Files
vardkey/TODO.md
T

26 KiB
Raw Blame History

TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0

Mål

Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.

Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit fast 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar:

  • Nøkkel 1: SeedSigner
  • Nøkkel 2: Blockstream Jade
  • Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk

Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.

Denne TODO.md er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.

Om dokumentet: §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. Fire avgjerder vart tekne undervegs, alle implementerte og verifiserte, og er innarbeidde i §1–§18. Dei står att som eit kort vedlegg i §19–§22, mest for å forklare kvar referansane i §1–§18 peikar. Den fulle grunngjevinga for kvar avgjerd ligg i git-historikken. §23 er avtalt arbeid som skal gjerast før steg 9–12 i §18; §23.1 er implementert og verifisert, medan §23.2–§23.5 står opne.

Språkkrav

  • Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
  • TODO.md kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.

1. Scope for første versjon

Dette skal vere med

  • Ein enkel web-app med dashboard.
  • Registrering av dei tre nøklane.
  • Registrering av årleg health check.
  • Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
  • Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
  • Historikk over gjennomførte health checks.
  • Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
  • Rapporteksport i CSV-format.
  • Lokal SQLite-database.
  • Persistent lagring på StartOS.
  • StartOS health check.
  • StartOS backup og restore.

Dette skal ikkje vere med i første versjon

  • Ingen AI-integrasjon i appen.
  • Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
  • Ingen Bitcoin-signering.
  • Ingen PSBT-generering eller signering.
  • Ingen seed phrase-lagring.
  • Ingen private key-lagring.
  • Ingen cloud sync av appdata.
  • Ingen ekstern database.
  • Ingen PWA/offline-database.
  • Ingen kalenderintegrasjon.
  • Ingen avansert analyse eller grafar.
  • Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.

Merk: denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.


2. Viktige reglar for appen

  • Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter.
  • Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald.
  • Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert.
  • Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
  • Appen skal vere lokal og enkel.
  • Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.

3. Fast oppsett som appen skal støtte

Appen skal starte med eitt fast multisig-oppsett:

Nøkkel Type Einheit
1 Hardware SeedSigner
2 Hardware Blockstream Jade
3 Cloud Nunchuk
  • Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
  • Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
  • Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.
  • La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ikkje no — faste namn er nok for MVP. §23.2 endrar dette: brukaren gir namn og type ved første oppstart.)

Merk: §23.2 erstattar det faste oppsettet i denne seksjonen når det er implementert. Fram til då gjeld tabellen over som han står.


4. Datamodell

SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte * er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.

keys — dei tre faste nøklane. id, key_number (1–3), name, type (hardware/cloud), device (SeedSigner / Blockstream Jade / Nunchuk), created_at.

health_checks — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19). id, checked_at, next_check_due, wallet_software, software_version, software_compatibility_status, sparrow_version*, nunchuk_version*, software_comments, contact_info_verified, comments.

key_checks — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending. id, health_check_id, key_id, available, hardware_works, firmware_version, seed_backup_verified, cloud_health_status, cloud_provider_operational, address_path_verified, address_path, comments.

tool_checks — BIP327/SLIP39, maks to rader per innsending (§19). id, health_check_id, product, bip327_status, slip39_status, version*, checked_at*, notes*.

ai_security_checks — KI-sikkerheitsstatus per leverandør. id, health_check_id, provider, status, comments.

Reglar:

  • hardware_works, firmware_version og seed_backup_verified er berre relevante for nøkkel 1 og 2.
  • cloud_health_status og cloud_provider_operational er berre relevante for nøkkel 3, og blir ikkje spurt om (§20).
  • seed_backup_verified og address_path_verified har berre verdiane OK eller PROBLEM, og er obligatoriske når available er Ja.
  • address_path lagrar den verifiserte adressestien.
  • Når available er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For nøkkel 3 blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20).
  • seed_backup_status, address_verified og derivation_height er fjerna (§19).
  • Når available er Nei, blir wallet_software, tool_checks og ai_security_checks ikkje registrerte i det heile (§22).

Merk: §23.4 legg til lagring av nøkkeloppsettet (namn og type). Verdiane for kontaktstadfesting vart endra i §23.1. Elles gjeld datamodellen over som han står til §23.4 er implementert.


5. Statusverdiar

  • Generelle kontrollar brukar OK, PROBLEM eller NOT_ASSESSED.
  • seed_backup_verified og address_path_verified brukar berre OK eller PROBLEM.
  • BIP327- og SLIP39-statusane brukar YES, NO eller NOT_ASSESSED (§21).
  • KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig SECURE, PATCHED, VULNERABLE og COMPROMISED. Ingen andre.
  • Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
  • Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.
  • Kontaktstadfesting brukar Confirmed current eller Needs external update i staden for Ja/Nei (§23.1).

6. Årleg health check — steg for steg

Steg 1 — Start kontroll

  • Brukaren trykkjer Start årleg health check og vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19).
  • Availability er obligatorisk: Ja eller Nei (§22).
  • Dagens dato blir føreslått automatisk.
  • Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.

Steg 2 — Nøkkel 1: SeedSigner

  • Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
  • Hardware fungerer / fungerer ikkje.
  • Registrer firmware-versjon.
  • Seed-backup intakt og stemmer med hardware → seed_backup_verified (OK / PROBLEM).
  • Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti → address_path_verified (OK / PROBLEM) og address_path.
  • Kommentar ved behov.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).

Steg 3 — Nøkkel 2: Blockstream Jade

  • Same kontrollar som for nøkkel 1: tilgjengeleg, hardware fungerer, firmware-versjon, seed-backup (seed_backup_verified), adresse og sti (address_path_verified, address_path), kommentar.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).

Steg 4 — Nøkkel 3: Nunchuk sky-nøkkel

  • Berre Availability blir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20).
  • Verifiser relevant adresse/oppsett → address_path_verified (OK / PROBLEM) og address_path.
  • Kommentar ved behov.

Steg 5 — Programvare-kompatibilitet

  • Brukaren vel éi wallet-programvare: Sparrow Wallet eller Nunchuk. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk.
  • Registrer versjonen til den valde programvara i software_version.
  • Registrer OK eller PROBLEM, med kommentar ved problem.
  • For nøkkel 3 er feltet skjult og utleidd (§20).
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22).

Steg 6 — BIP327 / SLIP39

  • Registrer bip327_status og slip39_status for nøkkelproduktet og den valde programvara: maks to rader, utan duplikat, og éi rad for nøkkel 3.
  • Verdiane er YES, NO eller NOT_ASSESSED (§21).
  • «Version checked», «Date checked» og «Notes or source» er tekne ut.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen rader registrerte (§22).

Steg 7 — KI-sikkerheitsstatus

  • Leverandørar per innsending: nøkkel 1 → SeedSigner, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 2 → Blockstream Jade, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 3 → Nunchuk åleine.
  • Registrer status (SECURE / PATCHED / VULNERABLE / COMPROMISED) og ein kort kommentar.
  • For nøkkel 1 og 2 blir berre nøkkelproduktet og den valde programvara vist; den tredje leverandøren blir vidareført (§20).
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22).
  • Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.

Steg 8 — Kontaktinfo

  • Stadfest at kontaktinformasjonen til alle nøkkelhaldarane er gyldig, og lagre berre Ja / Nei.
  • Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.

Steg 9 — Kommentar

  • Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.

Steg 10 — Oppsummering

  • Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde eller vidareførte verdiar merkte som nettopp det (§20).
  • Brukaren må trykkje Lagre health check for å lagre kontrollen.

7. Varsel og oppfølging

  • Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For nøkkel 3 eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20).
  • Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware.
  • Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Cloud-helse PROBLEM eller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast.
  • BIP327-status YES → framtidig BIP327-oppgradering kan vurderast (§21).
  • SLIP39-status YES → framtidig SLIP39-aktivering kan vurderast (§21).
  • KI-status VULNERABLE → firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp.
  • KI-status COMPROMISED → nøkkeltapsprosedyren må følgjast.
  • Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.
  • Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same code og source) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21).
  • Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv.

8. Dashboard

  • Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane.
  • Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19).
  • Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren.
  • Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21).
  • Knapp Start årleg health check, lenke Historikk og lenke Download CSV.

9. Historikk

  • Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19).
  • Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, BIP327/SLIP39, KI-status og kommentarar.
  • Gamle health checks blir aldri overskrivne.

10. Rapporteksport

  • GET /api/export gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.
  • Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen Check id knyter saman rader frå same innsending.
  • Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, BIP327/SLIP39, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
  • Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som SeedSigner: YES; Sparrow Wallet: NO.
  • Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21).

11. Backend

  • SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 7 (§21, §23.1).
  • Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
  • Varsellogikken (§7).
  • Health endpoint.

Minimumsendepunkt:

  • GET /health
  • GET /api/keys
  • GET /api/health-checks
  • GET /api/health-checks/:id
  • POST /api/health-checks
  • GET /api/export

Merk: GET /api/key-status, GET /api/previous-values og GET /api/alerts er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.

  • POST /api/health-checks krev éin konfigurert nøkkel, available og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22).
  • POST /api/health-checks krev ikkje programvare, standardar eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).

12. Frontend

  • Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
  • Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
  • Vis problem tydeleg.
  • Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
  • Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21).
  • Skjul programvare, standardar og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
  • Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.

13. StartOS 0.4.0

Bygg appen som éin enkel StartOS-service.

StartOS 0.4.0
└── Helsesjekk
    ├── Web UI
    ├── Backend/API
    ├── SQLite
    └── Persistent data
  • Opprett StartOS package.
  • Opprett manifest.
  • Opprett service-definisjon.
  • Opprett HTTP web-interface.
  • Opprett persistent volume.
  • Opprett health check.
  • Opprett backup-oppsett.
  • Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
  • Bygg .s9pk.
  • Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.

Unngå:

  • Ingen Postgres.
  • Ingen Redis.
  • Ingen ekstern backend.
  • Ingen ekstern cloud-service for appdata.
  • Ingen ekstra container utan konkret behov.

Merk: denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.


14. Lagring og backup

  • SQLite-database skal liggje på persistent volum.
  • Appdata skal overleve restart.
  • Konfigurer StartOS backup av persistent data.
  • Test backup.
  • Test restore.
  • Verifiser at gamle health checks finst etter restore.

15. Sikkerheit og personvern

  • Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
  • Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som verifisert / ikkje verifisert.
  • Valider input på serveren.
  • Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
  • Ikkje implementer eigen kryptografi.
  • Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.

16. Testing

Funksjonstest

  • Opprett dei tre nøklane.
  • Start health check.
  • Fullfør alle kontrollpunkt.
  • Lagre health check.
  • Vis han i historikken.
  • Start ny health check.
  • Verifiser at gammal kontroll framleis finst.

Problemtest

  • Test nøkkel utilgjengeleg.
  • Test hardware-feil.
  • Test seed-backup-feil.
  • Test adresseverifiseringsfeil.
  • Test programvare-inkompatibilitet.
  • Test BIP327-resultat.
  • Test SLIP39-resultat.
  • Test KI-status VULNERABLE.
  • Test KI-status COMPROMISED.
  • Test kontaktinfo NEI.

StartOS-test

  • Installer .s9pk på StartOS 0.4.0.
  • Start service.
  • Opne web UI.
  • Utfør ein komplett test-check.
  • Restart service.
  • Verifiser at data framleis finst.
  • Ta backup.
  • Restore backup.
  • Verifiser data etter restore.

17. Ferdigkriterium for første release

Før første release skal alle desse vere oppfylte:

  • Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
  • Dei tre nøklane er representerte i appen.
  • Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
  • Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
  • BIP327/SLIP39 kan registrerast for SeedSigner, Blockstream Jade, Nunchuk og Sparrow.
  • KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
  • Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
  • Problem gir tydelege varsel.
  • Neste sjekk blir lagra.
  • Historikk fungerer.
  • CSV-rapport kan eksporterast.
  • Data overlever restart.
  • Backup og restore fungerer.
  • Ingen wallet-hemmelegheiter blir lagra.

18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren

Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:

  • 1. Opprett grunnleggande web-app.
  • 2. Opprett SQLite og datamodellen.
  • 3. Implementer dei tre faste nøklane.
  • 4. Implementer health check-skjemaet.
  • 5. Implementer lagring og historikk.
  • 6. Implementer varsellogikken.
  • 7. Implementer dashboard.
  • 8. Implementer rapporteksport.
  • 9. Implementer StartOS package.
  • 10. Implementer persistent storage og backup.
  • 11. Test restart og restore.
  • 12. Bygg endeleg .s9pk og gjer første release.

Merk: steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert.

Merk: §23 er avtalt arbeid som kjem før steg 9–12. §23.1 er ferdig og verifisert. Steg 9–12 blir ikkje starta før òg §23.2–§23.5 er implementerte og verifiserte.

Testar: 138 grøne testar. Køyr python3 -m unittest discover -s tests.

Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.


19–22. Vedtekne avgjerder (implementerte og verifiserte)

Desse fire vart tekne undervegs og er no innarbeidde i §1–§18. Kvar referanse i §1–§18 peikar på avsnittet nedanfor. Den fulle grunngjevinga ligg i git-historikken.

§19 — registrering per nøkkel. Ei innsending gjeld éin vald nøkkel, ikkje alle tre. Brukaren vel éi wallet-programvare (Sparrow Wallet eller Nunchuk; nøkkel 3 er låst til Nunchuk) med eitt versjonsfelt. seed_backup_status, address_verified og derivation_height er fjerna. Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist.

§20 — skjulte felt som blir utleidde eller vidareførte. Nøkkel 3 samlar berre Availability; cloud-helse, «leverandøren er i drift» og kompatibilitet blir utleidde. For nøkkel 1 og 2 blir den tredje leverandøren vidareført, men kjem tilbake av seg sjølv om statusen var VULNERABLE eller COMPROMISED. Førre lagra verdi blir vist som placeholder. Alt utleidd og vidareført blir lista i Review-oppsummeringa, merkt som nettopp det.

§21 — engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel. IKKJE_VURDERT → NOT_ASSESSED, og BIP327/SLIP39 får YES/NO/NOT_ASSESSED. Skjema versjon 6: kvar råka tabell blir bygd opp att med PRAGMA foreign_keys = OFF og PRAGMA foreign_key_check før commit. Address path blir berre vist og lagra når verifiseringa er OK. GET /api/alerts summerer alle lagra kontrollar, med check_id og checked_at, slår saman like varsel og listar kritiske først. «Helsesjekk» og data/helsesjekk.sqlite3 er dokumenterte unntak frå engelskregelen.

§22 — utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt. Availability er obligatorisk med berre Ja/Nei. Når han er Nei, blir programvare, standardar og KI-status skjulte og ikkje kravde, og dei må vere tomme i POST — elles svarar serveren 400. Det blir ikkje lagra nokon slike rader, wallet_software er NULL, og software_compatibility_status blir NOT_ASSESSED. Nøkkel 3 held fram med dei utleidde cloud-verdiane sine og gir det samanslåtte varselet. Databasen kravde inga endring.

Framtidig arbeid, ikke no

  • Varsel om at oppsettet kan oppgraderast når alle nøklar og all programvare svarar YES på anten BIP327 eller SLIP39. Krev at appen ser på tvers av alle registreringar.
  • Ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på.

23. Avtalt vidare arbeid før StartOS-pakken

Dette vart avtalt 02.10.2026. §23.1 er implementert og verifisert (138 grøne testar). §23.2–§23.5 står opne. Arbeidet skal gjerast før steg 9–12 i §18. Der §23 seier noko anna enn §3–§6, gjeld §23.

23.1 Skjemafiksar

  • Førehandsutfylling: Firmware version, Address path og Software version blir fylte med sist lagra verdi for den valde nøkkelen og den valde programvara. Verdien skal vere ein vanleg input-verdi, ikkje ein HTML-placeholder, slik at han blir lagra uendra dersom brukaren ikkje rører feltet. Feltet er tomt når det ikkje finst nokon relevant tidlegare verdi.
  • Software compatibility krev eit aktivt val mellom OK og PROBLEM. Nedtrekkslista startar på Select status. NOT_ASSESSED skal ikkje kunne sendast inn for nye registreringar, og serveren skal avvise manglande verdi med 400. Gamle rader med NOT_ASSESSED blir framleis viste i historikk og eksport.
  • Kontaktspørsmålet blir endra til å gjelde berre nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen, til dømes «Have you confirmed that the key holder contact details are current?».
  • Kontaktstadfesting får verdiane Confirmed current og Needs external update. Needs external update viser ei påminning om at kontaktinformasjonen må oppdaterast eksternt. Det blir framleis berre lagra status, aldri namn, adresse, telefonnummer, e-post eller påloggingsinformasjon.

23.2 Konfigurerbart nøkkeloppsett

  • Appen støttar framleis nøyaktig tre nøklar, men kvar nøkkel kan vere hardware eller cloud, fritt fordelt mellom dei tre plassane.
  • Ved første oppstart på ein ny database viser appen eit oppsettsteg der brukaren gir kvar nøkkel eit namn og vel type.
  • Namna må vere unike og ikkje-tomme. Duplikat blir avviste.
  • Namnet brukaren skriv, til dømes SeedSigner, blir brukt som produktnamn i kontrollar, varsel, historikk og CSV-eksport.
  • Namn og type blir lagra i SQLite saman med historikken, og er låste etter at oppsettet er lagra.
  • Nøkkelnummeret blir vist saman med namnet der det trengst, til dømes Key 1: ColdCard, og namnet åleine der nøkkelen er tydeleg frå konteksten.
  • Eksisterande installasjonar: oppsettet blir lese ut frå nøkkelradene som alt ligg i databasen, og all historikk blir bevart. Ei database som ikkje kan lesast gir ein tydeleg feil og blir ikkje behandla som ein ny installasjon.
  • Nye, tomme databasar får førstegongsoppsettet.

23.3 Typebaserte kontrollar og val

  • Kontrollar, validering, varsel, historikk og CSV-eksport blir styrte av nøkkeltype og konfigurert namn, ikkje av faste nøkkelnummer eller faste produktnamn.
  • Hardware-nøklar følgjer dagens kontrollar for nøkkel 1 og 2. Cloud-nøklar følgjer Nunchuk-modellen, men viser det konfigurerte namnet.
  • Wallet software-vala er Sparrow pluss namnet på kvar konfigurert cloud-nøkkel. Namn på hardware-nøklar blir aldri lagde til i denne lista. Nunchuk kjem difor berre fram som software-val når ein cloud-nøkkel faktisk heiter Nunchuk.
  • KI-sikkerheitsstatus blir registrert for den valde nøkkelen (ved namn) og den valde programvara. Vidareføringa av status for ein tredje leverandør (§20) blir fjerna. Dupliserte rader blir unngåtte når namnet på nøkkelen og programvara er like.
  • BIP327/SLIP39 blir registrerte for den valde nøkkelen og den valde programvara, utan duplikat.
  • For ein cloud-nøkkel med sjølvvalt namn gjeld cloud-kontrollane framleis, men det konfigurerte namnet blir vist.

23.4 Datamodell og migrering

  • Lagring av nøkkeloppsettet (namn og type) i SQLite, med ny skjemaversjon.
  • Migrering av eldre databasar som manglar lagra oppsett, utan tap av historikk.
  • Migrering av contact_info_verified frå Ja/Nei til Confirmed current / Needs external update.
  • Migreringa skal framleis køyre med PRAGMA foreign_keys = OFF og PRAGMA foreign_key_check før commit (§21).

23.5 Testar

  • Testar for førstegongsoppsett, duplikatnamn og låsing av namn og type.
  • Testar for kvar nøkkeltype, og for alle tre nøklane som cloud-nøklar.
  • Testar for dynamiske Wallet software-val, inkludert at eit hardware-namn ikkje dukkar opp der.
  • Testar for førehandsutfylling, kravd kompatibilitetsstatus og kontaktpåminning.
  • Testar for migrering av eldre database med historikk, og for uleseleg database.
  • Alle eksisterande 123 testar skal framleis vere grøne.

23.6 Framtidig arbeid, ikkje no

  • Fleire enn tre nøklar, og andre tersklar enn 2-av-3.
  • Ei brukardefinert liste over wallet-programvare, slik at brukaren kan leggje inn si eiga liste.