Files
vardkey/TODO.md
T

25 KiB
Raw Blame History

TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0

Mål

Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.

Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit fast 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar:

  • Nøkkel 1: SeedSigner
  • Nøkkel 2: Blockstream Jade
  • Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk

Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.

Denne TODO.md er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.

Om dokumentet: §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. §19–§22 er avgjerder som vart vedtekne undervegs, alle implementerte og verifiserte, og som er innarbeidde i §1–§18. Dei står att nedst som ein kort historikk over kva som vart endra og kvifor.

Språkkrav

  • Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
  • TODO.md kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.

1. Scope for første versjon

Dette skal vere med

  • Ein enkel web-app med dashboard.
  • Registrering av dei tre nøklane.
  • Registrering av årleg health check.
  • Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
  • Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
  • Historikk over gjennomførte health checks.
  • Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
  • Rapporteksport i CSV-format.
  • Lokal SQLite-database.
  • Persistent lagring på StartOS.
  • StartOS health check.
  • StartOS backup og restore.

Dette skal ikkje vere med i første versjon

  • Ingen AI-integrasjon i appen.
  • Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
  • Ingen Bitcoin-signering.
  • Ingen PSBT-generering eller signering.
  • Ingen seed phrase-lagring.
  • Ingen private key-lagring.
  • Ingen cloud sync av appdata.
  • Ingen ekstern database.
  • Ingen PWA/offline-database.
  • Ingen kalenderintegrasjon.
  • Ingen avansert analyse eller grafar.
  • Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.

Merk: denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.


2. Viktige reglar for appen

  • Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter.
  • Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald.
  • Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert.
  • Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
  • Appen skal vere lokal og enkel.
  • Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.

3. Fast oppsett som appen skal støtte

Appen skal starte med eitt fast multisig-oppsett:

Nøkkel Type Einheit
1 Hardware SeedSigner
2 Hardware Blockstream Jade
3 Cloud Nunchuk
  • Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
  • Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
  • Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.
  • La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ikkje no — faste namn er nok for MVP.)

4. Datamodell

SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte * er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.

keys — dei tre faste nøklane. id, key_number (1–3), name, type (hardware/cloud), device (SeedSigner / Blockstream Jade / Nunchuk), created_at.

health_checks — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19). id, checked_at, next_check_due, wallet_software, software_version, software_compatibility_status, sparrow_version*, nunchuk_version*, software_comments, contact_info_verified, comments.

key_checks — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending. id, health_check_id, key_id, available, hardware_works, firmware_version, seed_backup_verified, cloud_health_status, cloud_provider_operational, address_path_verified, address_path, comments.

tool_checks — BIP327/SLIP39, maks to rader per innsending (§19). id, health_check_id, product, bip327_status, slip39_status, version*, checked_at*, notes*.

ai_security_checks — KI-sikkerheitsstatus per leverandør. id, health_check_id, provider, status, comments.

Reglar:

  • hardware_works, firmware_version og seed_backup_verified er berre relevante for nøkkel 1 og 2.
  • cloud_health_status og cloud_provider_operational er berre relevante for nøkkel 3, og blir ikkje spurt om (§20).
  • seed_backup_verified og address_path_verified har berre verdiane OK eller PROBLEM, og er obligatoriske når available er Ja.
  • address_path lagrar den verifiserte adressestien.
  • Når available er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For nøkkel 3 blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20).
  • seed_backup_status, address_verified og derivation_height er fjerna (§19).
  • Når available er Nei, blir wallet_software, tool_checks og ai_security_checks ikkje registrerte i det heile (§22).

5. Statusverdiar

  • Generelle kontrollar brukar OK, PROBLEM eller NOT_ASSESSED.
  • seed_backup_verified og address_path_verified brukar berre OK eller PROBLEM.
  • BIP327- og SLIP39-statusane brukar YES, NO eller NOT_ASSESSED (§21).
  • KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig SECURE, PATCHED, VULNERABLE og COMPROMISED. Ingen andre.
  • Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
  • Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.

6. Årleg health check — steg for steg

Steg 1 — Start kontroll

  • Brukaren trykkjer Start årleg health check og vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19).
  • Availability er obligatorisk: Ja eller Nei (§22).
  • Dagens dato blir føreslått automatisk.
  • Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.

Steg 2 — Nøkkel 1: SeedSigner

  • Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
  • Hardware fungerer / fungerer ikkje.
  • Registrer firmware-versjon.
  • Seed-backup intakt og stemmer med hardware → seed_backup_verified (OK / PROBLEM).
  • Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti → address_path_verified (OK / PROBLEM) og address_path.
  • Kommentar ved behov.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).

Steg 3 — Nøkkel 2: Blockstream Jade

  • Same kontrollar som for nøkkel 1: tilgjengeleg, hardware fungerer, firmware-versjon, seed-backup (seed_backup_verified), adresse og sti (address_path_verified, address_path), kommentar.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).

Steg 4 — Nøkkel 3: Nunchuk sky-nøkkel

  • Berre Availability blir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20).
  • Verifiser relevant adresse/oppsett → address_path_verified (OK / PROBLEM) og address_path.
  • Kommentar ved behov.

Steg 5 — Programvare-kompatibilitet

  • Brukaren vel éi wallet-programvare: Sparrow Wallet eller Nunchuk. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk.
  • Registrer versjonen til den valde programvara i software_version.
  • Registrer OK eller PROBLEM, med kommentar ved problem.
  • For nøkkel 3 er feltet skjult og utleidd (§20).
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22).

Steg 6 — BIP327 / SLIP39

  • Registrer bip327_status og slip39_status for nøkkelproduktet og den valde programvara: maks to rader, utan duplikat, og éi rad for nøkkel 3.
  • Verdiane er YES, NO eller NOT_ASSESSED (§21).
  • «Version checked», «Date checked» og «Notes or source» er tekne ut.
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen rader registrerte (§22).

Steg 7 — KI-sikkerheitsstatus

  • Leverandørar per innsending: nøkkel 1 → SeedSigner, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 2 → Blockstream Jade, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 3 → Nunchuk åleine.
  • Registrer status (SECURE / PATCHED / VULNERABLE / COMPROMISED) og ein kort kommentar.
  • For nøkkel 1 og 2 blir berre nøkkelproduktet og den valde programvara vist; den tredje leverandøren blir vidareført (§20).
  • Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22).
  • Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.

Steg 8 — Kontaktinfo

  • Stadfest at kontaktinformasjonen til alle nøkkelhaldarane er gyldig, og lagre berre Ja / Nei.
  • Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.

Steg 9 — Kommentar

  • Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.

Steg 10 — Oppsummering

  • Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde eller vidareførte verdiar merkte som nettopp det (§20).
  • Brukaren må trykkje Lagre health check for å lagre kontrollen.

7. Varsel og oppfølging

  • Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For nøkkel 3 eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20).
  • Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware.
  • Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Cloud-helse PROBLEM eller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
  • Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast.
  • BIP327-status YES → framtidig BIP327-oppgradering kan vurderast (§21).
  • SLIP39-status YES → framtidig SLIP39-aktivering kan vurderast (§21).
  • KI-status VULNERABLE → firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp.
  • KI-status COMPROMISED → nøkkeltapsprosedyren må følgjast.
  • Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.
  • Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same code og source) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21).
  • Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv.

8. Dashboard

  • Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane.
  • Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19).
  • Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren.
  • Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21).
  • Knapp Start årleg health check, lenke Historikk og lenke Download CSV.

9. Historikk

  • Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19).
  • Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, BIP327/SLIP39, KI-status og kommentarar.
  • Gamle health checks blir aldri overskrivne.

10. Rapporteksport

  • GET /api/export gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.
  • Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen Check id knyter saman rader frå same innsending.
  • Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, BIP327/SLIP39, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
  • Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som SeedSigner: YES; Sparrow Wallet: NO.
  • Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21).

11. Backend

  • SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 6 (§21).
  • Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
  • Varsellogikken (§7).
  • Health endpoint.

Minimumsendepunkt:

  • GET /health
  • GET /api/keys
  • GET /api/health-checks
  • GET /api/health-checks/:id
  • POST /api/health-checks
  • GET /api/export

Merk: GET /api/key-status, GET /api/previous-values og GET /api/alerts er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.

  • POST /api/health-checks krev éin konfigurert nøkkel, available og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22).
  • POST /api/health-checks krev ikkje programvare, standardar eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).

12. Frontend

  • Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
  • Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
  • Vis problem tydeleg.
  • Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
  • Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21).
  • Skjul programvare, standardar og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
  • Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.

13. StartOS 0.4.0

Bygg appen som éin enkel StartOS-service.

StartOS 0.4.0
└── Helsesjekk
    ├── Web UI
    ├── Backend/API
    ├── SQLite
    └── Persistent data
  • Opprett StartOS package.
  • Opprett manifest.
  • Opprett service-definisjon.
  • Opprett HTTP web-interface.
  • Opprett persistent volume.
  • Opprett health check.
  • Opprett backup-oppsett.
  • Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
  • Bygg .s9pk.
  • Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.

Unngå:

  • Ingen Postgres.
  • Ingen Redis.
  • Ingen ekstern backend.
  • Ingen ekstern cloud-service for appdata.
  • Ingen ekstra container utan konkret behov.

Merk: denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.


14. Lagring og backup

  • SQLite-database skal liggje på persistent volum.
  • Appdata skal overleve restart.
  • Konfigurer StartOS backup av persistent data.
  • Test backup.
  • Test restore.
  • Verifiser at gamle health checks finst etter restore.

15. Sikkerheit og personvern

  • Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
  • Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som verifisert / ikkje verifisert.
  • Valider input på serveren.
  • Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
  • Ikkje implementer eigen kryptografi.
  • Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.

16. Testing

Funksjonstest

  • Opprett dei tre nøklane.
  • Start health check.
  • Fullfør alle kontrollpunkt.
  • Lagre health check.
  • Vis han i historikken.
  • Start ny health check.
  • Verifiser at gammal kontroll framleis finst.

Problemtest

  • Test nøkkel utilgjengeleg.
  • Test hardware-feil.
  • Test seed-backup-feil.
  • Test adresseverifiseringsfeil.
  • Test programvare-inkompatibilitet.
  • Test BIP327-resultat.
  • Test SLIP39-resultat.
  • Test KI-status VULNERABLE.
  • Test KI-status COMPROMISED.
  • Test kontaktinfo NEI.

StartOS-test

  • Installer .s9pk på StartOS 0.4.0.
  • Start service.
  • Opne web UI.
  • Utfør ein komplett test-check.
  • Restart service.
  • Verifiser at data framleis finst.
  • Ta backup.
  • Restore backup.
  • Verifiser data etter restore.

17. Ferdigkriterium for første release

Før første release skal alle desse vere oppfylte:

  • Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
  • Dei tre nøklane er representerte i appen.
  • Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
  • Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
  • BIP327/SLIP39 kan registrerast for SeedSigner, Blockstream Jade, Nunchuk og Sparrow.
  • KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
  • Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
  • Problem gir tydelege varsel.
  • Neste sjekk blir lagra.
  • Historikk fungerer.
  • CSV-rapport kan eksporterast.
  • Data overlever restart.
  • Backup og restore fungerer.
  • Ingen wallet-hemmeligheiter blir lagra.

18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren

Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:

  • 1. Opprett grunnleggande web-app.
  • 2. Opprett SQLite og datamodellen.
  • 3. Implementer dei tre faste nøklane.
  • 4. Implementer health check-skjemaet.
  • 5. Implementer lagring og historikk.
  • 6. Implementer varsellogikken.
  • 7. Implementer dashboard.
  • 8. Implementer rapporteksport.
  • 9. Implementer StartOS package.
  • 10. Implementer persistent storage og backup.
  • 11. Test restart og restore.
  • 12. Bygg endeleg .s9pk og gjer første release.

Merk: steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert.

Testar: 123 grøne testar etter §22. Køyr python3 -m unittest discover -s tests.

Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.


19. Avgjerd (implementert og verifisert): registrering per nøkkel

Overstyrer kravet om at alle nøklane må registrerast i same innsending. Eksisterande historiske data er bevarte. Endra §4, §6, §7, §8, §9, §10 og §11.

  • Ei innsending gjeld kontrollen av éin vald nøkkel, ikkje alle tre.
  • Alle nøkkelkontrollar og nøkkelnotat i innsendinga gjeld berre den valde nøkkelen.
  • Brukaren vel sjekkdato. Neste sjekkdato blir rekna på serveren som eitt kalenderår etterpå, og kan ikkje redigerast.
  • Brukaren vel éi wallet-programvare: Sparrow Wallet eller Nunchuk. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk. Eitt programvarefelt og eitt versjonsfelt erstattar dei separate versjonsfelta.
  • BIP327/SLIP39 blir registrert for nøkkelproduktet pluss vald programvare, utan duplikat: maks to rader, éi rad for nøkkel 3.
  • Security status følgjer vald nøkkel: nøkkelproduktet og vald programvare, og for nøkkel 3 berre Nunchuk — éin gong.
  • seed_backup_verified (nøkkel 1 og 2) og address_path_verified er OK/PROBLEM og obligatoriske når nøkkelen er tilgjengeleg.
  • seed_backup_status, address_verified og derivation_height er fjerna. Sjekkpunktet «Verifiser derivasjonshøgd» blir dekt av address_path.
  • Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist.

20. Avgjerd (implementert og verifisert): skjulte felt som blir utleidde eller vidareførte

Endra §4, §6 (steg 4, 5, 7 og 10), §7, §11 og §19.

  • Nøkkel 3 samlar berre Availability. Cloud health check og Provider operational er fjerna frå skjemaet og blir utleidde: Ja → cloud_health_status = OK og cloud_provider_operational = 1; Nei → PROBLEM og 0. Ubesvart → begge tomme.
  • Software compatibility for nøkkel 3 er skjult og utleidd: Ja → OK, Nei → NOT_ASSESSED. Nøkkel 3 kan difor ikkje lenger gi varselet software_incompatible.
  • For nøkkel 1 og 2 viser Security status berre nøkkelproduktet og vald programvare. Den tredje leverandøren er skjult og får siste lagra status — men blir synleg att om den statusen var VULNERABLE eller COMPROMISED. Manglar han tidlegare status, startar han som SECURE.
  • Dei skjulte verdiane blir framleis sende inn, slik at POST-kontrakten, historikken og eksporten er uendra.
  • Firmware version og Address path viser førre lagra verdi som placeholder. Software version viser førre verdi berre når same programvare er vald no.
  • Alle utleidde og vidareførte verdiar blir lista i Review-oppsummeringa, merkte som utleidde eller vidareførte.
  • Når nøkkel 3 er utilgjengeleg, kjem det eitt samanslått kritisk varsel: «This key was not available and the cloud provider is recorded as not operating. Check the provider status and replace the key before continuing; the remaining checks for this key cannot be recorded.»
  • cloud_provider_problem held fram for rader der nøkkelen var tilgjengeleg (gamle rader).
  • Kolonnane cloud_health_status, cloud_provider_operational og software_compatibility_status er behaldne for gamle rader.

21. Avgjerd (implementert og verifisert): engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel

Endra §4, §5, §6 (steg 2, 3 og 6), §7, §8, §10, §11 og §12.

  • IKKJE_VURDERT er bytt til NOT_ASSESSED på alle fire kolonnane som brukar han: health_checks.software_compatibility_status, key_checks.cloud_health_status, tool_checks.bip327_status og tool_checks.slip39_status.
  • BIP327- og SLIP39-statusane har verdiane YES, NO og NOT_ASSESSED i staden for OK, PROBLEM og IKKJE_VURDERT. Berre YES utløyser varsel; eit rapportert NO er eit negativt resultat og gir ingen.
  • Migreringa mappar gamle rader: OK → YES, PROBLEM → NO, IKKJE_VURDERT → NOT_ASSESSED. Skjemaet går til versjon 6.
  • Kvar råka tabell blir bygd opp att etter den dokumenterte SQLite-prosedyren. health_checks er ein foreldretabell, så migreringa køyrer med PRAGMA foreign_keys = OFF, sjekkar PRAGMA foreign_key_check før commit og rullar tilbake ved feil.
  • Skjemaval, validering, varsel, CSV-eksport og testar brukar dei nye verdiane.
  • Address path blir berre vist og lagra når Address path verified er OK; elles er feltet skjult og tømt.
  • GET /api/alerts summerer varsla frå alle lagra kontrollar, ikkje berre den siste. Kvart varsel har med check_id og checked_at.
  • Like varsel (same code og source) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist, med datoen sin.
  • Varsla blir lista med dei kritiske først, og deretter nyaste først. Framsida viser alle varsla frå endepunktet.
  • Produktnamnet «Helsesjekk» og databasefilnamnet data/helsesjekk.sqlite3 er behaldne og dokumenterte som bevisste unntak frå engelskregelen i README.md.
  • Framtidig, ikkje no: varsel om at oppsettet kan oppgraderast når alle nøklar og all programvare svarar YES på anten BIP327 eller SLIP39. Krev at appen ser på tvers av alle registreringar.
  • Framtidig, ikkje no: ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på.

22. Avgjerd (implementert og verifisert): utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt

Vedteken etter §21. Endra §4 (reglane for key_checks), §6 (steg 1, 5, 6 og 7), §7, §11 og §12.

Bakgrunn: fram til no kravde skjemaet Wallet software og alle Security status-felta, og serveren kravde wallet_software, tool_checks og ai_security_checks. Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, finst det ingenting å registrere, så innsendinga vart blokkert utan grunn. Ei innsending som berre seier at nøkkelen mangla, er eit fullgodt resultat og skal gi varselet key_unavailable.

Availability blir obligatorisk

  • Availability har berre verdiane Ja og Nei. «Not assessed» er ikkje eit alternativ.
  • Serveren krev available og avviser ein POST utan det med 400.

Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg

  • Software compatibility, BIP327 and SLIP39 support og Security status er skjulte i skjemaet og blir ikkje kravde.
  • Innsendinga treng berre Availability, nøkkelnotat, kontaktstadfesting og overordna kommentar.
  • wallet_software, tool_checks og ai_security_checks er tomme. Er dei ikkje tomme, avviser serveren med 400 — data blir ikkje kasta i det stille.
  • software_compatibility_status kan utelatast og blir då lagra som NOT_ASSESSED.
  • Det blir ikkje lagra tool_checks- eller ai_security_checks-rader, og wallet_software er NULL.
  • Nøkkel 3 held fram med å lagre dei utleidde cloud-verdiane sine (§20) og gir det samanslåtte kritiske varselet (§7).

Uendra

  • Varselet er framleis key_unavailable; det er sjølve poenget med innsendinga.
  • Databasen kravde ingen kolonneendring, og skjemaet held fram som versjon 6.
  • Historikk og CSV viser tomt for dei felta som ikkje er registrerte.
  • Når nøkkelen er tilgjengeleg, er krava uendra.
  • Kontaktstadfesting og overordna kommentar er framleis valfrie felt.

Merknad: ein required-kontroll inne i ein skjult container blir framleis validert av nettlesaren, så dei tre delane teiknar eit tomt-notat i staden for påkravde felt når nøkkelen er utilgjengeleg. Elles ville skjemaet sett rett ut, men ikkje kunne lagrast.