Files
vardkey/TODO.md
T

42 KiB
Raw Blame History

TODO — VardKey for StartOS 0.4.0

Mål

Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.

Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar. Namn, type og adressesti blir konfigurerte ved første oppstart.

Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.

Om dokumentet

  • §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står.
  • §19–§29 er korte samandrag av rundane. Alle reglane deira står i §1–§18; den fulle grunngjevinga ligg i git-historikken.
  • Eit punkt utan avkryssingsboks er implementert og verifisert. [ ] markerer det som står att.
  • Status: §1–§29 er implementerte og verifiserte, skjema versjon 11, testsuiten er grøn (346 testar). §30 er ferdig: StartOS-pakka er bygd, sideloda og køyrd på ein eigen StartOS 0.4.0-boks, og §14, §16 og §17 er køyrde og verifiserte der. Att i §30 står berre det som er sett til 1.0.0-runden — det ekte ikonet og hevinga av pakkeversjonen — og §18 steg 12 ventar på same runden.

Språkkrav

  • Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
  • TODO.md er på norsk; dette er det einaste unntaket.

1. Scope for første versjon

Dette skal vere med

  • Ein enkel web-app med dashboard.
  • Registrering av dei tre nøklane.
  • Registrering av årleg health check, med kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
  • Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
  • Historikk over gjennomførte health checks.
  • Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
  • Rapporteksport i CSV-format.
  • Lokal SQLite-database.
  • Persistent lagring på StartOS.
  • StartOS health check.
  • StartOS backup og restore.

Dette skal ikkje vere med i første versjon

Ingen AI-integrasjon, ingen Bitcoin-node-integrasjon, ingen Bitcoin-signering, ingen PSBT-generering eller signering, ingen seed phrase-lagring, ingen private key-lagring, ingen cloud sync av appdata, ingen ekstern database, ingen PWA/offline-database, ingen kalenderintegrasjon, ingen avansert analyse eller grafar, og inga støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.

Merk: dette er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Det skal stadfestast på nytt før release.


2. Viktige reglar for appen

  • Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmelegheiter, og aldri lagre slike.
  • Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er stadfesta.
  • Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
  • Appen skal vere lokal og enkel. Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.

3. Nøkkeloppsettet appen er bygd for

Appen er bygd for eitt 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøkkelplassar. Kvar nøkkel blir konfigurert éin gong ved første oppstart: namn, type (hardware/cloud) og adressesti.

  • Namnet brukaren skriv, er produktetiketten overalt: skjema, varsel, historikk og CSV-eksport. Nøkkelnummeret blir vist saman med namnet der det trengst, t.d. Key 1: ColdCard.
  • Nøkkeltypen styrer kontrollane, aldri nøkkelnummeret.
  • type og address_path er identiteten til nøkkelen og er låste etter oppsettet. Namnet kan endrast i innstillingane. Berre ei rotering, som byter ut nøkkelen med ein ny, kan gi han den andre typen (§28).
  • Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno (fleire enn tre nøklar, eller andre tersklar enn 2-av-3).

Standardoppsettet appen vart bygd for, med døme-adressestiar:

Nøkkel Type Eining Adressesti (døme)
1 Hardware SeedSigner m/48'/0'/0'/2'
2 Hardware Blockstream Jade m/48'/1'/0'/2'
3 Cloud Nunchuk m/48'/2'/0'/2'

4. Datamodell

SQLite, med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte * er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.

keys — dei tre nøkkelplassane. id, key_number (1–3), name, type (hardware/cloud), address_path, created_at.

health_checks — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel. id, checked_at, next_check_due, wallet_software, software_version, software_compatibility_status, software_comments, sparrow_version*, nunchuk_version*, contact_info_verified, comments.

key_checks — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending. id, health_check_id, key_id, available, hardware_works, firmware_version, seed_backup_verified, address_path_verified, address_path, comments.

ai_security_checks — KI-sikkerheitsstatus per leverandør. id, health_check_id, provider, status, comments.

wallet_software — lista brukaren vedlikeheld i innstillingane. id, name, created_at.

alert_acknowledgements — kvitterte varsel. id, code, source, key_id, check_id, reason, acknowledged_at.

Reglar:

  • hardware_works, firmware_version og seed_backup_verified gjeld berre hardware-nøklar.
  • seed_backup_verified og address_path_verified har berre verdiane OK eller PROBLEM.
  • address_path lagrar adressestien for den kontrollen.
  • Når available er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde.
  • Når available er Nei, blir wallet_software og ai_security_checks ikkje registrerte i det heile.
  • type blir lagra éin gong ved første oppstart og er låst etterpå; berre ei rotering kan gi nøkkelen den andre typen (§28).
  • provider lagrar det konfigurerte nøkkelnamnet og den valde programvara, ikkje faste produktnamn.
  • contact_info_verified er fri tekst med to verdiar, og har ingen «not assessed»-verdi.
  • hardware_works er obligatorisk for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel.
  • name kan endrast i innstillingane; type og address_path er identiteten til nøkkelen.
  • address_path_verified blir sett av serveren ut frå ei samanlikning med keys.address_path, og blir ikkje sendt inn av brukaren.
  • wallet_software i health_checks held fram som fri tekst, slik at eldre rader og fjerna listeelement held fram å visast rett.
  • address_path må vere unik på tvers av dei tre nøklane: i oppsettet, i innstillingane og ved rotering.
  • reason i alert_acknowledgements lagrar namnet på handlinga som lukka varselet, ikkje ein fri tekst.
  • key_id i alert_acknowledgements lagrar nøkkelen varselet høyrde til, eller NULL for eit programvarevarsel frå innstillingslista.
  • tool_checks finst ikkje. device, seed_backup_status, address_verified, derivation_height, cloud_health_status og cloud_provider_operational finst ikkje.

5. Statusverdiar

  • Generelle kontrollar brukar OK eller PROBLEM. NOT_ASSESSED finst berre som den utleidde verdien for software_compatibility_status når nøkkelen ikkje kunne kontrollerast; ingen andre felt tilbyr eller godtar han.
  • seed_backup_verified og address_path_verified brukar berre OK eller PROBLEM.
  • KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig SECURE, PATCHED, VULNERABLE og COMPROMISED.
  • Kontaktstadfesting brukar Confirmed current eller Needs external update.
  • Hardware works (Yes/No) og Software compatibility (OK/PROBLEM) krev eit aktivt val for ein tilgjengeleg nøkkel.
  • address_path_verified er utleidd av serveren og er ikkje eit val i skjemaet.
  • Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
  • Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.

6. Årleg health check — steg for steg

Stega følgjer seksjonane i skjemaet.

Steg 1 — Schedule (01 / Schedule)

  • Brukaren trykkjer Start årleg health check, og dagens dato blir føreslått automatisk.
  • Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.

Steg 2 — Key (02 / Key)

  • Brukaren vel kva nøkkel innsendinga gjeld. Ei innsending gjeld éin nøkkel.
  • Availability er obligatorisk: Ja eller Nei.
  • Ein nøkkel med eit ope varsel kan ikkje veljast, og skjemaet seier kva varsel som står i vegen.
  • Hardware-nøkkel: Hardware works er obligatorisk (Yes/No), firmware-versjon blir registrert, og seed-backup intakt og stemmande med hardware gir seed_backup_verified (OK/PROBLEM). Kommentar ved behov.
  • Cloud-nøkkel: berre Availability blir spurd om. Kommentar ved behov.
  • Adressesti (alle nøklar): brukaren registrerer berre Address path, førehandsutfylt med nøkkelen sin lagra sti. Serveren samanliknar den innsende stien med keys.address_path: lik → OK, ulik → PROBLEM.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd.
  • Stemmer ikkje stien, viser nettlesaren eit påminningsvarsel før innsending, og kontrollen blir lagra som ein nøkkel som ikkje kunne kontrollerast.

Steg 3 — Compatibility (03 / Compatibility)

  • Brukaren vel éi wallet-programvare: Sparrow Wallet, eit namn frå innstillingane, eller namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel. Ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn.
  • Software version blir registrert for alle nøklar, òg ein cloud-nøkkel.
  • OK eller PROBLEM, med kommentar ved problem.
  • For ein cloud-nøkkel er Wallet software og Compatibility status skjulte og utleidde.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt.

Steg 4 — External research (04 / External research)

  • Leverandørar per innsending: den valde nøkkelen (ved namn) og den valde programvara.
  • Registrer status (SECURE / PATCHED / VULNERABLE / COMPROMISED) og ein kort kommentar.
  • Berre den valde nøkkelen og den valde programvara blir registrerte. Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte.

Steg 5 — Contact confirmation (05 / Contact confirmation)

  • Stadfest at kontaktinformasjonen til nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen er gyldig: Confirmed current eller Needs external update. Stadfestinga er obligatorisk, òg når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg.
  • Berre statusen blir lagra. Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.

Steg 6 — Notes (06 / Notes)

  • Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.

Oppsummering før lagring (Review-panelet)

  • Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde verdiar merkte som nettopp det.
  • Brukaren må trykkje Lagre health check for å lagre kontrollen.
  • Når adressestien ikkje stemmer, blir valet om å lagre likevel tydeleg merkt i oppsummeringa.

7. Varsel og oppfølging

Alle lagra kontrollar blir lesne, ikkje berre den nyaste. Like varsel (same code og source) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist. Kritiske varsel blir lista før informative, og nyaste kontroll først innanfor kvar alvor. Eit kvittert varsel held seg skjult til ein nyare kontroll for same code og source utløyser det igjen. Eit varsel som høyrer til ein nøkkel, blir i staden skjult etter nøkkelen, så ei omdøyping ikkje opnar det att.

Eit ope varsel som høyrer til ein nøkkel sperrar den nøkkelen til varselet er lukka. Serveren handhevar regelen, så eit direkte API-kall ikkje kan omgå han. Sperringa gjeld berre den nøkkelen som har varselet.

code Alvor Kjelde Utløyst av Slik blir det lukka
key_unavailable critical nøkkel available = Nei Rotering
address_path_mismatch critical nøkkel Adressestien stemmer ikkje med den lagra Rotering
hardware_failure critical nøkkel Hardware works = No Rotering, eller at hardware-walleten blir bytt med same seed
seed_backup_problem critical nøkkel Seed-backup PROBLEM Rotering
software_incompatible critical nøkkel software_compatibility_status = PROBLEM, og den registrerte programvara er namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel At hardware-walleten blir bytt
software_incompatible critical programvare software_compatibility_status = PROBLEM Fjerning av den feilande programvara i innstillingane
security_vulnerable critical nøkkel KI-status VULNERABLE Rotering, eller lukking utan tiltak
security_vulnerable critical programvare KI-status VULNERABLE Fjerning av programvara, eller lukking utan tiltak
security_compromised critical nøkkel KI-status COMPROMISED Rotering er påkravd
security_compromised critical programvare KI-status COMPROMISED Fjerning av programvara
contact_info_unconfirmed info nøkkel Kontaktstadfesting Needs external update Lukking, etter at kontaktinformasjonen er oppdatert eksternt
  • Kvar varselkode har eit fast sett av handlingar: rotate, replace_hardware, remove_software, ignore, contact_updated. Ei handling som ikkje høyrer til varselet, blir avvist.
  • rotate blir utført i innstillingane, sidan han krev ein ny adressesti. Dei andre handlingane blir utførte der varselet står, kvar med sin eigen knappetekst og sitt eige stadfestingssteg.
  • Kjelda til eit KI-varsel er leverandøren. Er han nøkkelen sitt eige konfigurerte namn, er nøkkelen kjelda og ei rotering lukkar varselet. Elles er leverandøren programvara nøkkelen køyrer med, og varselet blir lukka ved å fjerne ho frå innstillingane.
  • Eit programvarevarsel frå innstillingslista har inga nøkkel og sperrar inga nøkkel. Eit programvarevarsel som kjem frå eit cloud-nøkkelnamn høyrer til den kontrollerte nøkkelen og sperrar han, sidan namnet aldri kan fjernast frå innstillingane.
  • Kvar handling krev ei stadfesting frå brukaren, og appen utfører aldri tiltaket sjølv. Han kontaktar heller aldri leverandørar eller KI-tenester.
  • Eit varsel utan handling er ein feil i koden, ikkje ein tilstand brukaren kan hamne i.
  • Eit varsel om nøkkel utilgjengeleg, adressestifeil eller seed-backup gjeld berre den nøkkelen, og resten av nøkkelfelta kan ikkje registrerast.

8. Dashboard

  • Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane, med siste sjekk og neste forfall per nøkkel.
  • Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert, blir avgjort i nettlesaren.
  • Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå, og handlinga som lukkar det.
  • Knapp Start årleg health check, lenke Historikk, lenke Download CSV og lenke til innstillingane.
  • Vis oppsettsteget i staden for dashboardet når nøkkeloppsettet manglar.
  • Eit nøkkelkort viser ei tydeleg melding når nøkkelen har eit ope varsel, i tillegg til datoane sine: kor mange varsel som står ope, at nøkkelen ikkje kan kontrollerast før dei er lukka, kva handling som lukkar det første, og ei lenkje til varsellista.

9. Historikk

  • Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld.
  • Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, KI-status og kommentarar.
  • Gamle health checks blir aldri overskrivne.
  • Vis Address path verified som den utleidde verdien han er, og ikkje som eit brukarval.
  • Vis namnet nøkkelen har no, sidan namnet kan endrast i innstillingane.
  • Vis kva varsel som vart lukka på kontrollen, med kva handling og kva dato.

10. Rapporteksport

  • GET /api/export gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.
  • Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen Check id knyter saman rader frå same innsending.
  • Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
  • Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som SeedSigner: VULNERABLE; Sparrow Wallet: SECURE.
  • Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra. 0/1 blir skrivne som No/Yes.
  • Nøkkelnamnet og nøkkeltypen kjem frå oppsettet, og namnet er namnet nøkkelen har no.
  • Siste kolonne, Follow-up closed, listar varsla som vart lukka på kontrollen, som code: action (YYYY-MM-DD). Berre lukkingar som høyrer til ein nøkkel, blir viste.

11. Backend

  • SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er versjon 11.
  • Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
  • Varsellogikken (§7).
  • Health endpoint.
  • Valider input på serveren, og bruk parameteriserte SQL-spørringar.

Minimumsendepunkt: GET /health, GET /api/keys, GET /api/health-checks, GET /api/health-checks/:id, POST /api/health-checks, GET /api/export.

Merk: GET /api/setup, POST /api/setup, GET /api/settings, POST /api/settings/keys, POST /api/settings/wallet-software, POST /api/keys/<id>/rotate, POST /api/alerts/acknowledge, GET /api/key-status, GET /api/previous-values og GET /api/alerts er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi oppsettsteget, innstillingane, dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.

  • POST /api/health-checks krev éin konfigurert nøkkel, available og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar.
  • POST /api/health-checks krev ikkje programvare eller KI-status når nøkkelen ikkje kunne kontrollerast, og avviser slike resultat med 400.
  • POST /api/health-checks avviser ein nøkkel som har eit ope varsel, med 409, og regelen blir handheva før resten av valideringa.
  • POST /api/setup lagrar nøkkeloppsettet éin gong med namn, type og adressesti, og avviser eit nytt oppsett med 409.
  • POST /api/setup, POST /api/settings/keys og POST /api/keys/<id>/rotate avviser ein adressesti som ein annan nøkkel alt har (400 i oppsettet og roteringa, 409 i innstillingane).
  • GET /api/settings gjev nøklane med adressestien deira og lista over wallet-programvare.
  • POST /api/settings/keys lagrar eit nytt namn, og ein adressesti så lenge nøkkelen ikkje har nokon lagra kontroll. Typen er aldri med i payloaden.
  • POST /api/settings/wallet-software lagrar heile lista, og lukkar varsla til ei programvare som blir fjerna.
  • POST /api/keys/<id>/rotate roterer ein nøkkel med ein ny, unik adressesti, kan gi nøkkelen den andre typen (§28), og kvitterer ut varsla hans.
  • POST /api/keys/<id>/rotate avviser med 409 ein typeendring som ville gjort nøkkelen til ein cloud-nøkkel under eit namn som wallet-programvare-lista alt har.
  • POST /api/alerts/acknowledge kvitterer ut eit varsel med code, source og handlinga som lukkar det.
  • GET /api/health-checks/<id> gjev òg closed_alerts, lukkingane som høyrer til kontrollen.
  • Feilkodar elles: ugyldig payload 400, ukjend nøkkel eller varsel 404, låst eller duplikat adressesti 409, øydelagd database 500.

12. Frontend

  • Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
  • Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
  • Vis problem tydeleg, og vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
  • Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare, og skjul programvare og KI-status når nøkkelen ikkje kunne kontrollerast. Eit skjult required-felt blokkerer innsendinga, så flagget må alltid clearast når feltet blir skjult.
  • Eige oppsettsteg for namn, type og adressesti ved første oppstart.
  • Skjemaet viser kva nøklar som er sperra av eit ope varsel, og kva handling som lukkar det.
  • Eit påminningsvarsel før innsending når adressestien ikkje stemmer.
  • Innstillingsside med 01 / Wallet software og 02 / Key rotation, bygd for fleire tema seinare. Nøkkelnamnet, adressestien til ein nøkkel utan lagra kontroll, og roteringa med ny type blir alle endra i roteringsseksjonen, og éin knapp lagrar alt. Det finst ikkje lenger ein eigen 01 / Keys-seksjon.
  • Varselknappane har den teksten og det stadfestingssteget som høyrer til handlinga si, og varselet om programvare-inkompatibilitet peikar på innstillingane.
  • Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.

13. StartOS 0.4.0

Bygg appen som éin enkel StartOS-service.

StartOS 0.4.0
└── VardKey
    ├── Web UI
    ├── Backend/API
    ├── SQLite
    └── Persistent data
  • Opprett StartOS package.
  • Opprett manifest.
  • Opprett service-definisjon.
  • Opprett HTTP web-interface.
  • Opprett persistent volume.
  • Opprett health check.
  • Opprett backup-oppsett.
  • Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
  • Bygg .s9pk.
  • Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.

Merk: alle ti punkta er no oppfylte. Pakka er skriven inn i repoet, bygd til vardkey_x86_64.s9pk, sideloda og køyrd på ein eigen StartOS 0.4.0-boks (sjå §30 og §16). Forbodet nedanfor er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste, og skal stadfestast på nytt før release.

Unngå: Postgres, Redis, ekstern backend, ekstern cloud-service for appdata, og ekstra container utan konkret behov.

Merk: dette er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Det skal stadfestast på nytt før release.


14. Lagring og backup

  • SQLite-database skal liggje på persistent volum.
  • Appdata skal overleve restart.
  • Konfigurer StartOS backup av persistent data.
  • Test backup og test restore.
  • Verifiser at gamle health checks finst etter restore.

Merk: alle punkta er køyrde og verifiserte på boksen, gjennom §16 StartOS-testen og §17. startos/backups.ts brukar sdk.Backups.ofVolumes('main'), og databasen ligg på main-volumet på /data. StartOS stoppar servicen medan ein backup går, så databasefila er ikkje under skriving når ho blir kopiert — det var det opne spørsmålet i §30, og det er svara på. Restore gav attende nøkkeloppsettet og dei lagra kontrollane, så ingen eigen SQLite-snapshot-krok trongst og inga kjend avgrensing står att.


15. Sikkerheit og personvern

  • Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
  • Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som status (Confirmed current / Needs external update).
  • Valider input på serveren, og bruk parameteriserte SQL-spørringar.
  • Ikkje implementer eigen kryptografi.
  • Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.
  • Adressestien er ein offentleg derivasjonssti og inneheld inga hemmelegheit.

16. Testing

Funksjonstest

  • Opprett dei tre nøklane, start ein health check, fullfør alle kontrollpunkt, lagre han og vis han i historikken.
  • Start ein ny health check, og verifiser at den gamle kontrollen framleis finst.

Problemtest

  • Test nøkkel utilgjengeleg, hardware-feil og seed-backup-feil.
  • Test adressestifeil, både påminninga før innsending og varselet etterpå.
  • Test programvare-inkompatibilitet, og at Hardware works og kontaktstadfestinga krev eit val.
  • Test KI-status VULNERABLE og COMPROMISED, og kontaktinfo Needs external update.
  • Test rotering av ein nøkkel, med og utan nytt namn, og at rotering krev ein ny adressesti.
  • Test kvittering av eit varsel, og at eit nyare varsel kjem tilbake.
  • Test at ein nøkkel med eit ope varsel ikkje kan få ein ny kontroll, og at nøkkelen blir ledig igjen når varselet er lukka.
  • Test at to nøklar ikkje kan ha same adressesti, korkje i oppsettet, i innstillingane eller ved rotering.
  • Test kvar varselhandling, og at eit varsel utan handlingar blir rekna som ein feil.
  • Test at eit nøkkelkort viser ei varselmelding når nøkkelen har eit ope varsel.
  • Test at fjerning av den feilande programvara lukkar software_incompatible.
  • Test at eit lukka varsel viser seg i historikken og i CSV-en, med handling og dato.
  • Test at eit kontaktvarsel gir Needs action og sperrar nøkkelen, og at nøkkelen blir ledig att ved contact_updated.
  • Test at software_incompatible med ei cloud-nøkkel-programvare gir replace_hardware på den kontrollerte nøkkelen, og at det same varselet frå innstillingslista held fram med remove_software.
  • Test at ein kan byte namn på ein nøkkel i roteringsseksjonen utan å rotere han, og at ei rotering krev stadfestingsboksen.
  • Test at ei rotering kan gi nøkkelen den andre typen, og at eit namn som wallet-programvare-lista alt har, blir avvist.

Merk: dette er dei manuelle nettlesartestane dine, og dei er køyrde og verifiserte.

StartOS-test

  • Installer .s9pk på StartOS 0.4.0, start servicen og opne web UI.
  • Utfør ein komplett test-check.
  • Restart servicen, og verifiser at data framleis finst.
  • Ta backup, restore backup, og verifiser data etter restore.

Merk: alle fire er køyrde og verifiserte på boksen. vardkey_x86_64.s9pk vart sideloda og installert, servicen står som Running, helsesjekken melder «The web interface is ready», og Open UI opnar VardKey i nettlesaren på StartOS-adressa. Restart og restore heldt på dataa, og dei gamle health checkane fanst etter restore.


17. Ferdigkriterium for første release

Før første release skal alle desse vere oppfylte:

  • Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
  • Dei tre nøklane er representerte i appen.
  • Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren, og alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
  • KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
  • Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
  • Problem gir tydelege varsel, og eit varsel kan lukkast på den måten som høyrer til varselet.
  • Neste sjekk blir lagra, og historikk fungerer.
  • CSV-rapport kan eksporterast.
  • Data overlever restart, og backup og restore fungerer.
  • Ingen wallet-hemmelegheiter blir lagra.

Merk: alle punkta er køyrde og verifiserte på boksen. Kriterielista er oppfylt, men pakkeversjonen blir ikkje heva enno — sjå §30.


18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren

Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:

  • 1–8. Grunnleggande web-app, SQLite og datamodellen, dei tre nøklane, health check-skjemaet, lagring og historikk, varsellogikken, dashboardet og rapporteksport.
    1. Implementer StartOS package.
    1. Implementer persistent storage og backup.
    1. Test restart og restore.
  • 12. Bygg endeleg .s9pk og gjer første release.

Merk: §23–§29 kom inn etter steg 8 og er implementerte og verifiserte. Steg 9–11 er ferdige: pakka er skriven, bygd, installert og køyrd på ein eigen boks, og restart og restore er testa. Steg 12 står att, fordi det er sett til 1.0.0-runden saman med ikonet — ikkje fordi noko manglar. Alt høyrer til §30.

Testar: køyr python3 -m unittest discover -s tests. Suiten skal vere grøn både på Linux og på Windows-kopien.

Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.


19–22. Vedtekne avgjerder (implementerte og verifiserte)

  • §19 — registrering per nøkkel. Ei innsending gjeld éin vald nøkkel, ikkje alle tre. Brukaren vel éi wallet-programvare med eitt versjonsfelt. Kvar nøkkel har sitt eige neste-sjekk-intervall.
  • §20 — skjulte felt som blir utleidde. Eit felt som ikkje gjeld for den valde nøkkelen eller den valde programvara, blir skjult og utleidd. Førre lagra verdi blir fylt inn som ein vanleg input-verdi, og alt utleidd blir lista i Review-oppsummeringa, merkt som nettopp det.
  • §21 — engelske statusverdiar og alle varsel. IKKJE_VURDERT → NOT_ASSESSED. Kvar råka tabell blir bygd opp att med PRAGMA foreign_keys = OFF og PRAGMA foreign_key_check før commit. GET /api/alerts summerer alle lagra kontrollar, slår saman like varsel og listar kritiske først. Etter §29 er TODO.md det einaste norske dokumentet i repoet; korkje produktnamnet eller databasefila er lenger unntak frå engelskregelen.
  • §22 — ein nøkkel som ikkje kunne kontrollerast, registrerer ingenting elles. Det gjeld både available = Nei og ein adressesti som ikkje stemmer: wallet_software blir NULL, software_compatibility_status blir NOT_ASSESSED, og eit innsend resultat er ein 400, ikkje noko som blir kasta stille.

23. Konfigurerbart nøkkeloppsett (implementert og verifisert)

Kvar nøkkel blir konfigurert éin gong ved første oppstart: namn, type og adressesti. Namnet er produktetiketten overalt. Wallet software-vala er lista frå innstillingane (sådd med Sparrow Wallet) pluss namnet på kvar konfigurert cloud-nøkkel; eit hardware-nøkkelnamn er aldri eit software-val. Oppsettet ligg i SQLite saman med historikken, og ei ny database får eit oppsettsteg. Ei uleseleg database gir ein feil og blir ikkje behandla som ny. Nye endepunkt: GET /api/setup og POST /api/setup.


24. Obligatoriske val og ny skjemastruktur (implementert og verifisert)

Hardware works og kontaktstadfestinga er obligatoriske val med Select status som første, ugyldige alternativ. Kravet for Hardware works fell bort når nøkkelen ikkje kunne kontrollerast; kontaktstadfestinga blir spurd om uansett. Skjemaet har seks seksjonar: 01 Schedule, 02 Key, 03 Compatibility, 04 External research, 05 Contact confirmation, 06 Notes. BIP327/SLIP39 er fjerna heilt, saman med tool_checks-tabellen og dataa hans.


25. Nøkkelidentitet, rotering, varselkvittering og innstillingar (implementert og verifisert)

Adressestien er identiteten til nøkkelen saman med typen, og er låst etter første lagra kontroll. Serveren utleier address_path_verified etter ei samanlikning som ignorerer blankteikn rundt verdien. Namnet er ein etikett som innstillingane kan endre, og historikk, varsel og CSV viser namnet nøkkelen har no. POST /api/keys/<id>/rotate stadfestar at nøkkelen er bytt ut, held eller endrar namnet, krev ein ny adressesti, kvitterer ut nøkkelens eigne varsel, og gjer inga endring i tidlegare kontrollar. Sida varslar om at rotering gir ei ny lommebok, slik at midla må flyttast frå den gamle multisig-oppsetninga før dei gamle nøklane blir kasserte. Innstillingane ligg på /settings. Software-lista blir lagra heilt, er sådd med Sparrow Wallet, må aldri bli tom, og kan ikkje innehalde eit namn som alt kjem frå ein cloud-nøkkel.


26. Sperring, unike adressestiar og varselhandlingar (implementert og verifisert)

Ein nøkkel med eit ope varsel kan ikkje få ein ny kontroll før varselet er lukka, og serveren handhevar regelen med 409. Adressestien må vere unik på tvers av nøklane: 400 i oppsettet, 409 i innstillingane og 400 ved rotering, og meldinga nemner nøkkelen som har stien. Ei rotering krev ein ny, unik sti, og address_path_unchanged er fjerna. Kvar varselkode har sine eigne lukkehandlingar (§7), og den generiske kvitteringa er borte: POST /api/alerts/acknowledge tek handlinga og lagrar handlingsnamnet som reason. Eit nøkkelkort med eit ope varsel viser Needs action, kor mange varsel som står ope, og kva handling som lukkar det første.


27. Varselhandlingar i historikk og CSV, kontaktvarselet og cloud-programvare (implementert og verifisert)

Avtalt 05.10.2026. Skjemaet gjekk til versjon 11.

Bakgrunnen: ei lukking vart alt lagra i alert_acknowledgements, men ingenting las tabellen, så brukaren kunne ikkje sjå kva som vart lukka, når og med kva handling. I tillegg høyrde kontaktvarselet ikkje til nokon nøkkel, og software_incompatible tilbaud remove_software òg når «programvara» var namnet på ein cloud-nøkkel, som aldri kan fjernast frå innstillingane.

  • Sperring. Eit varsel som høyrer til ein nøkkel sperrar den nøkkelen til det er lukka. Det gjeld òg contact_info_unconfirmed, som har alvor info. blocking_alert og filteret i skjemaet matchar på key_id, så sperrekoden trong ikkje endrast.
  • Kontaktvarselet høyrer til ein nøkkel. key_id = den kontrollerte nøkkelen, source = Key N: <namn> (same konvensjon som nøkkelvarsla), og meldinga namngjev nøkkelen: «The contact details for Key 1: SeedSigner need an external update. Update them in your external documentation, then close this alert.» Alvoret er framleis info, og handlinga framleis contact_updated.
  • software_incompatible har to former. Når den registrerte wallet_software er namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel: key_id = den kontrollerte nøkkelen, source = Key N: <namn>, handlingane [replace_hardware], og inga software-verdi, så ei fjerning frå innstillingane kan ikkje lukke det. Elles som før: key_id = None, source = programvanamnet, handlingane [remove_software].
  • Kvitteringa lagrar nøkkelen. alert_acknowledgements.key_id er ei nullable kolonne (INTEGER, ingen FK, ingen CHECK).
  • Varselidentitet. Eit varsel med key_id blir kvittert og skjult etter (code, key_id); eit varsel utan key_id som før, etter (code, source). Det fiksar ein bug der rotate med keep_name=false, eller ei rein omdøyping i innstillingane, opna eit lukka varsel att, fordi source inneheld namnet nøkkelen har no.
  • Lukkingar i historikk og CSV. GET /api/health-checks/<id> har ein closed_alerts-liste, og CSV-en har kolonnen Follow-up closed heilt til slutt, med code: action (YYYY-MM-DD). Berre lukkingar med key_id blir viste, altså ikkje remove_software og ikkje software-kjelde-ignore. Lukkinga blir hengd på kontrollen ho lukka (check_id).

28. Nøkkeltypen kan berre endrast ved ei rotering, og nøkkelnamnet blir endra i roteringsseksjonen (implementert og verifisert)

Avtalt 05.10.2026.

Typen er ein del av identiteten til nøkkelen, saman med adressestien, så oppsettet låser han og innstillingane endrar han aldri. Ei rotering byter ut nøkkelen med ein ny, og berre der kan den andre typen veljast. Namnebytet flytta samstundes inn i roteringsseksjonen, slik at alt som gjeld nøkkelidentiteten ligg på éin stad.

  • POST /api/keys/<id>/rotate tek ein valfri type (hardware/cloud). Er han utelaten, held nøkkelen typen han har.
  • Ein nøkkel som blir ein cloud-nøkkel, byr på sitt eige namn som wallet-programvare. Wallet-programvare-lista kan ikkje innehalde eit namn som alt kjem frå ein cloud-nøkkel, så eit namn lista alt har, blir avvist med 409 (WalletSoftwareNameInUse), og meldinga seier kva oppføring som må fjernast først.
  • POST /api/settings/keys tek framleis berre namn og adressesti, aldri type.
  • Innstillingane har to seksjonar: 01 / Wallet software og 02 / Key rotation. Den gamle 01 / Keys-seksjonen er fjerna, sidan namnebytet no høyrer til roteringsseksjonen.
  • I roteringsseksjonen kan brukaren byte namn på ein nøkkel åleine, utan å rotere han. Det går gjennom POST /api/settings/keys, krev inga stadfesting, og fungerer for alle nøklar.
  • Adressestien til ein nøkkel utan lagra kontroll kan òg endrast der, gjennom same endepunkt.
  • Ei rotering krev at nøkkelen blir markert med Rotate this key og at stadfestingsboksen «I confirm that each selected key has been replaced by a new key or hardware wallet» blir huka av. Då blir typen, den nye stien og namnet lagra gjennom roteringsendepunktet.
  • Knappen heiter Save keys, sidan han lagrar både namnebyte og roteringar i éin omgang, og han seier ifrå når det ikkje finst noko å lagre.

29. Namnebyte til VardKey (implementert og verifisert)

Avtalt 10.10.2026. Skjema versjon 11 står uendra; dette var eit reint namnebyte utan åtferdsendring.

Appen heiter VardKey, med beskrivinga Bitcoin Multisig Health Monitor. Etter bytet er TODO.md det einaste norske dokumentet i repoet: korkje produktnamnet eller databasefila er lenger unntak frå engelskregelen.

  • Databasen. Standardstien er data/vardkey.sqlite3 i app.py og i alle funksjonsdefaultane i database.py. Det vart ikkje skriven migrering: den gamle testdatabasen blir kasta og oppsettet konfigurert på nytt, slik README seier for ei eldre testdatabase.
  • Eksportfila. EXPORT_FILENAME i app.py og download-attributtet i static/index.html er vardkey-export.csv, og tests/test_app.py sjekkar det nye namnet. Dei to stadene byter i takt, så grensesnittet og serveren lovar same namn.
  • Produktnamnet i grensesnittet. <title>, brand-teksten, aria-label, brand-mark (V) og footeren i alle fem HTML-filene, og intro-meininga i health-check.html.
  • Beskrivinga. «Bitcoin Multisig Health Monitor» blir vist i README.md og som éi linje under tittelen på dashboardet. Ho er ikkje lagd inn som eyebrow i health-check.html eller settings.html, sidan testane samanliknar eyebrow-lista på dei to sidene eksakt.
  • Repoet byter ikkje namn. Gitea-repoet og prosjekt-id-en held fram som ai-bot/helsesjekk. Ei seinare omdøyping i Gitea-UI rører ingen kode, men REPOSITORIES_JSON må då oppdaterast.
  • README.md held strukturen sin, med namn, stiar, eksportfila og unntaksavsnittet i «Development» oppdaterte. Unntaksavsnittet seier no at TODO.md er det einaste norske dokumentet, og at produktnamnet og databasefila er engelske.
  • Inga åtferdsendring, ingen nye funksjonar, inga skjemaendring. Éin ny test sjekkar at dashboardet viser namnet og beskrivinga, og testsuiten er grøn med 346 testar.
  • Vernet. Eit grep etter det gamle namnet i heile repoet gav null treff i kode, grensesnitt, testar og dokumentasjon. Dei einaste attverande referansane til repoet og arbeidskopien står i dette dokumentet og i ai-note.md, som er dei to dokumenta som ikkje vart rørte i denne runden.

30. StartOS 0.4.0-pakke (bygd, installert og verifisert)

Avtalt 10.10.2026. Bygd etter at §29 er verifisert.

Appen blir éin StartOS-service: éin daemon, éin container, SQLite på eit persistent volum. Forbodet i §13 gjeld som han står: ingen Postgres, ingen Redis, ingen ekstern backend, inga ekstern cloud-teneste for appdata, og ingen ekstra container utan konkret behov.

  • Pakka ligg i app-repoet. StartOS-filene (startos/, Dockerfile, Makefile, package.json og resten av skjelettet) ligg ved sida av appen i ai-bot/helsesjekk. Pakkeguiden seier at pakke-repoet ikkje skal vere ein fork av appen; her er appen vår eigen og har ikkje noko publisert image, så pakka byggjer appen frå repo-rota. Avviket står i AGENTS.md, så ingen legg inn ein submodul for å «rette» det.
  • Namn og versjon. Manifest id: 'vardkey', title: 'VardKey', volumes: ['main'] mounta på /data. Pakkeversjonen startar på 0.1.0:0 og blir heva til 1.0.0:0 når §16 StartOS-testen og §17 er oppfylte.
  • Lisens. GPL-3.0-only, med ein LICENSE-fil i repoet. Det er copyleft-motstykket til CC BY-SA 4.0, som er ein innhaldslisens Creative Commons sjølve rår frå å bruke på programvare, og GPL-3.0 gjev i tillegg ein eksplisitt patentlisens. Blir SPDX-id-en avvist av bygget, blir han skriven som GPL-3.0.
  • marketingUrl er https://sondreolav.com/vardkey. Sida finst ikkje enno og blir laga til slutt; URL-en er sett inn likevel, sidan manifestet krev han.
  • Ikonet blir utsett. icon.svg blir teikna i runden som hevar pakka til 1.0.0, når appen er ferdig. Eit minimalt placeholder-ikon ligg i repoet no, sidan skjelettet alltid leverer eit ikon, og blir bytt i den runden.
  • Daemonen. Éin daemon primary som køyrer python3 app.py med PORT=8080 og DATABASE_PATH=/data/vardkey.sqlite3. Volumet main blir mounta skrivbart på /data. Ingen oneshot, ingen sidecar, og inga USER-linje i Dockerfile, så /data er skrivbar utan chown.
  • Helseendepunktet. Daemon-ready med checkWebUrl mot http://127.0.0.1:8080/health. Den interne porten i bindPort er den same som PORT, elles blir sjekken aldri grøn.
  • Web-grensesnitt. MultiHost.of(effects, 'ui').bindPort(8080, { protocol: 'http', preferredExternalPort: 80 }) med éin createInterface({ id: 'ui', type: 'ui' }). StartOS terminerer TLS og proxyar rein HTTP inn i containeren, så appen må ikkje byggje absolutte http://-URL-ar. Appen gjer det ikkje i dag.
  • Backup. backups.ts peikar på volumet main. Det opne spørsmålet i denne runden var om setupBackups har ein krok for eit konsistent SQLite-snapshot. Han trongst ikkje: StartOS stoppar servicen medan ein backup går, så databasefila er ikkje under skriving når ho blir kopiert. Det er ikkje ei kjend avgrensing lenger, og det står i README.md og i startos/backups.ts.
  • Ingen CI. Pakkeguiden føreset GitHub-workflows. Repoet ligg på Gitea, og .s9pk blir bygd lokalt med make. Det står i AGENTS.md.
  • Rekkjefølgje. Skjelettet kjem frå s9pk init-workspace; deretter LICENSE, Dockerfile, .dockerignore, startos/manifest/i18n.ts, startos/manifest/index.ts, startos/utils.ts, startos/main.ts, startos/interfaces.ts, startos/backups.ts, startos/versions/, startos/init/, instructions.md, UPDATING.md, AGENTS.md, README.md, og til slutt TODO.md og ai-note.md.

Merk: pakka er ferdig og verifisert. make x86 gjekk reint (tsc --noEmit, prettier --check, ncc), bygde vardkey_x86_64.s9pk (35M, Arch: x86_64, SDK: 3.0.4, pakkeversjon 0.1.0:0), og pakka vart sideloda og køyrd på ein eigen StartOS 0.4.0-boks. Skjelett-filene (package.json, tsconfig.json, Makefile, .prettierrc, startos/sdk.ts, startos/index.ts, startos/actions/index.ts, startos/i18n/, startos/fileModels/, assets/) vart skrivne i same runde i staden for genererte av s9pk init-workspace, sidan kommandoen ikkje fanst der miljøet som skreiv dei; bygget og installasjonen stadfestar at dei er ekvivalente, og @start9labs/start-sdk står på 3.0.4.

Det som står att i denne runden er medvite utsett: det ekte icon.svg, og hevinga av pakkeversjonen frå 0.1.0:0 til 1.0.0:0. §16 og §17 er oppfylte, men brukaren har meir som skal implementerast før versjon 1, og tek den avgjerda med sin eigen AI-strateg. Ikkje hev versjonen og ikkje lag ikonet utan at brukaren ber om det. §18 steg 12 («gjer første release») ventar på den same avgjerda.


Framtidig arbeid, ikkje no

  • Fleire enn tre nøklar, og andre tersklar enn 2-av-3.