441 lines
20 KiB
Markdown
441 lines
20 KiB
Markdown
# TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0
|
||
|
||
## Mål
|
||
|
||
Bygg ein **enkel lokal web-app** som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.
|
||
|
||
Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit fast **2-av-3 multisig-oppsett** med tre nøklar:
|
||
|
||
- Nøkkel 1: SeedSigner
|
||
- Nøkkel 2: Blockstream Jade
|
||
- Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk
|
||
|
||
Appen skal **berre registrere resultat og historikk**. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.
|
||
|
||
Denne `TODO.md` er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.
|
||
|
||
**Om dokumentet:** §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. Fire avgjerder vart tekne undervegs, alle implementerte og verifiserte, og er innarbeidde i §1–§18. Dei står att som eit kort vedlegg i §19–§22, mest for å forklare kvar referansane i §1–§18 peikar. Den fulle grunngjevinga for kvar avgjerd ligg i git-historikken.
|
||
|
||
## Språkkrav
|
||
|
||
- [x] Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
|
||
- [x] `TODO.md` kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 1. Scope for første versjon
|
||
|
||
## Dette skal vere med
|
||
|
||
- [x] Ein enkel web-app med dashboard.
|
||
- [x] Registrering av dei tre nøklane.
|
||
- [x] Registrering av årleg health check.
|
||
- [x] Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
|
||
- [x] Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
|
||
- [x] Historikk over gjennomførte health checks.
|
||
- [x] Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
|
||
- [x] Rapporteksport i CSV-format.
|
||
- [x] Lokal SQLite-database.
|
||
- [ ] Persistent lagring på StartOS.
|
||
- [ ] StartOS health check.
|
||
- [ ] StartOS backup og restore.
|
||
|
||
## Dette skal ikkje vere med i første versjon
|
||
|
||
- [ ] Ingen AI-integrasjon i appen.
|
||
- [ ] Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
|
||
- [ ] Ingen Bitcoin-signering.
|
||
- [ ] Ingen PSBT-generering eller signering.
|
||
- [ ] Ingen seed phrase-lagring.
|
||
- [ ] Ingen private key-lagring.
|
||
- [ ] Ingen cloud sync av appdata.
|
||
- [ ] Ingen ekstern database.
|
||
- [ ] Ingen PWA/offline-database.
|
||
- [ ] Ingen kalenderintegrasjon.
|
||
- [ ] Ingen avansert analyse eller grafar.
|
||
- [ ] Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.
|
||
|
||
**Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 2. Viktige reglar for appen
|
||
|
||
- [x] Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter.
|
||
- [x] Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald.
|
||
- [x] Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert.
|
||
- [x] Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
|
||
- [x] Appen skal vere lokal og enkel.
|
||
- [x] Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 3. Fast oppsett som appen skal støtte
|
||
|
||
Appen skal starte med eitt fast multisig-oppsett:
|
||
|
||
| Nøkkel | Type | Einheit |
|
||
|---|---|---|
|
||
| 1 | Hardware | SeedSigner |
|
||
| 2 | Hardware | Blockstream Jade |
|
||
| 3 | Cloud | Nunchuk |
|
||
|
||
- [x] Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
|
||
- [x] Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
|
||
- [x] Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.
|
||
- [ ] La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ikkje no — faste namn er nok for MVP.)
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 4. Datamodell
|
||
|
||
SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte `*` er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.
|
||
|
||
**`keys`** — dei tre faste nøklane.
|
||
`id`, `key_number` (1–3), `name`, `type` (`hardware`/`cloud`), `device` (SeedSigner / Blockstream Jade / Nunchuk), `created_at`.
|
||
|
||
**`health_checks`** — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19).
|
||
`id`, `checked_at`, `next_check_due`, `wallet_software`, `software_version`, `software_compatibility_status`, `sparrow_version*`, `nunchuk_version*`, `software_comments`, `contact_info_verified`, `comments`.
|
||
|
||
**`key_checks`** — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending.
|
||
`id`, `health_check_id`, `key_id`, `available`, `hardware_works`, `firmware_version`, `seed_backup_verified`, `cloud_health_status`, `cloud_provider_operational`, `address_path_verified`, `address_path`, `comments`.
|
||
|
||
**`tool_checks`** — BIP327/SLIP39, maks to rader per innsending (§19).
|
||
`id`, `health_check_id`, `product`, `bip327_status`, `slip39_status`, `version*`, `checked_at*`, `notes*`.
|
||
|
||
**`ai_security_checks`** — KI-sikkerheitsstatus per leverandør.
|
||
`id`, `health_check_id`, `provider`, `status`, `comments`.
|
||
|
||
Reglar:
|
||
|
||
- [x] `hardware_works`, `firmware_version` og `seed_backup_verified` er berre relevante for nøkkel 1 og 2.
|
||
- [x] `cloud_health_status` og `cloud_provider_operational` er berre relevante for nøkkel 3, og blir ikkje spurt om (§20).
|
||
- [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` har berre verdiane `OK` eller `PROBLEM`, og er obligatoriske når `available` er Ja.
|
||
- [x] `address_path` lagrar den verifiserte adressestien.
|
||
- [x] Når `available` er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For nøkkel 3 blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20).
|
||
- [x] `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna (§19).
|
||
- [x] Når `available` er Nei, blir `wallet_software`, `tool_checks` og `ai_security_checks` ikkje registrerte i det heile (§22).
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 5. Statusverdiar
|
||
|
||
- [x] Generelle kontrollar brukar `OK`, `PROBLEM` eller `NOT_ASSESSED`.
|
||
- [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` brukar berre `OK` eller `PROBLEM`.
|
||
- [x] BIP327- og SLIP39-statusane brukar `YES`, `NO` eller `NOT_ASSESSED` (§21).
|
||
- [x] KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig `SECURE`, `PATCHED`, `VULNERABLE` og `COMPROMISED`. Ingen andre.
|
||
- [x] Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
|
||
- [x] Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 6. Årleg health check — steg for steg
|
||
|
||
## Steg 1 — Start kontroll
|
||
|
||
- [x] Brukaren trykkjer `Start årleg health check` og vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19).
|
||
- [x] `Availability` er obligatorisk: Ja eller Nei (§22).
|
||
- [x] Dagens dato blir føreslått automatisk.
|
||
- [x] Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.
|
||
|
||
## Steg 2 — Nøkkel 1: SeedSigner
|
||
|
||
- [x] Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
|
||
- [x] Hardware fungerer / fungerer ikkje.
|
||
- [x] Registrer firmware-versjon.
|
||
- [x] Seed-backup intakt og stemmer med hardware → `seed_backup_verified` (`OK` / `PROBLEM`).
|
||
- [x] Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`.
|
||
- [x] Kommentar ved behov.
|
||
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).
|
||
|
||
## Steg 3 — Nøkkel 2: Blockstream Jade
|
||
|
||
- [x] Same kontrollar som for nøkkel 1: tilgjengeleg, hardware fungerer, firmware-versjon, seed-backup (`seed_backup_verified`), adresse og sti (`address_path_verified`, `address_path`), kommentar.
|
||
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).
|
||
|
||
## Steg 4 — Nøkkel 3: Nunchuk sky-nøkkel
|
||
|
||
- [x] Berre `Availability` blir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20).
|
||
- [x] Verifiser relevant adresse/oppsett → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`.
|
||
- [x] Kommentar ved behov.
|
||
|
||
## Steg 5 — Programvare-kompatibilitet
|
||
|
||
- [x] Brukaren vel éi wallet-programvare: `Sparrow Wallet` eller `Nunchuk`. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk.
|
||
- [x] Registrer versjonen til den valde programvara i `software_version`.
|
||
- [x] Registrer `OK` eller `PROBLEM`, med kommentar ved problem.
|
||
- [x] For nøkkel 3 er feltet skjult og utleidd (§20).
|
||
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22).
|
||
|
||
## Steg 6 — BIP327 / SLIP39
|
||
|
||
- [x] Registrer `bip327_status` og `slip39_status` for nøkkelproduktet og den valde programvara: maks to rader, utan duplikat, og éi rad for nøkkel 3.
|
||
- [x] Verdiane er `YES`, `NO` eller `NOT_ASSESSED` (§21).
|
||
- [x] «Version checked», «Date checked» og «Notes or source» er tekne ut.
|
||
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen rader registrerte (§22).
|
||
|
||
## Steg 7 — KI-sikkerheitsstatus
|
||
|
||
- [x] Leverandørar per innsending: nøkkel 1 → SeedSigner, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 2 → Blockstream Jade, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 3 → Nunchuk åleine.
|
||
- [x] Registrer status (`SECURE` / `PATCHED` / `VULNERABLE` / `COMPROMISED`) og ein kort kommentar.
|
||
- [x] For nøkkel 1 og 2 blir berre nøkkelproduktet og den valde programvara vist; den tredje leverandøren blir vidareført (§20).
|
||
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22).
|
||
- [x] Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.
|
||
|
||
## Steg 8 — Kontaktinfo
|
||
|
||
- [x] Stadfest at kontaktinformasjonen til alle nøkkelhaldarane er gyldig, og lagre berre Ja / Nei.
|
||
- [x] Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.
|
||
|
||
## Steg 9 — Kommentar
|
||
|
||
- [x] Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.
|
||
|
||
## Steg 10 — Oppsummering
|
||
|
||
- [x] Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde eller vidareførte verdiar merkte som nettopp det (§20).
|
||
- [x] Brukaren må trykkje `Lagre health check` for å lagre kontrollen.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 7. Varsel og oppfølging
|
||
|
||
- [x] Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For nøkkel 3 eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20).
|
||
- [x] Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware.
|
||
- [x] Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
|
||
- [x] Cloud-helse `PROBLEM` eller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
|
||
- [x] Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
|
||
- [x] Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast.
|
||
- [x] BIP327-status `YES` → framtidig BIP327-oppgradering kan vurderast (§21).
|
||
- [x] SLIP39-status `YES` → framtidig SLIP39-aktivering kan vurderast (§21).
|
||
- [x] KI-status `VULNERABLE` → firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp.
|
||
- [x] KI-status `COMPROMISED` → nøkkeltapsprosedyren må følgjast.
|
||
- [x] Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.
|
||
- [x] Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same `code` og `source`) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21).
|
||
- [x] Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 8. Dashboard
|
||
|
||
- [x] Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane.
|
||
- [x] Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19).
|
||
- [x] Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren.
|
||
- [x] Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21).
|
||
- [x] Knapp `Start årleg health check`, lenke `Historikk` og lenke `Download CSV`.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 9. Historikk
|
||
|
||
- [x] Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19).
|
||
- [x] Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, BIP327/SLIP39, KI-status og kommentarar.
|
||
- [x] Gamle health checks blir aldri overskrivne.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 10. Rapporteksport
|
||
|
||
- [x] `GET /api/export` gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.
|
||
- [x] Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen `Check id` knyter saman rader frå same innsending.
|
||
- [x] Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, BIP327/SLIP39, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
|
||
- [x] Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som `SeedSigner: YES; Sparrow Wallet: NO`.
|
||
- [x] Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21).
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 11. Backend
|
||
|
||
- [x] SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 6 (§21).
|
||
- [x] Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
|
||
- [x] Varsellogikken (§7).
|
||
- [x] Health endpoint.
|
||
|
||
Minimumsendepunkt:
|
||
|
||
- [x] `GET /health`
|
||
- [x] `GET /api/keys`
|
||
- [x] `GET /api/health-checks`
|
||
- [x] `GET /api/health-checks/:id`
|
||
- [x] `POST /api/health-checks`
|
||
- [x] `GET /api/export`
|
||
|
||
**Merk:** `GET /api/key-status`, `GET /api/previous-values` og `GET /api/alerts` er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.
|
||
|
||
- [x] `POST /api/health-checks` krev éin konfigurert nøkkel, `available` og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22).
|
||
- [x] `POST /api/health-checks` krev ikkje programvare, standardar eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 12. Frontend
|
||
|
||
- [x] Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
|
||
- [x] Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
|
||
- [x] Vis problem tydeleg.
|
||
- [x] Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
|
||
- [x] Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21).
|
||
- [x] Skjul programvare, standardar og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
|
||
- [ ] Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 13. StartOS 0.4.0
|
||
|
||
Bygg appen som éin enkel StartOS-service.
|
||
|
||
```text
|
||
StartOS 0.4.0
|
||
└── Helsesjekk
|
||
├── Web UI
|
||
├── Backend/API
|
||
├── SQLite
|
||
└── Persistent data
|
||
```
|
||
|
||
- [ ] Opprett StartOS package.
|
||
- [ ] Opprett manifest.
|
||
- [ ] Opprett service-definisjon.
|
||
- [ ] Opprett HTTP web-interface.
|
||
- [ ] Opprett persistent volume.
|
||
- [ ] Opprett health check.
|
||
- [ ] Opprett backup-oppsett.
|
||
- [ ] Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
|
||
- [ ] Bygg `.s9pk`.
|
||
- [ ] Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.
|
||
|
||
Unngå:
|
||
|
||
- [ ] Ingen Postgres.
|
||
- [ ] Ingen Redis.
|
||
- [ ] Ingen ekstern backend.
|
||
- [ ] Ingen ekstern cloud-service for appdata.
|
||
- [ ] Ingen ekstra container utan konkret behov.
|
||
|
||
**Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 14. Lagring og backup
|
||
|
||
- [ ] SQLite-database skal liggje på persistent volum.
|
||
- [ ] Appdata skal overleve restart.
|
||
- [ ] Konfigurer StartOS backup av persistent data.
|
||
- [ ] Test backup.
|
||
- [ ] Test restore.
|
||
- [ ] Verifiser at gamle health checks finst etter restore.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 15. Sikkerheit og personvern
|
||
|
||
- [x] Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
|
||
- [x] Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som verifisert / ikkje verifisert.
|
||
- [x] Valider input på serveren.
|
||
- [x] Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
|
||
- [x] Ikkje implementer eigen kryptografi.
|
||
- [x] Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 16. Testing
|
||
|
||
## Funksjonstest
|
||
|
||
- [ ] Opprett dei tre nøklane.
|
||
- [ ] Start health check.
|
||
- [ ] Fullfør alle kontrollpunkt.
|
||
- [ ] Lagre health check.
|
||
- [ ] Vis han i historikken.
|
||
- [ ] Start ny health check.
|
||
- [ ] Verifiser at gammal kontroll framleis finst.
|
||
|
||
## Problemtest
|
||
|
||
- [ ] Test nøkkel utilgjengeleg.
|
||
- [ ] Test hardware-feil.
|
||
- [ ] Test seed-backup-feil.
|
||
- [ ] Test adresseverifiseringsfeil.
|
||
- [ ] Test programvare-inkompatibilitet.
|
||
- [ ] Test BIP327-resultat.
|
||
- [ ] Test SLIP39-resultat.
|
||
- [ ] Test KI-status `VULNERABLE`.
|
||
- [ ] Test KI-status `COMPROMISED`.
|
||
- [ ] Test kontaktinfo `NEI`.
|
||
|
||
## StartOS-test
|
||
|
||
- [ ] Installer `.s9pk` på StartOS 0.4.0.
|
||
- [ ] Start service.
|
||
- [ ] Opne web UI.
|
||
- [ ] Utfør ein komplett test-check.
|
||
- [ ] Restart service.
|
||
- [ ] Verifiser at data framleis finst.
|
||
- [ ] Ta backup.
|
||
- [ ] Restore backup.
|
||
- [ ] Verifiser data etter restore.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 17. Ferdigkriterium for første release
|
||
|
||
Før første release skal alle desse vere oppfylte:
|
||
|
||
- [ ] Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
|
||
- [ ] Dei tre nøklane er representerte i appen.
|
||
- [ ] Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
|
||
- [ ] Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
|
||
- [ ] BIP327/SLIP39 kan registrerast for SeedSigner, Blockstream Jade, Nunchuk og Sparrow.
|
||
- [ ] KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
|
||
- [ ] Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
|
||
- [ ] Problem gir tydelege varsel.
|
||
- [ ] Neste sjekk blir lagra.
|
||
- [ ] Historikk fungerer.
|
||
- [ ] CSV-rapport kan eksporterast.
|
||
- [ ] Data overlever restart.
|
||
- [ ] Backup og restore fungerer.
|
||
- [ ] Ingen wallet-hemmelegheiter blir lagra.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren
|
||
|
||
Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:
|
||
|
||
- [x] 1. Opprett grunnleggande web-app.
|
||
- [x] 2. Opprett SQLite og datamodellen.
|
||
- [x] 3. Implementer dei tre faste nøklane.
|
||
- [x] 4. Implementer health check-skjemaet.
|
||
- [x] 5. Implementer lagring og historikk.
|
||
- [x] 6. Implementer varsellogikken.
|
||
- [x] 7. Implementer dashboard.
|
||
- [x] 8. Implementer rapporteksport.
|
||
- [ ] 9. Implementer StartOS package.
|
||
- [ ] 10. Implementer persistent storage og backup.
|
||
- [ ] 11. Test restart og restore.
|
||
- [ ] 12. Bygg endeleg `.s9pk` og gjer første release.
|
||
|
||
**Merk:** steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert.
|
||
|
||
**Testar:** 123 grøne testar. Køyr `python3 -m unittest discover -s tests`.
|
||
|
||
**Hovudregel:** Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.
|
||
|
||
---
|
||
|
||
# 19–22. Vedtekne avgjerder (implementerte og verifiserte)
|
||
|
||
Desse fire vart tekne undervegs og er no innarbeidde i §1–§18. Kvar referanse i §1–§18 peikar på avsnittet nedanfor. Den fulle grunngjevinga ligg i git-historikken.
|
||
|
||
**§19 — registrering per nøkkel.** Ei innsending gjeld **éin vald nøkkel**, ikkje alle tre. Brukaren vel éi wallet-programvare (`Sparrow Wallet` eller `Nunchuk`; nøkkel 3 er låst til Nunchuk) med eitt versjonsfelt. `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna. Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist.
|
||
|
||
**§20 — skjulte felt som blir utleidde eller vidareførte.** Nøkkel 3 samlar berre `Availability`; cloud-helse, «leverandøren er i drift» og kompatibilitet blir utleidde. For nøkkel 1 og 2 blir den tredje leverandøren vidareført, men kjem tilbake av seg sjølv om statusen var `VULNERABLE` eller `COMPROMISED`. Førre lagra verdi blir vist som placeholder. Alt utleidd og vidareført blir lista i Review-oppsummeringa, merkt som nettopp det.
|
||
|
||
**§21 — engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel.** `IKKJE_VURDERT` → `NOT_ASSESSED`, og BIP327/SLIP39 får `YES`/`NO`/`NOT_ASSESSED`. Skjema versjon 6: kvar råka tabell blir bygd opp att med `PRAGMA foreign_keys = OFF` og `PRAGMA foreign_key_check` før commit. `Address path` blir berre vist og lagra når verifiseringa er `OK`. `GET /api/alerts` summerer alle lagra kontrollar, med `check_id` og `checked_at`, slår saman like varsel og listar kritiske først. «Helsesjekk» og `data/helsesjekk.sqlite3` er dokumenterte unntak frå engelskregelen.
|
||
|
||
**§22 — utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt.** `Availability` er obligatorisk med berre Ja/Nei. Når han er Nei, blir programvare, standardar og KI-status skjulte og ikkje kravde, og dei må vere tomme i POST — elles svarar serveren `400`. Det blir ikkje lagra nokon slike rader, `wallet_software` er `NULL`, og `software_compatibility_status` blir `NOT_ASSESSED`. Nøkkel 3 held fram med dei utleidde cloud-verdiane sine og gir det samanslåtte varselet. Databasen kravde inga endring.
|
||
|
||
## Framtidig arbeid, ikkje no
|
||
|
||
- [ ] Varsel om at oppsettet kan oppgraderast når alle nøklar og all programvare svarar `YES` på anten BIP327 eller SLIP39. Krev at appen ser på tvers av alle registreringar.
|
||
- [ ] Ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på.
|