er framleisinfo, og handlinga framleiscontact_updated. software_incompatiblehar to former. Når den registrertewallet_softwareer namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel:key_id= den kontrollerte nøkkelen,source=Key N: <namn>, handlingane[replace_hardware], og ingasoftware-verdi, så ei fjerning frå innstillingane kan ikkje lukke det. Elles som før:key_id=None,source= programvanamnet, handlingane[remove_software].- Kvitteringa lagrar nøkkelen.
alert_acknowledgements.key_ider ei nullable kolonne (INTEGER, ingen FK, ingen CHECK). - Varselidentitet. Eit varsel med
key_idblir kvittert og skjult etter(code, key_id); eit varsel utankey_idsom før, etter(code, source). Det fiksar ein bug derrotatemedkeep_name=false, eller ei rein omdøyping i innstillingane, opna eit lukka varsel att, fordisourceinneheld namnet nøkkelen har no. - Lukkingar i historikk og CSV.
GET /api/health-checks/<id>har einclosed_alerts-liste, og CSV-en har kolonnenFollow-up closedheilt til slutt, medcode: action (YYYY-MM-DD). Berre lukkingar medkey_idblir viste, altså ikkjeremove_softwareog ikkje software-kjelde-ignore. Lukkinga blir hengd på kontrollen ho lukka (check_id).
28. Nøkkeltypen kan berre endrast ved ei rotering, og nøkkelnamnet blir endra i roteringsseksjonen (implementert og verifisert)
Avtalt 05.10.2026.
Typen er ein del av identiteten til nøkkelen, saman med adressestien, så oppsettet låser han og innstillingane endrar han aldri. Ei rotering byter ut nøkkelen med ein ny, og berre der kan den andre typen veljast. Namnebytet flytta samstundes inn i roteringsseksjonen, slik at alt som gjeld nøkkelidentiteten ligg på éin stad.
POST /api/keys/<id>/rotatetek ein valfritype(hardware/cloud). Er han utelaten, held nøkkelen typen han har.- Ein nøkkel som blir ein cloud-nøkkel, byr på sitt eige namn som wallet-programvare. Wallet-programvare-lista kan ikkje innehalde eit namn som alt kjem frå ein cloud-nøkkel, så eit namn lista alt har, blir avvist med
409(WalletSoftwareNameInUse), og meldinga seier kva oppføring som må fjernast først. POST /api/settings/keystek framleis berre namn og adressesti, aldri type.- Innstillingane har to seksjonar:
01 / Wallet softwareog02 / Key rotation. Den gamle01 / Keys-seksjonen er fjerna, sidan namnebytet no høyrer til roteringsseksjonen. - I roteringsseksjonen kan brukaren byte namn på ein nøkkel åleine, utan å rotere han. Det går gjennom
POST /api/settings/keys, krev inga stadfesting, og fungerer for alle nøklar. - Adressestien til ein nøkkel utan lagra kontroll kan òg endrast der, gjennom same endepunkt.
- Ei rotering krev at nøkkelen blir markert med
Rotate this keyog at stadfestingsboksen «I confirm that each selected key has been replaced by a new key or hardware wallet» blir huka av. Då blir typen, den nye stien og namnet lagra gjennom roteringsendepunktet. - Knappen heiter
Save keys, sidan han lagrar både namnebyte og roteringar i éin omgang, og han seier ifrå når det ikkje finst noko å lagre.
29. Namnebyte til VardKey (vedteke, ikkje implementert)
Avtalt 10.10.2026. Skjema versjon 11 står uendra; dette er eit reint namnebyte utan åtferdsendring.
Appen heiter VardKey, med beskrivinga Bitcoin Multisig Health Monitor. Etter bytet er TODO.md det einaste norske dokumentet i repoet: korkje produktnamnet eller databasefila er lenger unntak frå engelskregelen.
- Databasen. Standardstien blir
data/vardkey.sqlite3iapp.pyog i alle funksjonsdefaultane idatabase.py. Det blir ikkje skriven migrering: den gamle testdatabasen blir kasta og oppsettet konfigurert på nytt, slik README alt seier for ei eldre testdatabase. - Eksportfila.
EXPORT_FILENAMEiapp.pyogdownload-attributtet istatic/index.htmlblirvardkey-export.csv, ogtests/test_app.pysjekkar det nye namnet. Dei to stadene må byte i takt, elles lovar grensesnittet eitt namn og serveren eit anna. - Produktnamnet i grensesnittet.
<title>, brand-teksten,aria-label,brand-mark(H→V) og footeren i alle fem HTML-filene, og intro-meininga ihealth-check.html. - Beskrivinga. «Bitcoin Multisig Health Monitor» blir vist i README, i StartOS-manifestet (§30) og som éi linje under tittelen på dashboardet. Ho blir ikkje lagd inn som
<p class="eyebrow">ihealth-check.htmlellersettings.html: testane samanliknar eyebrow-lista på dei to sidene eksakt. - Repoet byter ikkje namn. Gitea-repoet og prosjekt-id-en held fram som
ai-bot/helsesjekk. Ei seinare omdøyping i Gitea-UI rører ingen kode, menREPOSITORIES_JSONmå då oppdaterast. - README.md held strukturen sin. Berre namna, stiane, eksportfila og unntaksavsnittet i «Development» blir endra. Unntaksavsnittet må formulerast på nytt, sidan det ikkje finst namn-unntak att.
- Inga åtferdsendring, ingen nye funksjonar, ingen skjemaendring. Testsuiten skal framleis vere grøn, med éin ny test som sjekkar at dashboardet viser namnet og beskrivinga.
- Filer, i rekkjefølgja dei skal gjerast ferdige:
app.py,database.py,static/index.html,static/styles.css,static/setup.html,static/settings.html,static/history.html,static/health-check.html,tests/test_app.py,README.md.TODO.mdogai-note.mder alt oppdaterte og skal ikkje rørast i denne runden. - Vernet: grep etter
helsesjekki heile repoet før arbeidet byrjar og etter at det er ferdig. Null treff att er kriteriet.
30. StartOS 0.4.0-pakke (vedteke, ikkje starta)
Avtalt 10.10.2026. Blir bygd etter at §29 er verifisert.
Appen blir éin StartOS-service: éin daemon, éin container, SQLite på eit persistent volum. Forbodet i §13 gjeld som han står: ingen Postgres, ingen Redis, ingen ekstern backend, inga ekstern cloud-teneste for appdata, og ingen ekstra container utan konkret behov.
- Pakka ligg i app-repoet. StartOS-filene (
startos/,Dockerfile,Makefile,package.jsonog resten av skjelettet) ligg ved sida av appen iai-bot/helsesjekk. Pakkeguiden seier at pakke-repoet ikkje skal vere ein fork av appen; her er appen vår eigen og har ikkje noko publisert image, så pakka byggjer appen frå repo-rota. Avviket skal stå iAGENTS.md, så ingen legg inn ein submodul for å «rette» det. - Namn og versjon. Manifest
id: 'vardkey',title: 'VardKey',volumes: ['main']mounta på/data. Pakkeversjonen startar på0.1.0:0og blir heva til1.0.0:0når §16 StartOS-testen og §17 er oppfylte. - Lisens.
GPL-3.0-only, med einLICENSE-fil i repoet. Det er copyleft-motstykket til CC BY-SA 4.0, som er ein innhaldslisens Creative Commons sjølve rår frå å bruke på programvare, og GPL-3.0 gjev i tillegg ein eksplisitt patentlisens. Blir SPDX-id-en avvist av bygget, blir han skriven somGPL-3.0. marketingUrlerhttps://sondreolav.com/vardkey. Sida finst ikkje enno og blir laga til slutt; URL-en blir sett inn no likevel, sidan manifestet krev han.- Ikonet blir utsett.
icon.svgblir teikna i runden som hevar pakka til1.0.0, når appen er ferdig. Nektar bygget å pakke utan ikon, blir eit minimalt placeholder-ikon lagt inn og bytt ut i den runden. - Daemonen. Éin daemon
primarysom køyrerpython3 app.pymedPORT=8080ogDATABASE_PATH=/data/vardkey.sqlite3. Volumetmainblir mounta skrivbart på/data. Ingen oneshot, ingen sidecar, og ingaUSER-linje i Dockerfile, så/dataer skrivbar utanchown. - Helsesjekk. Daemon-
readymedcheckWebUrlmothttp://127.0.0.1:8080/health. Den interne porten ibindPortmå vere den same somPORT, elles blir sjekken aldri grøn. - Web-grensesnitt.
MultiHost.of(effects, 'ui').bindPort(8080, { protocol: 'http', preferredExternalPort: 80 })med éincreateInterface({ id: 'ui', type: 'ui' }). StartOS terminerer TLS og proxyar rein HTTP inn i containeren, så appen må ikkje byggje absoluttehttp://-URL-ar. Appen gjer det ikkje i dag. - Backup.
backups.tspeikar på volumetmain. Det må undersøkast omsetupBackupshar ein krok som kan ta eit konsistent SQLite-snapshot. Finnst han ikkje, blir snapshotet teke medan ei skriving kan pågå, og det skal i så fall nemnast som ei kjend avgrensing. - Ingen CI. Pakkeguiden føreset GitHub-workflows. Repoet ligg på Gitea, og
.s9pkblir bygd lokalt medmake. Det skal stå iAGENTS.md. - Rekkjefølgje. Skjelettet kjem frå
s9pk init-workspace; deretterLICENSE,Dockerfile,.dockerignore,startos/manifest/i18n.ts,startos/manifest/index.ts,startos/utils.ts,startos/main.ts,startos/interfaces.ts,startos/backups.ts,startos/versions/,startos/init/,instructions.md,UPDATING.md,AGENTS.md,README.md, og til sluttTODO.mdogai-note.md. - Framleis manuelt: §14, §16 StartOS-testen og §17 blir ikkje kryssa av før brukaren har køyrt dei på ein eigen StartOS 0.4.0-boks.
Framtidig arbeid, ikkje no
- Fleire enn tre nøklar, og andre tersklar enn 2-av-3.