Files
vardkey/TODO.md
T

27 KiB
Raw Blame History

TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0

Mål

Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.

Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar (namn og type blir konfigurerte ved første oppstart, §23.2):

  • Nøkkel 1: SeedSigner
  • Nøkkel 2: Blockstream Jade
  • Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk

Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.

Denne TODO.md er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.

Om dokumentet: §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. Fire avgjerder vart tekne undervegs, alle implementerte og verifiserte, og er innarbeidde i §1–§18; dei står att som eit kort vedlegg i §19–§22. §23 er konfigurerbart nøkkeloppsett, implementert og verifisert. §24 er avtalt arbeid som ikkje er implementert, og som skal gjerast før steg 9–12 i §18. Den fulle grunngjevinga for kvar avgjerd ligg i git-historikken.

Språkkrav

  • Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
  • TODO.md kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.

1. Scope for første versjon

Dette skal vere med

  • Ein enkel web-app med dashboard.
  • Registrering av dei tre nøklane.
  • Registrering av årleg health check.
  • Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
  • Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
  • Historikk over gjennomførte health checks.
  • Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
  • Rapporteksport i CSV-format.
  • Lokal SQLite-database.
  • Persistent lagring på StartOS.
  • StartOS health check.
  • StartOS backup og restore.

Dette skal ikkje vere med i første versjon

  • Ingen AI-integrasjon i appen.
  • Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
  • Ingen Bitcoin-signering.
  • Ingen PSBT-generering eller signering.
  • Ingen seed phrase-lagring.
  • Ingen private key-lagring.
  • Ingen cloud sync av appdata.
  • Ingen ekstern database.
  • Ingen PWA/offline-database.
  • Ingen kalenderintegrasjon.
  • Ingen avansert analyse eller grafar.
  • Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.

Merk: denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.


2. Viktige reglar for appen

  • Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter.
  • Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald.
  • Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert.
  • Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
  • Appen skal vere lokal og enkel.
  • Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.

3. Nøkkeloppsettet appen er bygd for

Appen er bygd for eitt 2-av-3 multisig-oppsett. Tabellen under viser standardoppsettet:

Nøkkel Type Einheit
1 Hardware SeedSigner
2 Hardware Blockstream Jade
3 Cloud Nunchuk
  • Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
  • Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
  • Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.
  • La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ja, via §23.2 — brukaren gir namn og type ved første oppstart, og dei er låste etterpå.)

Merk: §23.2 erstattar det faste oppsettet i denne seksjonen: kvar nøkkel blir konfigurert ved første oppstart, og namnet brukaren skriv, blir produktnamnet. Tabellen over viser standardoppsettet appen vart bygd for.


4. Datamodell

SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte * er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.

keys — dei tre nøkkelplassane. id, key_number (1–3), name, type (hardware/cloud), created_at.

health_checks — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19). id, checked_at, next_check_due, wallet_software, software_version, software_compatibility_status, sparrow_version*, nunchuk_version*, software_comments, contact_info_verified, comments.

key_checks — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending. id, health_check_id, key_id, available, hardware_works, firmware_version, seed_backup_verified, cloud_health_status, cloud_provider_operational, address_path_verified, address_path, comments.

ai_security_checks — KI-sikkerheitsstatus per leverandør. id, health_check_id, provider, status, comments.

Reglar:

  • hardware_works, firmware_version og seed_backup_verified er berre relevante for hardware-nøklar.
  • cloud_health_status og cloud_provider_operational er berre relevante for cloud-nøklar, og blir ikkje spurt om (§20).
  • seed_backup_verified og address_path_verified har berre verdiane OK eller PROBLEM, og er obligatoriske når available er Ja.
  • address_path lagrar den verifiserte adressestien.
  • Når available er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For ein cloud-nøkkel blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20).
  • seed_backup_status, address_verified og derivation_height er fjerna (§19).
  • Når available er Nei, blir wallet_software og ai_security_checks ikkje registrerte i det heile (§22).
  • name og type i keys blir lagra éin gong ved første oppstart og er låste etterpå (§23.2).
  • provider lagrar det konfigurerte nøkkelnamnet og den valde programvara, ikkje faste produktnamn (§23.3).
  • wallet_software og contact_info_verified er fri tekst; dei faste listene er fjerna (§23.1, §23.3).
  • device-kolonnen er fjerna; det konfigurerte namnet er den einaste produktetikketten (§23.2).
  • hardware_works er obligatorisk (0 eller 1) for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel (§24.1).
  • contact_info_verified er obligatorisk og har ingen «not assessed»-verdi (§24.1).
  • tool_checks-tabellen er fjerna (§24.2, §24.4).

5. Statusverdiar

  • Generelle kontrollar brukar OK, PROBLEM eller NOT_ASSESSED.
  • seed_backup_verified og address_path_verified brukar berre OK eller PROBLEM.
  • KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig SECURE, PATCHED, VULNERABLE og COMPROMISED. Ingen andre.
  • Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
  • Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.
  • Kontaktstadfesting brukar Confirmed current eller Needs external update i staden for Ja/Nei (§23.1).
  • Software compatibility krev eit aktivt val (OK / PROBLEM) for ein hardware-nøkkel (§23.1).
  • Hardware works krev eit aktivt val (Yes / No) for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel (§24.1).
  • Kontaktstadfesting er obligatorisk og har ingen «not assessed»-verdi (§24.1).
  • NOT_ASSESSED er berre lovleg som den utleidde verdien for software_compatibility_status når nøkkelen er utilgjengeleg (§24.1).
  • BIP327- og SLIP39-statusane er fjerna saman med funksjonen sin (§24.2).

6. Årleg health check — steg for steg

Stega følgjer seksjonane i skjemaet.

Steg 1 — Schedule (01 / Schedule)

  • Brukaren trykkjer Start årleg health check.
  • Dagens dato blir føreslått automatisk.
  • Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.

Steg 2 — Key (02 / Key)

  • Brukaren vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19). Ei innsending gjeld éin nøkkel.
  • Availability er obligatorisk: Ja eller Nei (§22).

Hardware-nøkkel

  • Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
  • Hardware works er obligatorisk: Ja eller Nei (§24.1).
  • Registrer firmware-versjon.
  • Seed-backup intakt og stemmer med hardware → seed_backup_verified (OK / PROBLEM).
  • Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti → address_path_verified (OK / PROBLEM) og address_path.
  • Kommentar ved behov.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).

Cloud-nøkkel

  • Berre Availability blir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20).
  • Verifiser relevant adresse/oppsett → address_path_verified (OK / PROBLEM) og address_path.
  • Kommentar ved behov.

Steg 3 — Compatibility (03 / Compatibility)

  • Brukaren vel éi wallet-programvare: Sparrow Wallet eller namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel. Ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn (§23.3).
  • Registrer versjonen til den valde programvara i software_version.
  • Registrer OK eller PROBLEM, med kommentar ved problem.
  • For ein cloud-nøkkel er feltet skjult og utleidd (§20).
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22).

Steg 4 — External research (04 / External research)

  • Leverandørar per innsending: den valde nøkkelen (ved namn) og den valde programvara (§23.3).
  • Registrer status (SECURE / PATCHED / VULNERABLE / COMPROMISED) og ein kort kommentar.
  • Berre den valde nøkkelen og den valde programvara blir registrerte; vidareføringa av ein tredje leverandør (§20) er fjerna (§23.3).
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22).
  • Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.

Steg 5 — Contact confirmation (05 / Contact confirmation)

  • Stadfest at kontaktinformasjonen til nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen er gyldig, og lagre berre statusen (§23.1).
  • Stadfestinga er obligatorisk: Confirmed current eller Needs external update (§24.1). Ho blir spurt om også når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.

Steg 6 — Notes (06 / Notes)

  • Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.

Oppsummering før lagring (Review-panelet)

  • Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde verdiar merkte som nettopp det (§20).
  • Brukaren må trykkje Lagre health check for å lagre kontrollen.

7. Varsel og oppfølging

  • Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For ein cloud-nøkkel eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20).
  • Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware.
  • Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Cloud-helse PROBLEM eller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast.
  • KI-status VULNERABLE → firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp.
  • KI-status COMPROMISED → nøkkeltapsprosedyren må følgjast.
  • Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.
  • Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same code og source) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21).
  • Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv.

8. Dashboard

  • Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane.
  • Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19).
  • Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren.
  • Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21).
  • Knapp Start årleg health check, lenke Historikk og lenke Download CSV.
  • Vis oppsettsteget i staden for dashboardet når nøkkeloppsettet manglar (§23.2).

9. Historikk

  • Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19).
  • Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, KI-status og kommentarar.
  • Gamle health checks blir aldri overskrivne.

10. Rapporteksport

  • GET /api/export gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.
  • Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen Check id knyter saman rader frå same innsending.
  • Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
  • Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som SeedSigner: VULNERABLE; Sparrow Wallet: SECURE.
  • Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21).
  • Nøkkelnamnet og nøkkeltypen kjem frå oppsettet (§23.3).

11. Backend

  • SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 8 (§21, §23.1, §23.4) og blir versjon 9 når §24.2 er implementert.
  • Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
  • Varsellogikken (§7).
  • Health endpoint.

Minimumsendepunkt:

  • GET /health
  • GET /api/keys
  • GET /api/health-checks
  • GET /api/health-checks/:id
  • POST /api/health-checks
  • GET /api/export

Merk: GET /api/setup, POST /api/setup, GET /api/key-status, GET /api/previous-values og GET /api/alerts er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi oppsettsteget, dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.

  • POST /api/health-checks krev éin konfigurert nøkkel, available og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22).
  • POST /api/health-checks krev ikkje programvare eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
  • POST /api/setup lagrar nøkkeloppsettet éin gong, krev unike og ikkje-tømme namn, og avviser eit nytt oppsett med 409 (§23.2).

12. Frontend

  • Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
  • Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
  • Vis problem tydeleg.
  • Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
  • Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21).
  • Skjul programvare og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
  • Eige oppsettsteg for namn og type ved første oppstart (§23.2).
  • Bygg Wallet software-vala frå oppsettet i staden for ei fast liste (§23.3).
  • Følg den nye seksjonsrekkjefølgja: 01 Schedule, 02 Key, 03 Compatibility, 04 External research, 05 Contact confirmation, 06 Notes (§24.3).
  • Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.

13. StartOS 0.4.0

Bygg appen som éin enkel StartOS-service.

StartOS 0.4.0
└── Helsesjekk
    ├── Web UI
    ├── Backend/API
    ├── SQLite
    └── Persistent data
  • Opprett StartOS package.
  • Opprett manifest.
  • Opprett service-definisjon.
  • Opprett HTTP web-interface.
  • Opprett persistent volume.
  • Opprett health check.
  • Opprett backup-oppsett.
  • Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
  • Bygg .s9pk.
  • Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.

Unngå:

  • Ingen Postgres.
  • Ingen Redis.
  • Ingen ekstern backend.
  • Ingen ekstern cloud-service for appdata.
  • Ingen ekstra container utan konkret behov.

Merk: denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.


14. Lagring og backup

  • SQLite-database skal liggje på persistent volum.
  • Appdata skal overleve restart.
  • Konfigurer StartOS backup av persistent data.
  • Test backup.
  • Test restore.
  • Verifiser at gamle health checks finst etter restore.

15. Sikkerheit og personvern

  • Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
  • Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som status (Confirmed current / Needs external update).
  • Valider input på serveren.
  • Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
  • Ikkje implementer eigen kryptografi.
  • Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.

16. Testing

Funksjonstest

  • Opprett dei tre nøklane.
  • Start health check.
  • Fullfør alle kontrollpunkt.
  • Lagre health check.
  • Vis han i historikken.
  • Start ny health check.
  • Verifiser at gammal kontroll framleis finst.

Problemtest

  • Test nøkkel utilgjengeleg.
  • Test hardware-feil.
  • Test seed-backup-feil.
  • Test adresseverifiseringsfeil.
  • Test programvare-inkompatibilitet.
  • Test at Hardware works krev eit val.
  • Test at kontaktstadfesting krev eit val.
  • Test KI-status VULNERABLE.
  • Test KI-status COMPROMISED.
  • Test kontaktinfo Needs external update.

StartOS-test

  • Installer .s9pk på StartOS 0.4.0.
  • Start service.
  • Opne web UI.
  • Utfør ein komplett test-check.
  • Restart service.
  • Verifiser at data framleis finst.
  • Ta backup.
  • Restore backup.
  • Verifiser data etter restore.

17. Ferdigkriterium for første release

Før første release skal alle desse vere oppfylte:

  • Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
  • Dei tre nøklane er representerte i appen.
  • Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
  • Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
  • KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
  • Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
  • Problem gir tydelege varsel.
  • Neste sjekk blir lagra.
  • Historikk fungerer.
  • CSV-rapport kan eksporterast.
  • Data overlever restart.
  • Backup og restore fungerer.
  • Ingen wallet-hemmelegheiter blir lagra.

18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren

Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:

  • 1. Opprett grunnleggande web-app.
  • 2. Opprett SQLite og datamodellen.
  • 3. Implementer dei tre nøklane.
  • 4. Implementer health check-skjemaet.
  • 5. Implementer lagring og historikk.
  • 6. Implementer varsellogikken.
  • 7. Implementer dashboard.
  • 8. Implementer rapporteksport.
  • 9. Implementer StartOS package.
  • 10. Implementer persistent storage og backup.
  • 11. Test restart og restore.
  • 12. Bygg endeleg .s9pk og gjer første release.

Merk: steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert.

Merk: §23 er implementert og verifisert. §24 er avtalt, men ikkje implementert, og skal gjerast før steg 9–12.

Testar: 178 grøne testar etter §23. Talet blir oppdatert når §24 er implementert og testane er grøne. Køyr python3 -m unittest discover -s tests.

Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.


19–22. Vedtekne avgjerder (implementerte og verifiserte)

Desse fire vart tekne undervegs og er no innarbeidde i §1–§18. Kvar referanse i §1–§18 peikar på avsnittet nedanfor. Den fulle grunngjevinga ligg i git-historikken. §23 endra enkelte av detaljane etterpå; det står i så fall i parentes.

§19 — registrering per nøkkel. Ei innsending gjeld éin vald nøkkel, ikkje alle tre. Brukaren vel éi wallet-programvare med eitt versjonsfelt. seed_backup_status, address_verified og derivation_height er fjerna. Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist. (§23.3 endra vala: Sparrow Wallet pluss namnet på kvar cloud-nøkkel, og ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn.)

§20 — skjulte felt som blir utleidde. Ein cloud-nøkkel samlar berre Availability; cloud-helse, «leverandøren er i drift» og kompatibilitet blir utleidde. Førre lagra verdi blir fylt inn i feltet. Alt utleidd blir lista i Review-oppsummeringa, merkt som nettopp det. (§23.1 gjorde den førre verdien til ein vanleg input-verdi i staden for ein placeholder, og §23.3 fjerna vidareføringa av ein tredje leverandør.)

§21 — engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel. IKKJE_VURDERT → NOT_ASSESSED. Skjema versjon 6 (no versjon 8, §23.4; versjon 9 når §24.4 er implementert): kvar råka tabell blir bygd opp att med PRAGMA foreign_keys = OFF og PRAGMA foreign_key_check før commit. Address path blir berre vist og lagra når verifiseringa er OK. GET /api/alerts summerer alle lagra kontrollar, med check_id og checked_at, slår saman like varsel og listar kritiske først. «Helsesjekk» og data/helsesjekk.sqlite3 er dokumenterte unntak frå engelskregelen.

§22 — utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt. Availability er obligatorisk med berre Ja/Nei. Når han er Nei, blir programvare og KI-status skjulte og ikkje kravde, og dei må vere tomme i POST — elles svarar serveren 400. Det blir ikkje lagra nokon slike rader, wallet_software er NULL, og software_compatibility_status blir NOT_ASSESSED. Ein cloud-nøkkel held fram med dei utleidde cloud-verdiane sine og gir det samanslåtte varselet. Databasen kravde inga endring.

Framtidig arbeid, ikke no

  • Ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på.

23. Konfigurerbart nøkkeloppsett (implementert og verifisert)

Avtalt 02.10.2026, implementert og verifisert før steg 9–12 i §18. Reglane står i §3–§6; dette er berre eit kort samandrag, så fila er lett å lese.

  • Kvar nøkkel blir konfigurert éin gong ved første oppstart: namn og type (hardware/cloud), låste etterpå. Namna må vere unike.
  • Namnet brukaren skriv er produktetiketten overalt: skjema, varsel, historikk og CSV-eksport. Nøkkelnummeret blir vist saman med namnet der det trengst, t.d. Key 1: ColdCard.
  • Nøkkeltypen styrer kontrollane, aldri nøkkelnummeret. Ein cloud-nøkkel følgjer Nunchuk-modellen med det konfigurerte namnet.
  • Wallet software-vala er Sparrow Wallet pluss namnet på kvar konfigurert cloud-nøkkel. Namn på hardware-nøklar er aldri eit software-val.
  • Oppsettet blir lagra i SQLite saman med historikken. Nye databasar får eit oppsettsteg; eksisterande databasar blir migrerte frå nøkkelradene sine. Ei uleseleg database gir ein feil og blir ikkje behandla som ny.
  • Skjemafiksar: Firmware version, Address path og Software version blir fylte med førre lagra verdi som ein vanleg input-verdi; Software compatibility krev eit aktivt val; kontaktspørsmålet gjeld berre nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen, med verdiane Confirmed current / Needs external update.
  • Skjemaversjon 8, og 178 grøne testar. Nye endepunkt: GET /api/setup og POST /api/setup.
  • Verifisert med testsuiten. Nettlesarflytane og migreringa av ein verkeleg eldre database står att som manuelle testar i §16.

Framtidig arbeid, ikkje no

  • Fleire enn tre nøklar, og andre tersklar enn 2-av-3.
  • Ei brukardefinert liste over wallet-programvare, slik at brukaren kan leggje inn si eiga liste.

24. Avtalt arbeid før StartOS-pakken (IKKJE IMPLEMENTERT)

Avtalt 03.10.2026. Ingenting i §24 er implementert, og alle punkta står opne til testane er grøne. Arbeidet skal gjerast før steg 9–12 i §18. Der §24 seier noko anna enn §3–§12, gjeld §24.

24.1 Obligatoriske val

  • Hardware works blir eit obligatorisk val mellom Yes og No. Nedtrekkslista startar på Select status, som ikkje kan veljast. Feltet er berre relevant for ein hardware-nøkkel, og kravet blir fjerna når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Serveren avviser ein tilgjengeleg hardware-nøkkel utan hardware_works med 400.
  • Contact confirmation blir eit obligatorisk val mellom Confirmed current og Needs external update. Nedtrekkslista startar på Select status, som ikkje kan veljast.
  • Kontaktstadfestinga er obligatorisk også når nøkkelen er utilgjengeleg, sidan ho framleis blir spurt om. Serveren avviser manglande verdi med 400.
  • NOT_ASSESSED er berre lovleg som den utleidde verdien for software_compatibility_status når nøkkelen er utilgjengeleg. Ingen andre felt tilbyr eller godtar han.

24.2 Fjerning av BIP327/SLIP39

  • Heile BIP327/SLIP39-funksjonen blir fjerna: skjema, validering, varsel, historikk, CSV-eksport og databasetabellen tool_checks.
  • Gamle BIP327/SLIP39-verdiar blir sletta saman med tabellen. Appen er ikkje lansert, og databasen er ein testdatabase, så inga historikk går tapt for ein brukar.
  • Etter dette kan appen ikkje registrere, vise eller eksportere BIP327- eller SLIP39-resultat.
  • Grunngjeving: appen skal haldast enkel og ryddig.

24.3 Skjemastruktur

Det nye skjemaet har denne rekkjefølgja:

Seksjon Innhald
01 / Schedule Sjekkdato og neste sjekk
02 / Key Nøkkelval og nøkkelkontrollar
03 / Compatibility Wallet-programvare, versjon og kompatibilitet
04 / External research KI-sikkerheitsstatus, uendra innhald
05 / Contact confirmation Kontaktstadfesting for nøkkelhaldaren
06 / Notes Overordna kommentar
  • 04 / Standards går ut, og dei tre seksjonane etter blir omnummererte.

24.4 Datamodell og migrering

  • Skjemaversjon 9: tool_checks-tabellen blir droppen i migreringa, saman med dataa sine.
  • Migreringa køyrer framleis med PRAGMA foreign_keys = OFF og PRAGMA foreign_key_check før commit (§21).
  • tool_checks er ei barnetabell, så droppet krev inga omskriving av health_checks.
  • Alle andre tabellar er uendra.

24.5 Testar og dokumentasjon

  • Fjern testane som gjeld BIP327/SLIP39, og legg til testar for at Hardware works og kontaktstadfesting krev eit val, både i skjemaet og på serveren.
  • Legg til ein test for migrering av ein database med tool_checks til versjon 9.
  • Oppdater README.md for skjemaoversikt, statusverdiar, eksportkolonnar og varsel.
  • Alle testar skal vere grøne, og talet i §18 skal oppdaterast.