25 KiB
TODO — Helsesjekk for StartOS 0.4.0
Mål
Bygg ein enkel lokal web-app som køyrer som ein StartOS 0.4.0-service.
Appen skal hjelpe éin brukar å gjennomføre og dokumentere ein årleg health check av eit 2-av-3 multisig-oppsett med tre nøklar (namn og type blir konfigurerte ved første oppstart, §23.2):
- Nøkkel 1: SeedSigner
- Nøkkel 2: Blockstream Jade
- Nøkkel 3: sky-nøkkel hos Nunchuk
Appen skal berre registrere resultat og historikk. Han skal ikkje signere Bitcoin-transaksjonar, handtere private nøklar eller utføre wallet-operasjonar.
Denne TODO.md er det einaste kravgrunnlaget du treng for MVP.
Om dokumentet: §1–§18 er kravspecen og gjeld som han står. §19–§22 er eit kort vedlegg med dei fire avgjerdene som vart tekne undervegs, alle innarbeidde i §1–§18. §23 (konfigurerbart nøkkeloppsett) og §24 (obligatoriske val, fjerning av BIP327/SLIP39, ny skjemastruktur og skjemaversjon 9) er implementerte og verifiserte. §18 steg 9–12 står att. Den fulle grunngjevinga for kvar avgjerd ligg i git-historikken.
Språkkrav
- Brukargrensesnittet, app-tekst, kjeldekode, variabel- og funksjonsnamn, kommentarar og teknisk dokumentasjon skal vere på engelsk.
TODO.mdkan vere på norsk; dette er det einaste unntaket.
1. Scope for første versjon
Dette skal vere med
- Ein enkel web-app med dashboard.
- Registrering av dei tre nøklane.
- Registrering av årleg health check.
- Kontroll av alle punkta i den årlege sjekklista.
- Varsel når eit kontrollpunkt krev oppfølging.
- Historikk over gjennomførte health checks.
- Automatisk forslag til neste sjekk, ca. eitt år fram i tid.
- Rapporteksport i CSV-format.
- Lokal SQLite-database.
- Persistent lagring på StartOS.
- StartOS health check.
- StartOS backup og restore.
Dette skal ikkje vere med i første versjon
- Ingen AI-integrasjon i appen.
- Ingen Bitcoin-node-integrasjon.
- Ingen Bitcoin-signering.
- Ingen PSBT-generering eller signering.
- Ingen seed phrase-lagring.
- Ingen private key-lagring.
- Ingen cloud sync av appdata.
- Ingen ekstern database.
- Ingen PWA/offline-database.
- Ingen kalenderintegrasjon.
- Ingen avansert analyse eller grafar.
- Ingen støtte for fleire multisig-oppsett i MVP.
Merk: denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.
2. Viktige reglar for appen
- Appen skal aldri spørje etter seed phrase, private keys, PIN, passord eller wallet-hemmelegheiter.
- Appen skal aldri lagre slike hemmelegheiter, og ikkje lagre kontaktinnhald.
- Kontaktinformasjon til nøkkelhaldarar skal ikkje lagrast; berre om kontaktinfo er verifisert.
- Appen skal ikkje late som han sjølv har utført ein hardware-test. Brukaren registrerer resultatet av testen.
- Appen skal vere lokal og enkel.
- Dersom noko ikkje er nødvendig for den årlege health check-en, skal det ikkje byggjast i MVP.
3. Nøkkeloppsettet appen er bygd for
Appen er bygd for eitt 2-av-3 multisig-oppsett. Tabellen under viser standardoppsettet:
| Nøkkel | Type | Einheit |
|---|---|---|
| 1 | Hardware | SeedSigner |
| 2 | Hardware | Blockstream Jade |
| 3 | Cloud | Nunchuk |
- Vis 2-av-3 som oppsettet i dashboardet.
- Ha tre nøkkelprofilar, éin for kvar nøkkel.
- Ikkje bygg generell støtte for mange oppsett enno.
- La brukaren gi nøklane lesbare namn dersom ønskjeleg. (Avgjort: ja, via §23.2 — brukaren gir namn og type ved første oppstart, og dei er låste etterpå.)
Merk: §23.2 erstattar det faste oppsettet i denne seksjonen: kvar nøkkel blir konfigurert ved første oppstart, og namnet brukaren skriv, blir produktnamnet. Tabellen over viser standardoppsettet appen vart bygd for.
4. Datamodell
SQLite med så få tabellar som mogleg. Kvar tabell har éi rad per kolonne her; kolonnar merkte * er legacy-kolonnar som berre finst for gamle rader og aldri blir skrivne på nytt.
keys — dei tre nøkkelplassane.
id, key_number (1–3), name, type (hardware/cloud), created_at.
health_checks — éi rad per innsending, som gjeld éin vald nøkkel (§19).
id, checked_at, next_check_due, wallet_software, software_version, software_compatibility_status, sparrow_version*, nunchuk_version*, software_comments, contact_info_verified, comments.
key_checks — eitt record for den valde nøkkelen i kvar innsending.
id, health_check_id, key_id, available, hardware_works, firmware_version, seed_backup_verified, cloud_health_status, cloud_provider_operational, address_path_verified, address_path, comments.
ai_security_checks — KI-sikkerheitsstatus per leverandør.
id, health_check_id, provider, status, comments.
Reglar:
hardware_works,firmware_versionogseed_backup_verifieder berre relevante for hardware-nøklar.cloud_health_statusogcloud_provider_operationaler berre relevante for cloud-nøklar, og blir ikkje spurt om (§20).seed_backup_verifiedogaddress_path_verifiedhar berre verdianeOKellerPROBLEM, og er obligatoriske nåravailableer Ja.address_pathlagrar den verifiserte adressestien.- Når
availableer Nei, blir dei andre nøkkelfelta tømde, medan nøkkelnotatet blir behalde. For ein cloud-nøkkel blir dei to cloud-felta likevel lagra, utleidde (§20). seed_backup_status,address_verifiedogderivation_heighter fjerna (§19).- Når
availableer Nei, blirwallet_softwareogai_security_checksikkje registrerte i det heile (§22). nameogtypeikeysblir lagra éin gong ved første oppstart og er låste etterpå (§23.2).providerlagrar det konfigurerte nøkkelnamnet og den valde programvara, ikkje faste produktnamn (§23.3).wallet_softwareogcontact_info_verifieder fri tekst; dei faste listene er fjerna (§23.1, §23.3).device-kolonnen er fjerna; det konfigurerte namnet er den einaste produktetikketten (§23.2).hardware_workser obligatorisk (0eller1) for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel (§24.1).contact_info_verifieder obligatorisk og har ingen «not assessed»-verdi (§24.1).tool_checks-tabellen er fjerna (§24.2, §24.4).
5. Statusverdiar
- Generelle kontrollar brukar
OKellerPROBLEM.NOT_ASSESSEDfinst berre som den utleidde verdien forsoftware_compatibility_statusnår nøkkelen er utilgjengeleg, og ingen andre felt tilbyr eller godtar han (§24.1). seed_backup_verifiedogaddress_path_verifiedbrukar berreOKellerPROBLEM.- KI-sikkerheitsstatus brukar nøyaktig
SECURE,PATCHED,VULNERABLEogCOMPROMISED. Ingen andre. - Same statuslogikk i database, validering, varsel, CSV-eksport og UI.
- Ikkje bland saman «ikkje vurdert» og eit faktisk negativt resultat.
- Kontaktstadfesting brukar
Confirmed currentellerNeeds external updatei staden for Ja/Nei (§23.1). Software compatibilitykrev eit aktivt val (OK/PROBLEM) for ein hardware-nøkkel (§23.1).Hardware workskrev eit aktivt val (Yes/No) for ein tilgjengeleg hardware-nøkkel (§24.1).- Kontaktstadfesting er obligatorisk og har ingen «not assessed»-verdi (§24.1).
- BIP327- og SLIP39-statusane er fjerna saman med funksjonen sin (§24.2).
6. Årleg health check — steg for steg
Stega følgjer seksjonane i skjemaet.
Steg 1 — Schedule (01 / Schedule)
- Brukaren trykkjer
Start årleg health check. - Dagens dato blir føreslått automatisk.
- Neste sjekkdato blir rekna ut på serveren som eitt kalenderår etter sjekkdatoen, og kan ikkje redigerast i skjemaet.
Steg 2 — Key (02 / Key)
- Brukaren vel kva nøkkel innsendinga gjeld (§19). Ei innsending gjeld éin nøkkel.
Availabilityer obligatorisk: Ja eller Nei (§22).
Hardware-nøkkel
- Tilgjengeleg / ikkje tilgjengeleg.
Hardware workser obligatorisk: Ja eller Nei (§24.1).- Registrer firmware-versjon.
- Seed-backup intakt og stemmer med hardware →
seed_backup_verified(OK/PROBLEM). - Verifiser adresse, derivasjonshøgd og adresse-sti →
address_path_verified(OK/PROBLEM) ogaddress_path. - Kommentar ved behov.
- Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir resten skjult og ikkje kravd (§22).
Cloud-nøkkel
- Berre
Availabilityblir spurt om. Cloud-helse og «leverandøren er i drift» blir utleidde frå han (§20). - Verifiser relevant adresse/oppsett →
address_path_verified(OK/PROBLEM) ogaddress_path. - Kommentar ved behov.
Steg 3 — Compatibility (03 / Compatibility)
- Brukaren vel éi wallet-programvare:
Sparrow Walleteller namnet på ein konfigurert cloud-nøkkel. Ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn (§23.3). - Registrer versjonen til den valde programvara i
software_version. - Registrer
OKellerPROBLEM, med kommentar ved problem. - For ein cloud-nøkkel er feltet skjult og utleidd (§20).
- Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, er feltet skjult og valfritt (§22).
Steg 4 — External research (04 / External research)
- Leverandørar per innsending: den valde nøkkelen (ved namn) og den valde programvara (§23.3).
- Registrer status (
SECURE/PATCHED/VULNERABLE/COMPROMISED) og ein kort kommentar. - Berre den valde nøkkelen og den valde programvara blir registrerte; vidareføringa av ein tredje leverandør (§20) er fjerna (§23.3).
- Når nøkkelen ikkje er tilgjengeleg, blir ingen statusar registrerte (§22).
- Appen kontaktar ikkje KI sjølv i MVP.
Steg 5 — Contact confirmation (05 / Contact confirmation)
- Stadfest at kontaktinformasjonen til nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen er gyldig, og lagre berre statusen (§23.1).
- Stadfestinga er obligatorisk:
Confirmed currentellerNeeds external update(§24.1). Ho blir spurt om også når nøkkelen er utilgjengeleg. - Ikkje lagre namn, telefonnummer, e-post eller anna kontaktinnhald.
Steg 6 — Notes (06 / Notes)
- Eitt overordna kommentarfelt for observasjonar, og eigne kommentarar per nøkkel der det trengst.
Oppsummering før lagring (Review-panelet)
- Før lagring viser appen alle kontrollpunkt, alle problem, alle manglande kontrollar, neste sjekkdato, handlingar som bør følgjast opp, og utleidde verdiar merkte som nettopp det (§20).
- Brukaren må trykkje
Lagre health checkfor å lagre kontrollen.
7. Varsel og oppfølging
- Nøkkel ikkje tilgjengeleg → kritisk varsel om at nøkkelen må bytast ut før ein går vidare, og at resten av nøkkelfelta ikkje kan registrerast. For ein cloud-nøkkel eitt samanslått varsel som òg nemner at leverandøren er registrert som nede (§20).
- Hardware fungerer ikkje → seed-backupen bør testast på annan kompatibel hardware.
- Seed-backup manglar eller er øydelagd → PROTOKOLL 3: Nøkkeltap skal aktiverast. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
- Cloud-helse
PROBLEMeller leverandøren ute av drift → leverandørstatusen bør kontrollerast før ein går vidare. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg. - Adresseverifisering feilar → adressa bør kontrollerast mot BSMS og testast på nytt. Skal ikkje utløysast når nøkkelen er utilgjengeleg.
- Programvare støttar ikkje lenger hardware → alternativ programvare eller løysing bør vurderast.
- KI-status
VULNERABLE→ firmware- eller sikkerheitsproblemet må følgjast opp. - KI-status
COMPROMISED→ nøkkeltapsprosedyren må følgjast. - Kontaktinfo ikkje stadfesta → kontaktinformasjonen må oppdaterast i den eksterne dokumentasjonen.
- Kritiske varsel blir lista før informative. Like varsel (same
codeogsource) blir slegne saman, og berre den nyaste blir vist (§21). - Appen utfører aldri desse tiltaka sjølv.
8. Dashboard
- Vis 2-av-3-oppsettet og status for kvar av dei tre nøklane.
- Vis siste sjekk og neste forfall per nøkkel — kvar nøkkel har sitt eige intervall (§19).
- Oversiktskort «Next check» (tidlegaste forfall, med kva nøkkel det gjeld) og «Attention» (kor mange nøklar som har passert fristen). Om ein dato er passert blir avgjort i nettlesaren.
- Vis alle aktive varsel, med kva registrering kvart varsel kjem frå (§21).
- Knapp
Start årleg health check, lenkeHistorikkog lenkeDownload CSV. - Vis oppsettsteget i staden for dashboardet når nøkkeloppsettet manglar (§23.2).
9. Historikk
- Vis alle gjennomførte health checks kronologisk, nyaste først, med kva nøkkel kvar innsending gjeld (§19).
- Opne ein health check i read-only-visning med dato, neste sjekk, status per nøkkel, programvare og versjon, KI-status og kommentarar.
- Gamle health checks blir aldri overskrivne.
10. Rapporteksport
GET /api/exportgjev rein CSV (UTF-8, komma, CRLF, header). Ingen XLSX, og appen lovar ikkje Excel-kompatibilitet.- Éi rad per nøkkelsjekk. Kolonnen
Check idknyter saman rader frå same innsending. - Inneheld dato, neste sjekk, nøkkelstatus, hardware/firmware, seed/cloud-resultat, adresse-sti, programvare og kompatibilitet, KI-status, kontaktstadfesting og kommentarar.
- Resultat med meir enn éin verdi per innsending ligg i éi celle som
SeedSigner: VULNERABLE; Sparrow Wallet: SECURE. - Statusverdiane blir skrivne slik dei er lagra (§21).
- Nøkkelnamnet og nøkkeltypen kjem frå oppsettet (§23.3).
11. Backend
- SQLite med initialisering og migrering. Skjemaet er no versjon 9 (§21, §23.1, §23.4, §24.4).
- Lagring av nøklar, health checks, historikk og rapporteksport.
- Varsellogikken (§7).
- Health endpoint.
Minimumsendepunkt:
GET /healthGET /api/keysGET /api/health-checksGET /api/health-checks/:idPOST /api/health-checksGET /api/export
Merk: GET /api/setup, POST /api/setup, GET /api/key-status, GET /api/previous-values og GET /api/alerts er ekstra endepunkt utanom minimumslista, fordi oppsettsteget, dashboardet og skjemaet treng dei. Dei står ikkje i spesifikasjonen enno.
POST /api/health-checkskrev éin konfigurert nøkkel,availableog gyldige, relevante resultat, og avviser manglande eller dupliserte registreringar (§22).POST /api/health-checkskrev ikkje programvare eller KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).POST /api/setuplagrar nøkkeloppsettet éin gong, krev unike og ikkje-tømme namn, og avviser eit nytt oppsett med409(§23.2).
12. Frontend
- Enkel responsiv web-UI. Enkelheit går framfor grafisk kompleksitet.
- Tydlege statusfelt, og faste val der statusen skal vere ein avgrensa verdi.
- Vis problem tydeleg.
- Vis kva som står att før ein health check kan lagrast.
- Skjul felt som ikkje gjeld for vald nøkkel eller vald programvare (§20, §21).
- Skjul programvare og KI-status når nøkkelen er utilgjengeleg (§22).
- Eige oppsettsteg for namn og type ved første oppstart (§23.2).
- Bygg
Wallet software-vala frå oppsettet i staden for ei fast liste (§23.3). - Følg den nye seksjonsrekkjefølgja: 01 Schedule, 02 Key, 03 Compatibility, 04 External research, 05 Contact confirmation, 06 Notes (§24.3).
- Sørg for at appen fungerer godt i vanleg StartOS-browser.
13. StartOS 0.4.0
Bygg appen som éin enkel StartOS-service.
StartOS 0.4.0
└── Helsesjekk
├── Web UI
├── Backend/API
├── SQLite
└── Persistent data
- Opprett StartOS package.
- Opprett manifest.
- Opprett service-definisjon.
- Opprett HTTP web-interface.
- Opprett persistent volume.
- Opprett health check.
- Opprett backup-oppsett.
- Opprett installasjons-/brukarinstruksjonar.
- Bygg
.s9pk. - Verifiser at pakken kan installerast på StartOS 0.4.0.
Unngå:
- Ingen Postgres.
- Ingen Redis.
- Ingen ekstern backend.
- Ingen ekstern cloud-service for appdata.
- Ingen ekstra container utan konkret behov.
Merk: denne lista er eit varig forbod, ikke ei oppgåveliste. Punkta blir difor ikkje kryssa av, men skal stadfestast på nytt før release.
14. Lagring og backup
- SQLite-database skal liggje på persistent volum.
- Appdata skal overleve restart.
- Konfigurer StartOS backup av persistent data.
- Test backup.
- Test restore.
- Verifiser at gamle health checks finst etter restore.
15. Sikkerheit og personvern
- Ingen seed phrase, private keys, wallet-passord eller sky-tokens i databasen.
- Ingen unødvendige personopplysningar. Kontaktinfo blir berre registrert som status (
Confirmed current/Needs external update). - Valider input på serveren.
- Bruk parameteriserte SQL-spørringar.
- Ikkje implementer eigen kryptografi.
- Ikkje send data til eksterne tenester i MVP.
16. Testing
Funksjonstest
- Opprett dei tre nøklane.
- Start health check.
- Fullfør alle kontrollpunkt.
- Lagre health check.
- Vis han i historikken.
- Start ny health check.
- Verifiser at gammal kontroll framleis finst.
Problemtest
- Test nøkkel utilgjengeleg.
- Test hardware-feil.
- Test seed-backup-feil.
- Test adresseverifiseringsfeil.
- Test programvare-inkompatibilitet.
- Test at
Hardware workskrev eit val. - Test at kontaktstadfesting krev eit val.
- Test KI-status
VULNERABLE. - Test KI-status
COMPROMISED. - Test kontaktinfo
Needs external update.
StartOS-test
- Installer
.s9pkpå StartOS 0.4.0. - Start service.
- Opne web UI.
- Utfør ein komplett test-check.
- Restart service.
- Verifiser at data framleis finst.
- Ta backup.
- Restore backup.
- Verifiser data etter restore.
17. Ferdigkriterium for første release
Før første release skal alle desse vere oppfylte:
- Appen køyrer på StartOS 0.4.0.
- Dei tre nøklane er representerte i appen.
- Ein komplett årleg health check kan gjennomførast i nettlesaren.
- Alle årlege kontrollpunkt kan registrerast.
- KI-status kan registrerast som SECURE, PATCHED, VULNERABLE eller COMPROMISED.
- Kontaktinfo kan verifiserast utan å lagre kontaktinformasjonen.
- Problem gir tydelege varsel.
- Neste sjekk blir lagra.
- Historikk fungerer.
- CSV-rapport kan eksporterast.
- Data overlever restart.
- Backup og restore fungerer.
- Ingen wallet-hemmelegheiter blir lagra.
18. Arbeidsrekkefølgje for AI-programmeraren
Utfør oppgåvene i denne rekkjefølgja og ikkje hopp fram til avanserte funksjonar:
- 1. Opprett grunnleggande web-app.
- 2. Opprett SQLite og datamodellen.
- 3. Implementer dei tre nøklane.
- 4. Implementer health check-skjemaet.
- 5. Implementer lagring og historikk.
- 6. Implementer varsellogikken.
- 7. Implementer dashboard.
- 8. Implementer rapporteksport.
- 9. Implementer StartOS package.
- 10. Implementer persistent storage og backup.
- 11. Test restart og restore.
- 12. Bygg endeleg
.s9pkog gjer første release.
Merk: steg 4, 5 og 6 vart først fullførte før §19 vart vedteken, og gjorde på nytt etterpå. Steg 4 og 6 vart kryssa av då §22 var verifisert.
Merk: §23 og §24 er implementerte og verifiserte. Steg 9–12 er ikkje starta.
Testar: 178 grøne testar. Køyr python3 -m unittest discover -s tests.
Hovudregel: Bygg den minste løysinga som oppfyller lista over. Ikkje legg til nye funksjonar, tenester eller arkitektur utan at dei er nødvendige for punkta i denne TODO-lista.
19–22. Vedtekne avgjerder (implementerte og verifiserte)
Desse fire vart tekne undervegs og er no innarbeidde i §1–§18. Kvar referanse i §1–§18 peikar på avsnittet nedanfor. Den fulle grunngjevinga ligg i git-historikken. §23 og §24 endra enkelte av detaljane etterpå; det står i så fall i parentes.
§19 — registrering per nøkkel. Ei innsending gjeld éin vald nøkkel, ikkje alle tre. Brukaren vel éi wallet-programvare med eitt versjonsfelt. seed_backup_status, address_verified og derivation_height er fjerna. Migreringa er bakoverkompatibel, og eldre historikk blir framleis vist. (§23.3 endra vala: Sparrow Wallet pluss namnet på kvar cloud-nøkkel, og ein cloud-nøkkel er låst til sitt eige namn.)
§20 — skjulte felt som blir utleidde. Ein cloud-nøkkel samlar berre Availability; cloud-helse, «leverandøren er i drift» og kompatibilitet blir utleidde. Førre lagra verdi blir fylt inn i feltet. Alt utleidd blir lista i Review-oppsummeringa, merkt som nettopp det. (§23.1 gjorde den førre verdien til ein vanleg input-verdi i staden for ein placeholder, og §23.3 fjerna vidareføringa av ein tredje leverandør.)
§21 — engelske statusverdiar, adressesti og alle varsel. IKKJE_VURDERT → NOT_ASSESSED. Skjema versjon 6 (no versjon 9, §23.4 og §24.4): kvar råka tabell blir bygd opp att med PRAGMA foreign_keys = OFF og PRAGMA foreign_key_check før commit. Address path blir berre vist og lagra når verifiseringa er OK. GET /api/alerts summerer alle lagra kontrollar, med check_id og checked_at, slår saman like varsel og listar kritiske først. «Helsesjekk» og data/helsesjekk.sqlite3 er dokumenterte unntak frå engelskregelen.
§22 — utilgjengeleg nøkkel gjer resten valfritt. Availability er obligatorisk med berre Ja/Nei. Når han er Nei, blir programvare og KI-status skjulte og ikkje kravde, og dei må vere tomme i POST — elles svarar serveren 400. Det blir ikkje lagra nokon slike rader, wallet_software er NULL, og software_compatibility_status blir NOT_ASSESSED. Ein cloud-nøkkel held fram med dei utleidde cloud-verdiane sine og gir det samanslåtte varselet. Databasen kravde inga endring.
Framtidig arbeid, ikke no
- Ein måte å lukke eller kvittere ut varsel på.
23. Konfigurerbart nøkkeloppsett (implementert og verifisert)
Avtalt 02.10.2026, implementert og verifisert før steg 9–12 i §18. Reglane står i §3–§6; dette er berre eit kort samandrag, så fila er lett å lese.
- Kvar nøkkel blir konfigurert éin gong ved første oppstart: namn og type (
hardware/cloud), låste etterpå. Namna må vere unike. - Namnet brukaren skriv er produktetiketten overalt: skjema, varsel, historikk og CSV-eksport. Nøkkelnummeret blir vist saman med namnet der det trengst, t.d.
Key 1: ColdCard. - Nøkkeltypen styrer kontrollane, aldri nøkkelnummeret. Ein cloud-nøkkel følgjer Nunchuk-modellen med det konfigurerte namnet.
Wallet software-vala erSparrow Walletpluss namnet på kvar konfigurert cloud-nøkkel. Namn på hardware-nøklar er aldri eit software-val.- Oppsettet blir lagra i SQLite saman med historikken. Nye databasar får eit oppsettsteg; eksisterande databasar blir migrerte frå nøkkelradene sine. Ei uleseleg database gir ein feil og blir ikkje behandla som ny.
- Skjemafiksar:
Firmware version,Address pathogSoftware versionblir fylte med førre lagra verdi som ein vanleg input-verdi;Software compatibilitykrev eit aktivt val; kontaktspørsmålet gjeld berre nøkkelhaldaren til den valde nøkkelen, med verdianeConfirmed current/Needs external update. - Skjemaversjon 8 då §23 vart ferdig (§24.4 tok han til 9), og 178 grøne testar. Nye endepunkt:
GET /api/setupogPOST /api/setup. - Verifisert med testsuiten. Nettlesarflytane og migreringa av ein verkeleg eldre database står att som manuelle testar i §16.
Framtidig arbeid, ikke no
- Fleire enn tre nøklar, og andre tersklar enn 2-av-3.
- Ei brukardefinert liste over wallet-programvare, slik at brukaren kan leggje inn si eiga liste.
24. Avtalt arbeid før StartOS-pakken (implementert og verifisert)
Avtalt 03.10.2026, implementert og verifisert før steg 9–12 i §18. Der §24 seier noko anna enn §3–§12, gjeld §24. 24.2 og 24.4 vart gjorde i same runde, slik at skjemaversjonen gjekk til 9 med ein gong.
§24.1 — obligatoriske val. Hardware works og kontaktstadfestinga er obligatoriske val med Select status som første, ugyldige alternativ. Kravet for Hardware works fell bort når nøkkelen er utilgjengeleg; kontaktstadfestinga blir spurt om uansett. Serveren avviser manglande verdi med 400. NOT_ASSESSED finst berre som den utleidde software_compatibility_status for ein utilgjengeleg nøkkel. Databasen kravde inga endring.
§24.2 — BIP327/SLIP39 er fjerna. Skjema, validering, varsel, historikk, CSV-kolonnar og tool_checks-tabellen med dataa sine er borte. Appen kan ikkje lenger registrere, vise eller eksportere slike resultat. Grunngjeving: appen skal haldast enkel og ryddig.
§24.3 — skjemastruktur. Rekkjefølgja er 01 Schedule, 02 Key, 03 Compatibility, 04 External research, 05 Contact confirmation, 06 Notes. 04 / Standards er borte, og seksjonane etter er omnummererte.
§24.4 — datamodell og migrering. Skjemaversjon 9. Migreringa droppar tool_checks med PRAGMA foreign_keys = OFF og PRAGMA foreign_key_check før commit. tool_checks er ei barnetabell, så droppet krev inga omskriving av health_checks, og alle andre tabellar er uendra.
§24.5 — testar og dokumentasjon. Testane for BIP327/SLIP39 er fjerna, testar for dei obligatoriske vala (både i skjemaet og på serveren) og for migrering av ein database med tool_checks til versjon 9 er lagde til, og README.md er oppdatert. 178 grøne testar.