Files
vardkey/TODO.md
T

505 lines
25 KiB
Markdown
Raw Blame History

This file contains ambiguous Unicode characters
This file contains Unicode characters that might be confused with other characters. If you think that this is intentional, you can safely ignore this warning. Use the Escape button to reveal them.
# TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0
## Mål
Bygg ein **enkel lokal web-app** som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.
Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit fast **2-av-3 multisig-oppsett** med tre nøklar:
- Nøkkel 1: SeedSigner
- Nøkkel 2: Blockstream Jade
- Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk
Appen skal **berre registrere resultat og historikk**. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.
Denne `TODO.md` er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.
**Om dokumentet:** §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. §19–§22 er avgjerder som vart vedtekne undervegs, alle implementerte og verifiserte, og som er innarbeidde i §1–§18. Dei står att nedst som ein kort historikk over kva som vart endra og kvifor.
## Språkkrav
- [x] Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
- [x] `TODO.md` kan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.
---
# 1. Scope for første versjon
## Dette skal vere med
- [x] Ein enkel web-app med dashboard.
- [x] Registrering av dei tre nøklane.
- [x] Registrering av årleg health check.
- [x] Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
- [x] Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
- [x] Historikk over gjennomførte health checks.
- [x] Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
- [x] Rapporteksport i CSV-format.
- [x] Lokal SQLite-database.
- [ ] Persistent lagring på StartOS.
- [ ] StartOS health check.
- [ ] StartOS backup og restore.
## Dette skal ikkje vere med i første versjon
- [ ] Ingen AI-integrasjon i appen.
- [ ] Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
- [ ] Ingen Bitcoin-signering.
- [ ] Ingen PSBT-generering eller signering.
- [ ] Ingen seed phrase-lagring.
- [ ] Ingen private key-lagring.
- [ ] Ingen cloud sync av appdata.
- [ ] Ingen ekstern database.
- [ ] Ingen PWA/offline-database.
- [ ] Ingen kalenderintegrasjon.
- [ ] Ingen avansert analyse eller grafar.
- [ ] Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.
**Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.
---
# 2. Viktige reglar for appen
- [x] Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmeligheiter.
- [x] Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald.
- [x] Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert.
- [x] Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
- [x] Appen skal vere lokal og enkel.
- [x] Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.
---
# 3. Fast oppsett som appen skal støtte
Appen skal starte med eitt fast multisig-oppsett:
| Nøkkel | Type | Einheit |
|---|---|---|
| 1 | Hardware | SeedSigner |
| 2 | Hardware | Blockstream Jade |
| 3 | Cloud | Nunchuk |
- [x] Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
- [x] Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
- [x] Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.
- [ ] La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ikkje no — faste namn er nok for MVP.)
---
# 4. Datamodell
SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte `*` er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.
**`keys`** — dei tre faste nøklane.
`id`, `key_number` (1–3), `name`, `type` (`hardware`/`cloud`), `device` (SeedSigner / Blockstream Jade / Nunchuk), `created_at`.
**`health_checks`** — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19).
`id`, `checked_at`, `next_check_due`, `wallet_software`, `software_version`, `software_compatibility_status`, `sparrow_version*`, `nunchuk_version*`, `software_comments`, `contact_info_verified`, `comments`.
**`key_checks`** — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending.
`id`, `health_check_id`, `key_id`, `available`, `hardware_works`, `firmware_version`, `seed_backup_verified`, `cloud_health_status`, `cloud_provider_operational`, `address_path_verified`, `address_path`, `comments`.
**`tool_checks`** — BIP327/SLIP39, maks to rader per innsending (§19).
`id`, `health_check_id`, `product`, `bip327_status`, `slip39_status`, `version*`, `checked_at*`, `notes*`.
**`ai_security_checks`** — KI-sikkerheitsstatus per leverandør.
`id`, `health_check_id`, `provider`, `status`, `comments`.
Reglar:
- [x] `hardware_works`, `firmware_version` og `seed_backup_verified` er berre relevante for nøkkel 1 og 2.
- [x] `cloud_health_status` og `cloud_provider_operational` er berre relevante for nøkkel 3, og blir ikkje spurt om (§20).
- [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` har berre verdiane `OK` eller `PROBLEM`, og er obligatoriske når `available` er Ja.
- [x] `address_path` lagrar den verifiserte adressestien.
- [x] Når `available` er Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For nøkkel 3 blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20).
- [x] `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna (§19).
- [x] Når `available` er Nei, blir `wallet_software`, `tool_checks` og `ai_security_checks` ikkje registrerte i det heile (§22).
---
# 5. Statusverdiar
- [x] Generelle kontrollar brukar `OK`, `PROBLEM` eller `NOT_ASSESSED`.
- [x] `seed_backup_verified` og `address_path_verified` brukar berre `OK` eller `PROBLEM`.
- [x] BIP327- og SLIP39-statusane brukar `YES`, `NO` eller `NOT_ASSESSED` (§21).
- [x] KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig `SECURE`, `PATCHED`, `VULNERABLE` og `COMPROMISED`. Ingen andre.
- [x] Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
- [x] Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.
---
# 6. Årleg health check — steg for steg
## Steg 1 — Start kontroll
- [x] Brukaren trykkjer `Start årleg health check` og vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19).
- [x] `Availability` er obligatorisk: Ja eller Nei (§22).
- [x] Dagens dato blir føreslått automatisk.
- [x] Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.
## Steg 2 — Nøkkel 1: SeedSigner
- [x] Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
- [x] Hardware fungerer / fungerer ikkje.
- [x] Registrer firmware-versjon.
- [x] Seed-backup intakt og stemmer med hardware → `seed_backup_verified` (`OK` / `PROBLEM`).
- [x] Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`.
- [x] Kommentar ved behov.
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).
## Steg 3 — Nøkkel 2: Blockstream Jade
- [x] Same kontrollar som for nøkkel 1: tilgjengeleg, hardware fungerer, firmware-versjon, seed-backup (`seed_backup_verified`), adresse og sti (`address_path_verified`, `address_path`), kommentar.
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).
## Steg 4 — Nøkkel 3: Nunchuk sky-nøkkel
- [x] Berre `Availability` blir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20).
- [x] Verifiser relevant adresse/oppsett → `address_path_verified` (`OK` / `PROBLEM`) og `address_path`.
- [x] Kommentar ved behov.
## Steg 5 — Programvare-kompatibilitet
- [x] Brukaren vel éi wallet-programvare: `Sparrow Wallet` eller `Nunchuk`. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk.
- [x] Registrer versjonen til den valde programvara i `software_version`.
- [x] Registrer `OK` eller `PROBLEM`, med kommentar ved problem.
- [x] For nøkkel 3 er feltet skjult og utleidd (§20).
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22).
## Steg 6 — BIP327 / SLIP39
- [x] Registrer `bip327_status` og `slip39_status` for nøkkelproduktet og den valde programvara: maks to rader, utan duplikat, og éi rad for nøkkel 3.
- [x] Verdiane er `YES`, `NO` eller `NOT_ASSESSED` (§21).
- [x] «Version checked», «Date checked» og «Notes or source» er tekne ut.
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen rader registrerte (§22).
## Steg 7 — KI-sikkerheitsstatus
- [x] Leverandørar per innsending: nøkkel 1 → SeedSigner, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 2 → Blockstream Jade, Sparrow Wallet, Nunchuk. Nøkkel 3 → Nunchuk åleine.
- [x] Registrer status (`SECURE` / `PATCHED` / `VULNERABLE` / `COMPROMISED`) og ein kort kommentar.
- [x] For nøkkel 1 og 2 blir berre nøkkelproduktet og den valde programvara vist; den tredje leverandøren blir vidareført (§20).
- [x] Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22).
- [x] Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.
## Steg 8 — Kontaktinfo
- [x] Stadfest at kontaktinformasjonen til alle nøkkelhaldarane er gyldig, og lagre berre Ja / Nei.
- [x] Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.
## Steg 9 — Kommentar
- [x] Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.
## Steg 10 — Oppsummering
- [x] Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde eller vidareførte verdiar merkte som nettopp det (§20).
- [x] Brukaren må trykkje `Lagre health check` for å lagre kontrollen.
---
# 7. Varsel og oppfølging
- [x] Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For nøkkel 3 eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20).
- [x] Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware.
- [x] Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
- [x] Cloud-helse `PROBLEM` eller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
- [x] Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
- [x] Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast.
- [x] BIP327-status `YES` → framtidig BIP327-oppgradering kan vurderast (§21).
- [x] SLIP39-status `YES` → framtidig SLIP39-aktivering kan vurderast (§21).
- [x] KI-status `VULNERABLE` → firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp.
- [x] KI-status `COMPROMISED` → nøkkeltapsprosedyren må følgjast.
- [x] Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.
- [x] Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same `code` og `source`) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21).
- [x] Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv.
---
# 8. Dashboard
- [x] Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane.
- [x] Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19).
- [x] Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren.
- [x] Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21).
- [x] Knapp `Start årleg health check`, lenke `Historikk` og lenke `Download CSV`.
---
# 9. Historikk
- [x] Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19).
- [x] Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, BIP327/SLIP39, KI-status og kommentarar.
- [x] Gamle health checks blir aldri overskrivne.
---
# 10. Rapporteksport
- [x] `GET /api/export` gjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.
- [x] Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen `Check id` knyter saman rader frå same innsending.
- [x] Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, BIP327/SLIP39, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
- [x] Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som `SeedSigner: YES; Sparrow Wallet: NO`.
- [x] Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21).
---
# 11. Backend
- [x] SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 6 (§21).
- [x] Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
- [x] Varsellogikken (§7).
- [x] Health endpoint.
Minimumsendepunkt:
- [x] `GET /health`
- [x] `GET /api/keys`
- [x] `GET /api/health-checks`
- [x] `GET /api/health-checks/:id`
- [x] `POST /api/health-checks`
- [x] `GET /api/export`
**Merk:** `GET /api/key-status`, `GET /api/previous-values` og `GET /api/alerts` er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.
- [x] `POST /api/health-checks` krev éin konfigurert nøkkel, `available` og gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22).
- [x] `POST /api/health-checks` krev ikkje programvare, standardar eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
---
# 12. Frontend
- [x] Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
- [x] Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
- [x] Vis problem tydeleg.
- [x] Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
- [x] Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21).
- [x] Skjul programvare, standardar og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
- [ ] Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.
---
# 13. StartOS 0.4.0
Bygg appen som éin enkel StartOS-service.
```text
StartOS 0.4.0
└── Helsesjekk
├── Web UI
├── Backend/API
├── SQLite
└── Persistent data
```
- [ ] Opprett StartOS package.
- [ ] Opprett manifest.
- [ ] Opprett service-definisjon.
- [ ] Opprett HTTP web-interface.
- [ ] Opprett persistent volume.
- [ ] Opprett health check.
- [ ] Opprett backup-oppsett.
- [ ] Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
- [ ] Bygg `.s9pk`.
- [ ] Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.
Unngå:
- [ ] Ingen Postgres.
- [ ] Ingen Redis.
- [ ] Ingen ekstern backend.
- [ ] Ingen ekstern cloud-service for appdata.
- [ ] Ingen ekstra container utan konkret behov.
**Merk:** denne lista er eit varig forbod, ikkje ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.
---
# 14. Lagring og backup
- [ ] SQLite-database skal liggje på persistent volum.
- [ ] Appdata skal overleve restart.
- [ ] Konfigurer StartOS backup av persistent data.
- [ ] Test backup.
- [ ] Test restore.
- [ ] Verifiser at gamle health checks finst etter restore.
---
# 15. Sikkerheit og personvern
- [x] Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
- [x] Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som verifisert / ikkje verifisert.
- [x] Valider input på serveren.
- [x] Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
- [x] Ikkje implementer eigen kryptografi.
- [x] Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.
---
# 16. Testing
## Funksjonstest
- [ ] Opprett dei tre nøklane.
- [ ] Start health check.
- [ ] Fullfør alle kontrollpunkt.
- [ ] Lagre health check.
- [ ] Vis han i historikken.
- [ ] Start ny health check.
- [ ] Verifiser at gammal kontroll framleis finst.
## Problemtest
- [ ] Test nøkkel utilgjengeleg.
- [ ] Test hardware-feil.
- [ ] Test seed-backup-feil.
- [ ] Test adresseverifiseringsfeil.
- [ ] Test programvare-inkompatibilitet.
- [ ] Test BIP327-resultat.
- [ ] Test SLIP39-resultat.
- [ ] Test KI-status `VULNERABLE`.
- [ ] Test KI-status `COMPROMISED`.
- [ ] Test kontaktinfo `NEI`.
## StartOS-test
- [ ] Installer `.s9pk` på StartOS 0.4.0.
- [ ] Start service.
- [ ] Opne web UI.
- [ ] Utfør ein komplett test-check.
- [ ] Restart service.
- [ ] Verifiser at data framleis finst.
- [ ] Ta backup.
- [ ] Restore backup.
- [ ] Verifiser data etter restore.
---
# 17. Ferdigkriterium for første release
Før første release skal alle desse vere oppfylte:
- [ ] Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
- [ ] Dei tre nøklane er representerte i appen.
- [ ] Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
- [ ] Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
- [ ] BIP327/SLIP39 kan registrerast for SeedSigner, Blockstream Jade, Nunchuk og Sparrow.
- [ ] KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
- [ ] Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
- [ ] Problem gir tydelege varsel.
- [ ] Neste sjekk blir lagra.
- [ ] Historikk fungerer.
- [ ] CSV-rapport kan eksporterast.
- [ ] Data overlever restart.
- [ ] Backup og restore fungerer.
- [ ] Ingen wallet-hemmeligheiter blir lagra.
---
# 18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren
Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:
- [x] 1. Opprett grunnleggande web-app.
- [x] 2. Opprett SQLite og datamodellen.
- [x] 3. Implementer dei tre faste nøklane.
- [x] 4. Implementer health check-skjemaet.
- [x] 5. Implementer lagring og historikk.
- [x] 6. Implementer varsellogikken.
- [x] 7. Implementer dashboard.
- [x] 8. Implementer rapporteksport.
- [ ] 9. Implementer StartOS package.
- [ ] 10. Implementer persistent storage og backup.
- [ ] 11. Test restart og restore.
- [ ] 12. Bygg endeleg `.s9pk` og gjer første release.
**Merk:** steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert.
**Testar:** 123 grøne testar etter §22. Køyr `python3 -m unittest discover -s tests`.
**Hovudregel:** Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.
---
# 19. Avgjerd (implementert og verifisert): registrering per nøkkel
Overstyrer kravet om at alle nøklane må registrerast i same innsending. Eksisterande historiske data er bevarte. Endra §4, §6, §7, §8, §9, §10 og §11.
- [x] Ei innsending gjeld kontrollen av **éin vald nøkkel**, ikkje alle tre.
- [x] Alle nøkkelkontrollar og nøkkelnotat i innsendinga gjeld berre den valde nøkkelen.
- [x] Brukaren vel sjekkdato. Neste sjekkdato blir rekna på serveren som eitt kalenderår etterpå, og kan ikkje redigerast.
- [x] Brukaren vel éi wallet-programvare: `Sparrow Wallet` eller `Nunchuk`. Nøkkel 3 er låst til Nunchuk. Eitt programvarefelt og eitt versjonsfelt erstattar dei separate versjonsfelta.
- [x] BIP327/SLIP39 blir registrert for nøkkelproduktet pluss vald programvare, utan duplikat: maks to rader, éi rad for nøkkel 3.
- [x] Security status følgjer vald nøkkel: nøkkelproduktet og vald programvare, og for nøkkel 3 berre Nunchuk — éin gong.
- [x] `seed_backup_verified` (nøkkel 1 og 2) og `address_path_verified` er `OK`/`PROBLEM` og obligatoriske når nøkkelen er tilgjengeleg.
- [x] `seed_backup_status`, `address_verified` og `derivation_height` er fjerna. Sjekkpunktet «Verifiser derivasjonshøgd» blir dekt av `address_path`.
- [x] Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist.
---
# 20. Avgjerd (implementert og verifisert): skjulte felt som blir utleidde eller vidareførte
Endra §4, §6 (steg 4, 5, 7 og 10), §7, §11 og §19.
- [x] Nøkkel 3 samlar berre `Availability`. `Cloud health check` og `Provider operational` er fjerna frå skjemaet og blir utleidde: Ja → `cloud_health_status` = `OK` og `cloud_provider_operational` = 1; Nei → `PROBLEM` og 0. Ubesvart → begge tomme.
- [x] `Software compatibility` for nøkkel 3 er skjult og utleidd: Ja → `OK`, Nei → `NOT_ASSESSED`. Nøkkel 3 kan difor ikkje lenger gi varselet `software_incompatible`.
- [x] For nøkkel 1 og 2 viser `Security status` berre nøkkelproduktet og vald programvare. Den tredje leverandøren er skjult og får siste lagra status — men blir synleg att om den statusen var `VULNERABLE` eller `COMPROMISED`. Manglar han tidlegare status, startar han som `SECURE`.
- [x] Dei skjulte verdiane blir framleis sende inn, slik at POST-kontrakten, historikken og eksporten er uendra.
- [x] `Firmware version` og `Address path` viser førre lagra verdi som placeholder. `Software version` viser førre verdi berre når same programvare er vald no.
- [x] Alle utleidde og vidareførte verdiar blir lista i Review-oppsummeringa, merkte som utleidde eller vidareførte.
- [x] Når nøkkel 3 er utilgjengeleg, kjem det **eitt** samanslått kritisk varsel: «This key was not available and the cloud provider is recorded as not operating. Check the provider status and replace the key before continuing; the remaining checks for this key cannot be recorded.»
- [x] `cloud_provider_problem` held fram for rader der nøkkelen var tilgjengeleg (gamle rader).
- [x] Kolonnane `cloud_health_status`, `cloud_provider_operational` og `software_compatibility_status` er behaldne for gamle rader.
---
# 21. Avgjerd (implementert og verifisert): engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel
Endra §4, §5, §6 (steg 2, 3 og 6), §7, §8, §10, §11 og §12.
- [x] `IKKJE_VURDERT` er bytt til `NOT_ASSESSED` på alle fire kolonnane som brukar han: `health_checks.software_compatibility_status`, `key_checks.cloud_health_status`, `tool_checks.bip327_status` og `tool_checks.slip39_status`.
- [x] BIP327- og SLIP39-statusane har verdiane `YES`, `NO` og `NOT_ASSESSED` i staden for `OK`, `PROBLEM` og `IKKJE_VURDERT`. Berre `YES` utløyser varsel; eit rapportert `NO` er eit negativt resultat og gir ingen.
- [x] Migreringa mappar gamle rader: `OK` → `YES`, `PROBLEM` → `NO`, `IKKJE_VURDERT` → `NOT_ASSESSED`. Skjemaet går til versjon 6.
- [x] Kvar råka tabell blir bygd opp att etter den dokumenterte SQLite-prosedyren. `health_checks` er ein foreldretabell, så migreringa køyrer med `PRAGMA foreign_keys = OFF`, sjekkar `PRAGMA foreign_key_check` før commit og rullar tilbake ved feil.
- [x] Skjemaval, validering, varsel, CSV-eksport og testar brukar dei nye verdiane.
- [x] `Address path` blir berre vist og lagra når `Address path verified` er `OK`; elles er feltet skjult og tømt.
- [x] `GET /api/alerts` summerer varsla frå alle lagra kontrollar, ikkje berre den siste. Kvart varsel har med `check_id` og `checked_at`.
- [x] Like varsel (same `code` og `source`) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist, med datoen sin.
- [x] Varsla blir lista med dei kritiske først, og deretter nyaste først. Framsida viser alle varsla frå endepunktet.
- [x] Produktnamnet «Helsesjekk» og databasefilnamnet `data/helsesjekk.sqlite3` er behaldne og dokumenterte som bevisste unntak frå engelskregelen i `README.md`.
- [ ] Framtidig, ikkje no: varsel om at oppsettet kan oppgraderast når alle nøklar og all programvare svarar `YES` på anten BIP327 eller SLIP39. Krev at appen ser på tvers av alle registreringar.
- [ ] Framtidig, ikkje no: ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på.
---
# 22. Avgjerd (implementert og verifisert): utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt
Vedteken etter §21. Endra §4 (reglane for `key_checks`), §6 (steg 1, 5, 6 og 7), §7, §11 og §12.
**Bakgrunn:** fram til no kravde skjemaet `Wallet software` og alle `Security status`-felta, og serveren kravde `wallet_software`, `tool_checks` og `ai_security_checks`. Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, finst det ingenting å registrere, så innsendinga vart blokkert utan grunn. Ei innsending som berre seier at nøkkelen mangla, er eit fullgodt resultat og skal gi varselet `key_unavailable`.
## Availability blir obligatorisk
- [x] `Availability` har berre verdiane Ja og Nei. «Not assessed» er ikkje eit alternativ.
- [x] Serveren krev `available` og avviser ein POST utan det med `400`.
## Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg
- [x] `Software compatibility`, `BIP327 and SLIP39 support` og `Security status` er skjulte i skjemaet og blir ikkje kravde.
- [x] Innsendinga treng berre `Availability`, nøkkelnotat, kontaktstadfesting og overordna kommentar.
- [x] `wallet_software`, `tool_checks` og `ai_security_checks` er tomme. Er dei ikkje tomme, avviser serveren med `400` — data blir ikkje kasta i det stille.
- [x] `software_compatibility_status` kan utelatast og blir då lagra som `NOT_ASSESSED`.
- [x] Det blir ikkje lagra `tool_checks`- eller `ai_security_checks`-rader, og `wallet_software` er `NULL`.
- [x] Nøkkel 3 held fram med å lagre dei utleidde cloud-verdiane sine (§20) og gir det samanslåtte kritiske varselet (§7).
## Uendra
- [x] Varselet er framleis `key_unavailable`; det er sjølve poenget med innsendinga.
- [x] Databasen kravde ingen kolonneendring, og skjemaet held fram som versjon 6.
- [x] Historikk og CSV viser tomt for dei felta som ikkje er registrerte.
- [x] Når nøkkelen er tilgjengeleg, er krava uendra.
- [x] Kontaktstadfesting og overordna kommentar er framleis valfrie felt.
**Merknad:** ein `required`-kontroll inne i ein skjult container blir framleis validert av nettlesaren, så dei tre delane teiknar eit tomt-notat i staden for påkravde felt når nøkkelen er utilgjengeleg. Elles ville skjemaet sett rett ut, men ikkje kunne lagrast.